Torsdag 24. november 2022: Buenos Aires

For meg vart denne torsdagen ein litt ugrei dag i den forstand at eg ikkje fekk gjort det eg hadde tenkt å gjer; men samstundes så er det av og til slik når ein driv storskala feltarbeid. Vi hadde to avtalar i dag, samstundes så hadde eg eit nettmøte som eg burde vere med på. Og denne gongen fekk feltarbeidet vere, ikkje minst sidan det kan vere litt i meste laget når fem forskarar står på døra og vil hente ut språkdata av ein stakkar – du skal vere nokså sindig om ikkje dette blir opplevd som litt i overkant overveldande. Så derfor var det ikkje noko problem at eg vart i ro på hotellet. Eg arbeidde elles vidare med ein artikkel, og denne bør bli ferdig no. Derfor tok eg også feltarbeidspermisjon i ettermiddagsøkta berre for å bli ferdig. Og no trur eg at denne nesten er i mål.

Utpå kveldinga hadde eg avtale med dei gamle kjenningane mine om å gå på jazzkonsert, det er jazzfestival her i byen no, og det ville eg gjerne få med meg litt av. Eg tek til å bli svært så trygg i kollektivtrafikken her, og eg tok meg heilt utan problem fram til konsertlokalet. Dette hadde visst ein gong vore ein garasje som så hadde vorte fjonga opp med både scene og servering rundt småbord. Og konserten var også bra, sjølv om dette ikkje var musikk ein utan vidare går og nynnar til på heimvegen. Men det var moro, og sidan artistane skulle spele to sett, og vi hadde billettar til det første, vart det ein heller tidleg kveld. Men det kan også vere fornuftig å avslutte litt i rimeleg tid.

Og slik går nu dagan her i urbane strøk…..

 

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.