Onsdag 2. november 2022: Glenwood, MN

I dag vakna eg til «vanleg» tid, dvs. noko som kan minne om norsk tid, og det betyr jo at ein kjem seg opp av senga i rimeleg tid. Vi hadde ein enkel frukost (vaffel & kaffi) og sjekka ut før vi sette kursen mot hovudgata. Etter bittelitt slit med å finne fram til denne møtestaden, kunne vi nokre minutt over ti storme inn på grosseriståret og kaffikroken der. Her satt den lokale formannen i SoN saman med to andre karar, og det var altså desse to som skulle vere så språkmektige. Men denne språkmektigheita var nok dessverre litt oppskrytt, for etter å ha ramsa av seg eit par norske gloser måtte den eine gå, og den andre kunne samtidig melde at han aldri hadde lært norsk, derimot meinte han seg godt kompetent til å synge ulike «norske» songar om ulike utfordringar ved å ete lutefisk. I eit utslag av ekstrem optimisme hadde vi også drassa med oss eit lass med opptaksutstyr – men vi pakka det aldri ut. Bomtur, altså. Etter litt kaffi og småprat tok vi turen ned til county-museet, og om det heller ikkje der var så veldig mange språkdata å finne, så var det mykje anna der som bør interessere prærielingvistar som oss. For her var det fullt av gamle kart, bøker og protokollar av ymse slag som dokumenterer historia til Pope County. Og det fine er at mykje no også er digitalisert og er/skal bli tilgjengeleg gjennom nettet. Vi hadde to veldig trivelege timar nede på museet.

Motellet vi hadde i natt, var ikkje akkurat så mykje å skryte av, og etter kvart tikka det inn ei meldig om at vi hadde ein avtale om intervju klokka 4, men han lurte på kor vi skulle vere. Derfor har vi også oppgradert motellet litt slik at vi kan gjere intervjua på rommet, og det nye motellet mellom sentrum og vatnet var absolutt prima. Eg har rett nok vore her ein gong tidlegare, men eg hugsa likevel ikkje at det hadde slik standard. No må det også leggjast til at motella her no held norske prisar; medan ein tidlegare kunne sove reint og godt for rundt 800 kroner natta, må ein no gjerne opp i 1300. Dollarkursen har det meste av skulda for dette, i tillegg til  amerikansk inflasjon. Så altså klokka fire dukka det opp ein kar som var svært ivrig etter å snakke norsk. Du store min som han snakka, og i løpet av dei nesten tre timane han var innom oss, ga han oss svært mykje data. Så bomturen no tidlegare i dag vart på alle måtar gløymt når det også finst folk som dette. Moro for oss, og eg trur også at det var moro for han.

Vi runda av kvelden med ein tur ned på restauranten nede ved «leiken» der det vart steikt walleye. Gode og mette kunne vi runde av dagen.

Og slik går nu dagan i Minnesota…

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Onsdag 2. november 2022: Glenwood, MN

Måndag 31. oktober og Tysdag 1. november 2022: Halden, Chicago, Beliot, Koshkonong, Glenwood

Så blir det altså feltarbeid i år også, og denne gongen blir det ein skikkeleg tur der både prærie og pampas skal dekkast i løpet av fem veker. Det er no fire år sidan sist eg var på prærien, og er litt spent på om det framleis er muleg å finne nye språkbrukarar ute på dei enorme viddene. Det vil vise seg. Turen starta i grei tid, klokka ni sette eg meg på toget i Halden, og eit par timar seinare møtte eg Alexander på perrongen til flytoget, og det er altså vi to som no skal prøve å utforske og dokumentere ulike finurlege språktrekk ute på dei amerikanske åkerviddene. Tidlegare har eg hatt litt blanda erfaring med Islandair når eg har kryssa Dammen, men denne gongen gjekk det heilt fint, flya gjekk etter ruteplanen, overgangen i Keflavik gjekk også utan plunder og heft, og på vegen vidare kunne vi etter seks kjedelege timar i lufta lande i Chicago. Eg har tidlegare opplevd passkontrollen i denne storbyen som litt trøblete, men denne gongen gjekk det veldig glatt, og eg meiner også å kunne sjå noko som med litt godvilje kunne like på eit smil hos ho som satt i skranken, men det er eg litt usikker på. Trygt igjennom alle kontrollane kunne vi fortsette reisa med eit ekte lokaltog frå flyterminalen og ut til parkeringsområdet. Her skulle vi hente ut ein leigebil, noko som i og for seg gjekk greitt, kanskje med unntak av at køen gjekk frykteleg seint, og dama som styrte med dette hadde lite peiling på kva ho dreiv med og heller ikkje var så veldig lett å forstå der ho mumla med stor tyggis bak munnbindet. Men ho kunne altså fortelje at når vi skulle nordover mot Wisconsin, så måtte vi følgje ein bomveg; men sidan leigebilen ikkje hadde brikke, og dei ikkje tok imot myntar her, så måtte vi dessverre belage oss på å få bot, eller rettare bøter. Og det ville nok bli mange bøter sidan vi skulle igjennom fleire stasjonar før vi kom til Wisconsin. Kort sagt, dette kunne bli ein svært kostbar tur. Men heldigvis var denne dama av dei mindre opplyste, for når vi kom til bilen og fekk snakka med folk der, kunne dei fortelje at joda, brikke var det i bilen, så dette ville på ingen måte bli eit problem. Så i lånt Mazda kunne vi setje kursen nordover til Beloit. Vi fann fram til motellet, som i og for seg var OK, og vi kunne avslutte dagen med litt påssåmat før vi gjekk til sengs.


