I natt hadde vi eit skikkeleg regnver, det starta litt da vi var på tur heim frå restauranten i går, og det tok seg skikkeleg opp fram mot midnatt. Og dette hotellet, eller i alle fall rommet mitt (som liksom er eit anneks), er ikkje så veldig godt lydisolert (for å seie det mildt), så når dråpane trommar på blikktaket, så skal ein ha veldig redusert høyrsel dersom ein ikkje får det med seg. Men i dag tidleg var det klårver igjen, gartnaren dreiv på med litt småarbeid i hagen, himmelen var veldig blå, fjellsidene var (for meg som fargeblind) grøne, mens det også i dag låg nysnø på dei høgste fjelltoppane sør for byen.
Etter frukost dukka Anders etter kvart opp, og no skulle vi ut på vingarden hans, som ligg berre nokre kilometer vidare ned (eller er det opp?) i dalen. Og dette er ein kar som har ambisjonar og som det ryk litt av når han hoppar og spring rundt, og sjølv om han no er nærare 70 enn 60, så er prosjektet hans å legge store planar for framtida her. For meg som halvgammal er det godt å sjå at ein enno ikkje treng å ha så stort fokus på duemat-i-parken-menyen, framleis er det altså ting det er moro å drive med og bygge opp sjølv om åra går… Og vingarden er absolutt eit arbeid «in progress», han har vinrankene på plass ( i alle fall det han treng så langt), han har bygd seg eit badebasseng inne på eigedommen, og ved vegen har han sett opp ei bygg som primært skal brukast til å underhalde turistar på ymse måtar; den eine dottera hans har også sett seg opp hus her, men han har også ambisjonar om å bygge sjølv, og han ser vidare for seg at resten av arverekka også med tida skal slå seg ned her.
Men no i dag var det altså feltarbeid som stod på planen, og like ved bassenget hadde han også eit skur med myggnett der vi lett kunne slå oss ned, og her i skuggen starta Marie og June språkdatafabrikken sin, først med litt småprat, men deretter målretta elisitering. Og her var det faktisk litt konkurranseinstinkt som vakna; sidan bror til vinbonden alt hadde gjort desse testane, så ville gjerne vinbonden vere vinnar. Så det var eigentleg god stemning her i myggnettbua. Men så kom det telefon frå kona, turistane som skulle vere der i halv eitt-tida, var alt på plass, og sidan eg delvis vaks opp på butikken til onkel heime i Trøndelag, så veit eg jo veldig godt at kundane har alltid rett. Derfor måtte vi pakke sakene våre og sette kursen tilbake til vingarden. Og der var det eit britisk ektepar som stod og venta og gjerne ville bli skolert i argentinske vindruer, og for å vere ærleg, dei visste verkeleg ikkje kva som venta dei. For er det noko Anders gjerne vil snakke om, så er det vindruer generelt, og ikkje minst hans eigne vindruer. Så derfor så vart det ei veldig lang forelesing nede ved vinrankane; det var absolutt interessant, men for oss som er fødde same året som Jurij Gagarin besøkte verdsrommet (og derfor held oss med ulike vondt-ar av ymse slag), så var det litt krevjande. Og når ein står slik og kjenner på alle dei ulike plassane det gjer vondt når ein berre står roleg og høyrer på at andre snakkar (og snakkar og snakkar), så var det eigentleg litt godt å sjå at denne briten (som altså er fødd same året som meg) først bøygde ryggen, deretter gjekk ned i kneståande før han på ulike måtar signaliserte at vertikal fosterstilling var neste post på programmet. Men trass i dette vart det ikkje gjort store endringar i den munnlege presentasjonen – Anders tok seg uvanleg god tid og gjekk uvanleg grundig igjennom korleis ein driv vindyrking i denne delen av verda (medan denne stakkars briten fekk større og større smerter).
Etter denne brutale danningsreisa skulle vi ned i kjellaren for å lære om korleis dei lagar musserande vin – og her er dei gammaldagse og bruker den tradisjonelle champagne-metoden: Sikkert litt gammaldags, men veldig interessant og moro: Og no hadde briten fått seg ei vintøtte å kvile ryggen sin på, så han kunne også samstemme med salige Syse om at «nu går alt så meget betre». Etter ei ny danningsreise gjennom champagne-laging og vinkjellar-teknikkar, vart det lunsj oppe i restauranten. Og her var det altså mat og vinsmaking: og som inntrønder kan eg berre seie at maten var frykteleg god (kjøtt som alltid), og vinen var absolutt ein høynare. Kort sagt, det var veldig godt!
Etter denne seansen ville Anders bade, og da er det berre å henge seg på, men av dei ulike tinga som eg IKKJE pakka med meg, så var badebukse høgt oppe på lista: her har eg eigentleg reist gjennom fire ulike årstider, og kofferten min tok seg nok reint vektmessig best ut utan badebukse. Men Anders og damene tok seg eit bad, og det var triveleg og godt med ein liten time utan nok å gjere. Deretter var vi ein snartur innom vingarden til Anders igjen for å kjøpe med oss nokre vinflasker heim før han køyrde oss tilbake til hotellet igjen. Og slik slutta vel eigentleg ein ny dag her i Argentina.
Og slik går nu dagan …