Igjen ein dag med feltarbeid, og denne gongen hadde Veronica skaffa oss ein plass for intervjuet på eit av universitetsinstitutta som ligg rundt om i byen. Eg har jo på ein måte lært meg til at Buenos Aires er overmåte stor og at ein derfor ikkje kjem så langt med apostelhesten, men denne gongen kunne vi faktisk gå, og av og til er det nok raskare å bevege seg til fots enn å stresse med å finne rutetabellar eller praie ein taxi.
Vel framme vart vi møtt av ein sekretær i døra (merk at alle seriøse akademiske institusjonar bør ha ein sekretær eller to på instituttnivå!) Og her hadde dei rigga opp eit rom for oss, og kaffien stod også og venta. Og når vi hadde teke med oss alfajores på vegen, så burde dette verte ein suksess. Og det vart det, faktisk, sjølv om eg tvilar på at det eigentleg er kaffi og kjeks som gjorde det. Det var vel heller informanten vår, som tydelegvis likar å snakke norsk og som også er ei aktiv dame. Ho er med i eit songkor, og no skal dei på ein liten turne. Eg trur kanskje ikkje at det var det tonale finarbeidet i tenorrekka ho såg mest fram til, men heller det å vere fleire i lag – og ikkje minst å vere på tur. Så vi hadde ei triveleg stund i lag, og etter at denne seansen var over, var det tid for litt lunsj på restaurant før vi reiste heim.
Heimturen vart litt kronglut, vi skulle ta bussen, men det er veldig mange demonstrasjonar rundt om i byen, og slike opptog i eit alt litt kaotisk trafikkbilete er oppskrifta til lange køar. Vi vart ståande og ståande, og til slutt fann vi ut at det beste nok var å gå. Eg veit ikkje om det eigentleg var raskare å gå enn å ta buss, men det kjendest i alle fall slik. Resten av dagen gjekk med til litt kontorarbeid av ymse slag, og vi runda som vanleg av dagen med middag på restaurant.
Og slik går nu dagan i storbyen….