I dag tidleg vakna eg i kjent stil nokså tidleg, klokka var berre fem, og det var uråd å aktivere Ole Lukkøye igjen, så rundt seks orka eg ikkje å liggje meir, så eg karra meg opp og arbeidde litt med ulike ting, ikkje minst det å prøve å finne fram til nye kontaktar for oss her på prærien. Det vart ein roleg morgon, rundt ni møtte eg Alex i frukostsalen, vi fekk etter kvart pakka bilen og var klare for å møte alt kva dette prærielandet har å by på. Første stopp var naturlegvis Koshkonong, for når ein først er i denne delen av landet, er ein som prærielingvist nesten forplikta til å sjå innom her. Koshkonong i den søraustre delen av Wisconsin blir rekna som eit av dei første vellykka norske settlementa, og her var det fleire tusen av norsk ætt som slo seg ned. Norskamerikanarane kalla gjerne denne plassen Kaskeland, og derifrå var vegen relativt kort for litt avundsjuke i andre bygdelag til eit litt med nedsetjande Kakseland. Folkehumoren vart tydelegvis med i amerikakofferten også.

Vi sette kursen mot kyrkja her, og det var to ting som særleg slo oss. For det første var kyrkjegarden veldig interessant, for her var det mangle gamle gravsteinar med norske namn og inskripsjonar. Men det mest slåande var at det her sto to norskamerikanske kyrkjer midt ute på prærien med berre eit steinkasts avstand. Og igjen er dette knytt til norskamerikanarane si godt utvikla evne til krangel og ufred. For rundt 150 år sidan så rauk dei uklare over spørsmålet om predestinasjon. Eg er absolutt ingen teolog, så eg skal ikkje gå i detaljar her, men det store spørsmålet gjekk på om frelse og fortaping var bestemt på førehand eller ikkje. Og slike spørsmål var altså så vanskelege at ein del av menigheita bestemte seg for å bryte ut og byggje si eiga kyrkje. Så er det no så rart at det er krig i verda, kan ein lure, når slike teologiske finurlegheiter kunne splitte naboar, vener og familiar?

Det var nokre damer som arbeidde her, og dei inviterte oss inn for å sjå oss rundt. Den eine var lokalhistorikar, og ho ga oss ein solid introduksjon av kyrkjelivet i både tidlege og nyare tider her på prærien.

