Endeleg feltarbeid igjen: etter ein roleg morgon reiste vi i eitt-tida ut til verkstaden til norskargentinske John, eller Juan, som han jo heiter her. Dette er ein av dei som høyrer til den «yngre» innvandringsbølgja sidan han kom rett etter krigen. Eller bølgje og bølgje, det var vel meir som litt krusning å rekne. John (og kanskje særleg far hans) har eigentleg gjort det veldig bra her, trur eg. Han driv eit selskap som lagar pakningar til oljeindustrien, og dette er ei nisje som sikker kan vere lønsam for den som er kreativ og har tiltakslyst – og det har jo Juan. Her testa vi på ny ut feltarbeid-suksessen frå Oberá: vandrande feltarbeid, og medan vi gjekk rundt i verkstaden og såg på verkty og maskiner, kunne Juan fortelje om prosessane her. Eg trur det fungerte ganske bra. Deretter hadde vi ei økt med elisitering før verten meinte det var på tide med litt mat – og dette er sjølvsagt ein kar som har stamrestaurant og veit kva han vil. Vi var der i fjor også, og plassen og maten har ikkje vorte dårlegare, vi hadde verkeleg ei veldig fin stund med god mat og drykk – på same måten som det må vere vanskeleg å drive feltarbeid utan å drikke kaffi i Minnesota, er det nok utfordrande å drive med slikt arbeid her i Argentina utan å ha litt sans for vin.
Etter at vi kom heim, brukte Kari og eg litt tid på å skissere ein kort artikkel som vi helst skal ha klar medan vi er her. Eg trur ikkje vi treng så veldig mykje tid på å snikre saman dette, det er meir eit spørsmål om å finne tid.
Og slik går nu dagan her i dette merkelege landet (der sola står i nord)….