Dette er altså siste dagen her i Oberá for denne gongen, og som det kanskje har gått fram, så har vi hatt det veldig fint her. I dag har vi berre ein avtale, deretter har vi nokre timar til å gjere ingenting før flyet gjekk i kveldinga. Eg kom meg opp litt før åtte for å få meg frukost, deretter var det berre å pakke saman tinga mine for å sjekke ut frå hotellet, og drygt halv ti (pluss, pluss, pluss) var vi klare for å leite etter den neste (og siste) informanten; ho skulle vente på oss i det nordiske huset i Parque de las Naciones. Eg trudde kanskje at eg hadde ei lita aning om kor dette kunne vere, men det hadde eg absolutt ikkje – eg køyrde rundt litt etter gehør, og det var absolutt ikkje oppskrifta til suksess: Til slutt måtte eg krype til det sure eplet og stoppe for å spørje etter vegen, og eg kan ikkje seie anna enn at eg fekk bekrefta at intuisjonen min på ingen måte er til å lite på. Så det tok tid å finne fram til denne plassen. Men etter litt om og men fann vi endeleg Parque de las Naciones, og sjølv om dette er eit nokså stort område, kunne vi også til slutt finne dette skandinaviske huset. Og der stod det ei godt vaksen kvinne og venta på oss; det er veldig lenge sidan eg har fått ein slik stor og inderleg bamseklem som eg fekk her.
Etter bamseklemminga gjekk vi inn i huset (som no i varmen var veldig svalt) og småprata litt før datainnsamlinga starta. Prosedyren vår no er at vi snakkar litt om laust og fast litt før vi så på ulike måtar prøver å dokumentere den språklege bakgrunnen til informanten. Siste delen av datainnsamlinga går så på å gjere ulike elisiteringsoppgåver, og nokre klarer dette dårleg, mens andre klarer det veldig bra. Denne dama høyrer absolutt til den siste gruppa, og vi hadde ei veldig fin stund saman med henne. Etter at ho var ferdig med «eksamensoppgåvene» våre (som ho bestod med laud [for å bruke Seip og Selmer sitt måleinstrument]), var det tid for ei lita omvising i denne «landsbyen». Og ja. det skal veldig mykje til for at ein i slike samanhengar ikkje skal bli imponert og forstå kor viktig etnisk bakgrunn er for lokalsamfunnet, og det fine her er at ulik etnisk bakgrunn er grunnlag for samarbeid, og ikkje for konflikt.
Etter denne omvisinga måtte vi gå kvar til vårt, og eg må berre innrømme at det var litt vemodig å ta avskil med denne lettliva og vitale dama, og ikkje heilt overraskande vart det ein ny, god bamseklem.
Dermed var vi også ferdige med feltarbeid i dette strøket og kunne bruke dagen som litt turistar. Etter eit mål mat sette vi kursen mot ein foss som skulle vere ein skikkeleg turistattraksjon. Og det var mykje folk der, men dei var der primært på piknik, for sjølve fossen var ikkje rare greiene, eit vass-sikkel som sendte nokre dråpar ned ei bergside. Men vi fekk i det minste slege ihel ein time på dette også. Deretter køyrde vi til flyplassen, fekk levert bilen og sjekka inn. Og flyturen tilbake til Buenos Aires gjekk også fint, sjølv om det no er veromslag i lufta og det rista til tider relativt godt under flyreisa – så godt at dei ikkje ville ut med serveringstralla, sa dei. Og i skikkeleg regnver kunne vi finne nødhamn i hotellet vårt igjen.
Og slik går nu dagan her sør for ekvator…
Søndag 20. november 2022: Oberá, Posadas, Buenos Aires
Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.