Etter denne danningsreisa måtte vi bestemme oss for kva vi no skulle gjere, og i god Lykke og Fromme-stil meinte vi at Glenwood kanskje var eit område det kunne vere lurt å oppsøke. Eg hadde i «god tid» for avreisa til Amerika prøvd å opprette kontakt med tidegare kontaktar her, men e-posten kom etter ei tid i retur merka som ukjent mottakar. Men det kunne kanskje vere muleg å finne noko berre vi kom oss dit. Vi hadde også litt lause tankar om at vi på turen skulle stoppe innom La Crosse for å sjå på gitarbutikken hans Dave, og vi skulle også sjå innom Wanamingo og be om å få gjere opptak av kjenningar der. Så vi starta med å stille inn GPS-en til Westby, som jo burde liggje på vegen. Vi begynte å køyre vestover, gjennom Stoughton der Hamsun i april 1883 hadde foredrag om Bjørnstjerne Bjørnson – stort sett for tomme stolar. Vidare passerte vi Madison, og vi følgde motorvegen vestover. I Wisconsin Dells var det tid for ein matbit, og da sjekka eg e-posten: Formannen i Glenwood-losjen av Sons of Norway kunne melde at det skulle vere SoN-møte den same kvelden klokka 19, og at var veldig velkomne der om vi ville. Det sette eigentleg fart i oss, for klokka var rundt tre alt, og det var over fem timar å køyre. Men dersom vi stod på litt, så kunne vi kanskje rekke det før dei stengde, om da ikkje rushtrafikken rundt dei såkalla tvillingbyane skulle sinke oss. Etter ein uproblematisk biltur kunne vi litt over åtte rulle ned hovudgata i Glenwood. Problemet vårt var at vi ikkje hadde peiling på kor Sons of Norway hadde møte. Vi prøvde oss først i eit kvartal der eit kjapt google-søk kunne indikerte at dei kanskje brukte å samle seg, men der var det daudt. Så snakka vi med nokre tilfeldige på ein parkeringsplass, og dei trudde dei heldt til i samfunnshuset, men der var det heller ingen norske flagg å sjå. Til slutt ringde vi til formannen (noko som vi sjølvsagt burde ha gjort med ein gong), og da fekk vi høyre kor dei var – og at alle hadde gått. Men han skulle vente på oss. Og sølv om dette var bomtur, kunne han melde at vi skulle møte to norskspråklege dagen etter, på kaffi-hjørnet i «grosseriståret» klokka 10. Og dette var jo veldig godt nytt for Lykke og Fromme, og heller ikkje kvaliteten på motellet som vi hadde bestilt, der insekta kravla i taket, kunne ta frå oss kjensla av lykke og oppstemdheit. Så blir det altså opptak på prærien i år også, fire år etter sist eg gjorde det.

Og slik går nu dagan her i dette merkelege landet …..

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Måndag 31. oktober og Tysdag 1. november 2022: Halden, Chicago, Beliot, Koshkonong, Glenwood

Fredag 4. desember 2021; Buenos Aires

I dag er siste dagen med feltarbeid for meg denne gongen, og da skulle vi nord for byen, i ein «barrio» som ligg ein dryg halvtime med toget unna sentrum. Avtalen vår var klokka tre, så vi «hotellistane» møttest klokka eitt for å ete lunsj før vi tusla ned på stasjonen der vi også møtte Veronica. Toga her er jamt over fulle, og dei ser også relativt moderne ut, dei ligg på ingan mæte bak det vi er van med på Østfoldbanen. Rimeleg presise verkar dei også å vere, noko som ein vanskeleg kan seie om Østfoldbanen, og hovudinntrykket er derfor godt. Og skal ein også leggje inn billettprisane, så er det ingen tvil om kven som kjem best ut, for i dette landet kjem ein langt for ein tikroner.

I denne forstaden skulle vi møte to, ei mor i 80-åra og dotter på drygt 50. OG her vart det snakka norsk med nokre danske trekk. Mora stamma ned frå to sørlendingar som hadde vandra ut på 1920-talet. Og heime hadde ho berre snakka norsk – spansk i heimen vart ikkje tolerert. Denne dama hadde så i sin tur gifta seg med ein danske, og det er nok spor etter han vi høyrer i språket til dei to. Og særleg dottera var tydeleg prega av denne dansken. Begge likte å snakke norsk, og dei hadde mykje å fortelje om som interesserte oss pampaslingvistane. Så vart det ein lengre pause for å ete, og da var det ikkje måte på kor mykje mat dei sette fram, og det låg ei tung forventning om at no måtte vi verkeleg forsyne oss. Og da har ein liksom ikkje så andre val. Vi fekk også ein kort guida tur i heimen hennar, og dette er folk som like å samle på ulike småting. Mora samla mellom anna på teskeier, og ho hadde ei stor samling med slike skeier, og særleg suvenirskeier hadde ho lagt ein elsk til. Og samlinga må vel seiast å vere nær komplett når til og med ei skei med byvåpenet til Steinkjer hadde funne vegen til samlinga. Elles var det også eit godt utval av både skandinaviske bordflagg, nissar og dokker, vikingskip og tobakkspiper, berre for å nemne noko. Eg er veldig glad for at det ikkje er eg som har ansvaret for støvtørkinga i denne heimen. Banda til kvalfangst og Sør-Georgia var også synlege; i gangen hadde dei eit måleri av fjella og fjorden rundt fangststasjonen Grytviken, og sjølv om dette kanskje ikkje var kunst i verdsklasse, så var det tydeleg at kunstnaaren var ein habil målar. Etter at vi hadde ete, så var det på han igjen med meir opptak. Og her må eg innrømme at eg sleit aldri så lite med å halde meg vaken; eg såg faktisk dobbelt og hadde veldig tungt for å konsentrere meg, og det er i det heile frykteleg å oppleve. Derfor var spørsmåla mine til tider rett og slett meiningslause. Heldigvis er var det andre med som kunne løfte intelligensnivået på utspørjinga og redde situasjonen litt.

