Fridagar, eller rettare dagar utan feltarbeid. Og etter å ha vore på vegen non-stop i tre veker, er det veldig godt med eit lite avbrekk. For det går relativt greitt når ein er i feltarbeidsmodus, da er det liksom det vi driv med og som har alt fokus. Og det er frykteleg moro og interessant – og ein opplever og ser mykje som vanlege turistar aldri får oppleve, eigentleg på godt og vondt. Men samtidig blir eg litt sliten av alle inntrykka. Så altså desse to dagane var det fri – og dermed tid til å arbeide med andre «jobb-ting» som ein må prøve å få unna og som vanskeleg kan ligge til eg er tilbake.
Måndagen regna det litt, men trass i dette var vi no på morgonen i turistmodus og det var derfor om å gjere å oppleve litt også. I fjor da vi var her, så var den berømte gravplassen i Recoleta stengd på grunn av pandemien, men no hadde vi altså sjansen. Og her er det opplagt at det er ein fordel å vere argentinar sidan det er her mange av dei mest kjende frå dette landet har funne ein siste kvilestad, men som ignorant europear, så kjenner eg ikkje til så veldig mange argentinske høvdingar. Likevel var det interessant å gå der, sjølv om eg nok vil tru at mange her neppe hadde som mål å bli turistattraksjon da dei drog det siste sukket og blei plassert i ei halvopen krypt her. Dette er liksom ein liten pueblo for daude, der det er sett opp små hus eller bygg der kistene står. Nokre har sett fram kistene i vindauget slik at dei er lette å sjå, og der er det gjerne det svenskane vil kalle ordning och redo. Andre av desse små bygga er i sterkt forfall, der rutene er knust eller golvet er borte slik at ein ser ned i underetasjen der kistene er stabla oppå kvarandre likt eskene i ein skobutikk. Nokre av kistene som står framme er i nokså dårleg stand og prega av råte og forfall. Det var som sagt kanskje ikkje slik dei hadde sett det for seg da dei søkte seg inn her.
Deretter var det lunsjtid, og sidan Ida reiser i dag, skulle vi ha eit «siste måltid» på det som i fjor var stamrestauranten vår eit par kvartal oppe i gata. Og det var jo veldig godt å kunne sitte slik i ro og mak, sjølv om eg ikkje klarer å bygge opp enorm matlyst når klokka berre er 12. Heime klarer eg meg fint med ein kaffiskvett og ei halvtørr brødskive med brunost på, men her er slike enkle matvaner vanskelege å vidareføre.
Ettermiddagen gjekk med til litt småtjon i sjangeren kontorarbeid, og i sjutida reiste eg inn til Palermo, der eg har kjentfolk. For 35 år sidan var eg nabo med ei jente frå Argentina, og vi har klart å halde kontakt fram til no. I fjor kunne vi møtast igjen etter alle desse åra, og no i år er det jo nesten som ein berre har vore ute ein liten tur. Uansett, det var veldig triveleg å møtast og dele minne og oppdatere kvarandre. Kort sagt så var dette ein kveld på Memory Lane…
Tysdagen var heller ikkje ein dag full av dramatikk, i alle fall om ein ikkje er oppteken av fotball generelt, og argentinsk fotball spesielt. For i dag klokka sju spelte desse staute pampas-karane mot ørken-gutar frå Saudi-Arabia. Og dette burde absolutt vere grei skuring for ei fotballstormakt som Argentina og grunnlag for å leite fram kuleramma. Men så er det no ein gong slik at ballen er rundt og alt kan eigentleg skje. Det gjorde det også her, arabarane vann sensasjonelt over Messi og co. Og stemninga i byen om formiddagen var veldig tydeleg merka av dette. Det var sorgtunge auge å sjå nesten uansett kor ein snudde seg. Sjølv dei som satt på uterestaurantane og klamra seg fast til eit ølglas så frykteleg melankolske ut.
Elles var dette mest ein dag for å ta det litt med ro og også gjere ulike småoppgåver. Vi var ute til lunsj saman, og ut på kveldinga tok vi bussen inn mot Palermo der det skulle vere ein makalaus restaurant som vi måtte teste ut. Og maten var god den, og vi hadde ein veldig fin kveld.
Og slik går nu dagan her i sørlege urbane strøk…