Klokka sju måtte dottera stikke, ho hadde ein annan avtale, men slike ting stoppar ikkje oss. Nærare åtte braut vi opp og kom oss med toget tilbake til sentrum igjen. Eg hadde håpa på ein litt lang ettermiddag og kveld med pakking, men det vart ikkje så mykje tid til slikt sidan vi hadde bestilt bord på ein restaurant til klokka 23. Men eg fekk lempa mykje av «stoffet» mitt opp i kofferten, og så får vi håpe at han heng saman til eg er tilbake (noko som ikkje er så sikkert sidan glidelåsen vart delvis øydelagd på turen opp i Misiones. Eg er lite lysten til å finne tinga mine spreidde ut over transportbandet i Oslo.

Kvelden vart runda av med ein betre middag – vi hadde til og med bestilt bord, og klokka var vel rundt to da vi tok kvelden. Og i morgon ventar fly tilbake til gamlelandet for meg, medan dei tre andre blir igjen ei veke til for å gjere meir feltarbeid.

Og slik gjekk nu den siste dagen her på pampasen…

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Fredag 4. desember 2021; Buenos Aires

Torsdag 2. desember og fredag 3. desember 2021: Buenos Aires

I går (torsdag) hadde vi ingen avtale om å gjere opptak. Derimot hadde vi ein lunsj-avtale: for eit par dagar sidan var vi tre hotellistane ute og gjekk ein liten tur i nabolaget, og da meinte Kari og Marie bestemt at dei tydeleg kunne høyre ei dame snakke norsk til eit lite barn. For å vere ærleg, så trudde eg kanskje at dei tulla litt med meg, men Kari tok mot til seg og strena inn i kafeen der dei to hadde gått in og tok kontakt. Og joda, dette var ei norsk dame, gift med ein argentinar, som var ute og lufta seg og sonen på rundt tre. Og da vart det oppretta kontakt, og i går skulle vi altså møtast på ein ute-restaurant like ved biblioteket. Og det vart ei triveleg og interessant stund saman med denne Andrea –  og etter kvart også ei venninne. Andrea er statsvitar og kan ta på seg desse analytiske  brillene, og ho kunne derfor gi eit relativt kvalifisert bilete over stoda her i dette merkelege landet. For Argentina er verkeleg eit merkeleg og eigentleg dysfunksjonelt land der lite fungerer etter intensjonen, men der folk har lært seg til å innrette seg og gjere livet leveleg sånn litt på kanten av det meste. Av dei tinga vi har merka oss, er pengesystemet her. Den offisielle kursen er at ti pesos er rundt ei krone, men vekslar du dollar på svartebørsen får du ein mykje betre kurs der krona ligg nær tjue pesos. Og i husannonsane er prisane berre i amerikanske dollar – og det har nok samanheng med ein nokså hissig inflasjon. Eg forstår berre ikkje korleis eit så rikt land som Argentina kan ha rota det så ille til for seg.

Lunsjen var som sagt triveleg og interessant, og klokka seks hadde vi ein intern avtale av ikkje-lingvistisk karakter, og no turnerer vi metroen som om vi skulle vere banefødde i denne byen. Avtalen var å møte Kari utafor ein restaurant – ho hadde vore heime hos Veronica for å laste opp nokre file via internett. Og vi fann både Kari og restauranten, og denne restauranten var uvanleg anonym, det var berre ei ringeklokke med eit lite skilt som indikerte at her var det mat å få. Vi prøvde forsiktig å ringe på, en utan noko resultat. Vi prøvde ein gong til, og snart kom det også fleire som gjorde ein liten innsats på ringeklokka. Men som sagt, utan resultat. Vi innsåg derfor at dette neppe ville bli ei suksesshistorie og sette derfor kursen mot meir sentrumsnære strok. Og på vegen dit kom vi over ein liten triveleg restaurant der vi fann ut at vi ville ete. Og på spansk vis delte vi på dei ulike matrettane, som inkluderte både spansk pølse og blodpølse. Pølsa ver veldig god, men blodpølsa heldt dessverre ikkje spansk standard, så det siste var ein liten nedtur. Kvelden vart avslutta med busstur tilbake til hotellet.

I dag, fredag, kunne Marie melde at ho ikkje var heit i form og at ho derfor helst ville bli igjen på rommet. Men vi hadde som vanleg avtale om intervju i dag også – og the show must og on – så Kari, Veronica og eg tok på seg denne oppgåva (dette er ein av fordelane ved å vere så mange på feltarbeid, da blir ein litt mindre sårbar). Denne gongen skulle vi møte informanten vår i 12-tida og litt på utsida av sentrum, i dei litt meir røffe nabolaga. Denne karen skulle vere å finne på eit kontor, var forståinga vi hadde. Vi fekk Uber-transport til denne adressa, og det var ein verkstad med ulike kontor. Og det viste seg at han vi skulle møte, var sjølvaste eigaren, ein triveleg og snakkesalig kar på rundt 70. Og her dreiv dei og laga pakningar, eller sim-ringar til hydraulikkpumper og oljeindustrien. Han viste oss rundt i produksjonslokalet, og her var det verkeleg litt av kvart å sjå seg hag i. Ikkje minst hadde han dreiebenkar, men det fanst også ulike presser, inkludert ei esse i det eine hjørnet. Og historia til denne karen var litt annleis enn det vi har høyrt så langt. For det første hadde han bakgrunn frå «dei andre», foreldra hadde utvandra like etter krigen av grunnar som han var svært open om. Far hans var ingeniørutdanna frå NTH i Trondheim, og her nede hadde han møtt Oskar Schindler, og Schindler hadde så kopla denne ingeniøren med ei litt ugrei fortid med ein jøde som dreiv eit lite firma. Og desse litt umake kompanjongane hadde da bygd opp eit firma på over femti mann som produserte ulike mekaniske ting, og da kanskje særleg hydrauliske pumper. Og no var det sonen som dreiv dette vidare, rett nok i noko nedskalert form. Men det såg ut til at denne karen dreiv godt trass i dei økonomiske vanskane ein elles finn i dette landet. Han hadde mellom anna hatt eit tett samarbeid med svenske firma, som Volvo og Hägglund, og han påstod at han kunne snakke svensk også. Kort sagt, her fekk vi høyre ei noko anna livshistorie enn dei vi har møtt så langt.

Etter intervjuet ville han ta oss med ut for å ete lunsj, og da tok han oss med til ein eldre, ærverdig restaurant ikkje langt unna verkstaden. Også dette var ei oppleving med veldig god mat og vin, og også mange nye historier frå livet her i Argentina. For oss var dette verkeleg eit ekstraordinært møte som nyanserte biletet vi så langt har danna oss av det norsk-amerikanske samfunnet her nede. Og med dette ebba dagen på ein måte litt ut. Marie følte seg litt betre utpå kveldinga, så ho kunne bli med ut for å ete middag på ein bar i nabolaget til hotellet.

Å slik går nu dagan…

 

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Torsdag 2. desember og fredag 3. desember 2021: Buenos Aires

Onsdag 1. desember; Buenos Aires

I dag har vi faktisk to avtalar, ein i lunsj-tida og ein i sekstida. Det betydde at vi hadde morgonen fri, og det kom godt med sidan eg måtte ringe og snakke litt med folk heime. Men i 12-tida kunne vi sete kursen frå hotellet, og som vanleg er det Marie som er navigatøren vår. Og sjølv om vi no tek til å bli garva i å køyre kollektivt, ville vi heller gå denne turen på på rundt tre kilometer, og det var veldig godt å røre litt på beina igjen. Vi snirkla oss igjennom parkar og over svært trafikkerte gater og fann til slutt fram til den danske ambassaden, der det også er ein dansk klubb, og der skulle Ellen vente på oss. Og denne danske klubben var vel eigentleg ein restaurant, og sidan det var fleire gjester her – nokre også av den litt høgrøysta sorten, var ikkje dette ein heilt optimal plass med tanke på opptak, men det fekk stå sin prøve denne gongen. Og med myggmikrofonar festa til jakkeslaget er det også håp om at talen blir fanga godt opp – det vil vi finne ut når vi høyrer igjennom materialet. Og medan vi gaffla i oss lunsjen, som da var laga etter dansk mønster, kunne vi prate om livet som norsk her i Argentina.

Og Ellen hadde mykje å fortelje om livet her, og ikkje minst om den norske sjømannskyrkja her som måtte vike for ein motorveg. Ho, som mange andre, var også oppteken om «oss» og «dei andre» av dei norske innvandrarane her, og «dei andre» refererte da til dei som av opplagte grunnar fann det opportunt å kome seg ut av gamlelandet etter freden i 1945. Og sjølv om dette skiljet er noko avbleika no, så stikk «vi» og «dei andre» framleis djupt hos mange her. Elles så slår det tokulturelle meg her i Argentina. For mange av dei som er her, er det viktig å ha norsk pass, i tillegg til det argentinske. Og dei har også gjerne to namn, eit spansk-argentinsk og eit norsk. Så Ellen heiter altså Helena i ein heil-argentinsk kontekst. Etter eit par timar i danske omgjevnader tok vi avskil, eg sette kursen tilbake til hotellet for å ringe litt, medan dei andre måtte ned i sentrum for å veksle pengar. Og neste avtale var altså klokka 6, og avtalen vår da var at vi skulle møtast ved huset til den neste informanten.

Dermed var eg på eiga hand når eg skulle finne fram til neste informant, og utan den faste navigatøren sleit eg litt, og særleg i folkekavet i ettermiddagsrushet. Og sjølv om eg fann rett perrong, så hjalp det lite når vognene alt var stappfulle og det stod ein vegg emd folk framfor meg. Så eg måtte altså vente litt lenger enn eg hadde planlagt før eg klarte å presse meg inn i ei vogn. Likevel kom eg fram til avtalt tid, og der stod resten av gruppa og venta på meg. Verten no var ein kar tidleg i 70-åra, og han hadde ei svært dramatisk historie å fortelje sidan far hans var jøde og med nød og neppe hadde kome seg til Sverige under krigen. Og da freden kom, pakka denne familien sakene sine og sette kursen mot eit nytt og betre liv i Argentina. Og sjølv om også denne karen var litt rusten, var det tydeleg at norsken hans framleis var present. Han like å fortelje om gamle dagar – og det gjer jo dei fleste, har eg fått inntrykk av. Dessutan hadde han ei lita, men flott vinylsamling, der Los Beatles utgjorde stamma. Eit særleg inntrykk gjorde plata Socorro, som elles er mest kjend som Help. Og etter nok eit par-tre timar med snakking, måtte vi igjen ta avskil med enda ein av desse fantastiske folka. Det er liksom heilt utruleg at ein framleis kan finne folk som kan snakke norsk her borte.

Og slik går nu dagan som gringo i denne pampas-byen….

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Onsdag 1. desember; Buenos Aires

Tysdag 30. november 2021; Buenos Aires

I dag hadde vi ingen avtalar, og sidan det vart seint i går, vakna eg ikkje før i 9-tida. Og da eg sjekka mobilen, såg eg at det var mange som hadde prøvd å få tak i meg; gudmora mi hadde døydd i natt. Og dette betyr nok at eg må endre planar for opphaldet og kome meg heim tidlegare enn planlagt. Derfor gjekk det mykje tid i telefonen i dag for å ordne ulike praktiske ting. Og slik det ser ut no, reiser eg heim alt no i helga. Så får eg berre håpe at koronaen og det nye muterte viruset ikkje skaper for store problem for returen min og at eg kjem meg raskt til Trøndelag og kan hjelpe mor litt.

Som sagt, så hadde vi ingen avtalar i dag, så utover i eitt-tida bestemte vi oss for å sjå oss litt rundt. Vi har trass alt vore her i Argentina og Buenos Aires i over ei veke no, men vi har så langt hatt lite tid til å vere byturistar. Så Casa Rosada og Obelisken stod derfor på programmet vårt, og det er relativt kort gåavstand mellom desse to. Casa Rosada er jo eit vakkert bygg, men det er på ingen måte eit signalbygg; det er heller smålåte i framtoninga, og eigentleg trudde vi at det var baksida vi såg. Men da vi gjekk rundt det for å sjå på det vi trudde var framsida, så var dette utan tvil inga framsida. Obelisken er også svær, og gata han står i er enorm med mange felt i kvar retning. Men samtidig er kanskje ikkje denne steinsøyla nokon grunn til at ein i einaste ærend tek turen til Argentina.

I feltarbeidsamanheng så har eg gjerne plukka med meg juletrepynt heim, og dette er ein tradisjon eg har tenkt å vidareføre her også. Og nede ved denne steinkolossen å var det faktisk ein julebutikk, og der måtte vi inn. Her fann eg to små figurar som eg meinte kunne ta seg godt ut i ein møblert heim i Halden. Eg sjekka ikkje prisen, berre plukka det med meg på veg mot kassa. Men der vart det bråstopp – 25.000 pesos skulle dei ha for dette juggelet – godt over 2000 kroner etter offisiell kurs. Det vart ingen handel i dag.

No i kveld har eg traska på «memory lane»; i 1986-87 var eg nabo med Sandra i La Crosse, Wisconsin. Sandra var frå Argentina, og no bur ho i Buenos Aires med mann og barn.  Og klokka 8 var eg invitert heim til dei på middag. Som vanleg er her i landet, varta ho opp med steik, og i same argentinske tradisjonen, så var maten uvanleg god. Og så vart vi sitjande å mimre da og sjå på gamle foto. Rart og triveleg, og når sant skal seiast, så trudde eg aldri at vi skulle sjå kvarandre igjen da vi to avskil i Wisconsin for 34 år sidan.

Og slik går nu dagan i denne fantastiske byen…

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Tysdag 30. november 2021; Buenos Aires

Måndag 29. november 2022: Overa og Buenos Aires

Dette er siste dagen i Misiones; i dag var det godver igjen, og da har Sverre bestemt at vi skal vere turistar og sjå oss rundt i området. Klokka 9 ser ut til å vere eit magisk tidspunkt her i byen, for da troppa han og sonen opp igjen med kvar sin bil for å hente oss. Første stopp var ruinane av misjonsstasjonen til jesuittane, som låg ein liten time unna. Og dette var verkeleg fascinerande å sjå. Anlegget var veldig stort, og det vart sagt at urfolket her stod for det meste av arbeidet, som det gjekk i hovudsak ut på å hente og hogge til store steinblokker som så vart brukt til å bygge dette anlegget. I realiteten var nok dette reinhekla slavearbeid. Og sjølv om det som står att no, er ruinar, ga det eit svært godt inntrykk av dimensjonane på dette – anlegget var enormt. Så gjekk turen vidare til ein såkalla klubb som låg heilt på grensa til Paraguay. Dette var rett og slett eit bade- og ferieanlegg med restaurant, hytter og basseng – heime hadde nok dette gått under namnet badeland. Og her tok vi det med ro nokre timar medan vi åt litt, prata og halvdøsa. Utpå ettermiddagen braut vi opp og skilde lag; Sverre liker dårleg å køyre i mørkret, så han sette kursen heimover, medan sonen skulle køyre oss til flyplassen i Posadas, og derifrå gjekk turen vår tilbake til Buenos Aires med fly. Det var seinkveld før vi var framme, for det første landa ikkje flyet før nærare halv eitt, og så viste deg seg at drosjen vi hadde bestilt, ikkje dukka opp. Så først i to-tida var vi tilbake på hotellet og kunne krype til køys.

Å slik går nu dagan ….

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Måndag 29. november 2022: Overa og Buenos Aires

Søndag 28. november 2020: Overa

I dag er det søndag, men det betyr ikkje kviledag i form av at ein kan liggje og dra seg utover formiddagen. For den første avtalen i dag var altså å møte i kyrkja klokka ni. I går var det godver, men på tur opp mot kyrkja tok det til å regne litt, og det var tydeleg at vi ikkje kunne vente så mykje sol i dag. Den lutherske kyrkja her i byen er kanskje ikkje eit praktbygg på høgd med Nidarosdomen eller Vatikanet, men så er det vel heller ikkje fjong arkitektur som er den viktigaste oppgåva til denne institusjonen. Sverre og Anna var her, og vi fire pampaslingvistane – og nokre til, men det var absolutt glissent med folk og veldig god plass mellom benkeradene her. Og det var også eit og anna ein som nordmann kunne dra kjensel på i messa, særleg eit par av songane. Og sjølv om korkje dei spede røystene eller det famlande piano-akkompagnementet  løfta taket, så meiner eg bestemt at eg kunne kjenne igjen ønskekonsert-favoritten Blott en dag. Etter messa vart vi vist rundt i kyrkja, og den svenske bakgrunnen var svært tydeleg. Framme i koret var det eit argentinsk og eit svensk flagg, og i fellesrommet ved sida av kyrkja var det hylle på hylle med svenske bøker av ymse slag, gardiner med falu-hestar (er det ikkje det desse trehestane blir kalla?) og flagg og andre etniske markørar. Og på veggane hang det foto av tidlegare prestar, og da gjekk det opp for meg at det var i dette området at filologen Gunvor Flodell dokumenterte det ho kalla «misiones-svenskan» på 60- og 70-talet; mannen hennar var den siste svenskspråklege presten her, og svensk vart faktisk i fast bruk i gudstenesta fram til i 1973, og det er jo ikkje så lenge sidan.

Etter denne omvisinga gjekk vegen tilbake til hotellet der vi gjekk kvar til vårt. Ute regna det og var torevêr, så det planlagde programmet som Sverre hadde laga, måtte leggjast om. Men klokka fire kom han og henta oss igjen, han ville vise oss litt rundt, og i tillegg skulle vi ein tur innom svenske Erik. Dette er ein merkeleg by som ligg i eit enda merkelegare landskap. Og den fleirspråklege, eller kanskje rettare fleirkulturelle identiteten til denne byen er svært synleg gjennom ulik skilt og namn. Etter kvart la vi byen bak oss (noko som ikkje tok så veldig lang tid) og bevega oss inn i meir rurale delar av dette landskapet. Her er det særleg te og yerva(er det slik dei skriv det, tru?) som dei dyrkar, og te-markene ser nesten ut som ein enormt stor stussa hekk. Vegstellet ute på bygda er ikkje så veldig imponerande, det er humpete jordvegar, og eg kan liksom forestille meg korleis desse blir når det styrtregnar. Og landskapet bølga opp og ned og delar av det er svært bakkete.

Til slutt kom vi fram til svenske Erik, og dette var ein kar som likte å fortelje og også å vise fram, og det han hadde å by på, var absolutt interessant. Mora hans hadde skrive to bøker om livet her i kolonien, og sidan desse kom ut i Sverige, bør dette vere lesestoff som det er muleg å få tak i heime. Sjølv hadde han vore i Sverige fleire gonger, mellom anna budde han ei tid i Stenungsund som gutunge. Dessutan var han gammal idrettsmann, på veggen i stua hadde han hengt opp både eit spyd og ein stav, det siste hadde samanheng med at han var med i OL i Mexico i 1968 som stavhoppar, og det er det jo absolutt ikkje alle som har vore. Kort sagt, det vart eit par interessante timar i selskap med denne taleføre svensken. KOna var også talefør, men ikkje på svensk, så eg trur kanskje at ho følte seg litt ignorert, men det får så vere denne gongen. Vi takka etter kvat for oss og reiste så tilbake til Sverre igjen, og no var det kona Anna som skulle dokumenterast – og igjen gjekk det veldig greitt med intervjuet. Dette er absolutt språkmektige folk, og på mange måtar er dei ulike dei vi finn i Midtvesten. For det første er dei vane med språkleg variasjon, så danskar, svenskar og nordmenn bruker morsmålet sitt her når dei møtest, og dermed forstår dei også oss litt betre. Dessutan finn vi mindre språkblanding (eller kva ein no skal kalle det) med spansk. Etter opptaka returnerte vi til hotellet før vi til slutt gjekk ut for ein liten matbit – i selskap med eit kobbel gatehundar i byen som sprang rundt bordet vårt og prøvde å gjere seg lekre.

Og slik går nu dagan ….

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Søndag 28. november 2020: Overa

Laurdag 27. november 2021; Buenos Aires, Posadas, Overa

I dag starta vi den verkeleg store utflukta vår, der vi skal inn i heilt ukjent landskap for feltarbeid. Å arbeide i Buenos Aires går greitt, vi har alle kjennskap til storbyar generelt og klarer å ta oss fram, og Veronica er jo fødd i denne byen, så da kan vi andre slappe av. Flatland med jordbruk er eit anna landskap vi har veldig god kjennskap til. Men i dag skulle vi altså inn i Misiones, og vi visste absolutt ikkje kva som venta oss. Avreisa var tidleg, i sjutida samlast vi i matsalen for litt frukost, men det vart lite dveling over brødskiva, for klokka halv åtte vart vi henta for transport til flyplassen. Eigentleg hadde vi sikkert veldig god tid sidan flyet ikkje skulle gå før litt før klokka ti, men i desse korona-tider veit ein jo ikkje kor fort ting går, dessutan var vi hotellistane usikre på kor stor denne flyplassen var og kor fort det ville gå unna. Ein argentinar ville neppe stille så tidleg, noko også Veronica viste, der ho troppa opp i litt meir folkeleg tid. Deretter venta knappe 90 minutt i lufta før vi kunne lande i Misiones, i byen Posadas.

Her vart vi møtt av røselege Sverre i siste del av 80-åra, sonen og sonesonen hans; dei to eldste stilte med kvar sin bil for å kunne transportere prærielingvistane vidare. For no venta knappe to timar i bil før vi var framme ved målet vårt, Overa. Det landskapet vi køyrde igjennom liknar ikkje noko som eg tidlegare har sett, trur eg. Det er frodig og grønt, og det er i stor grad skoglandskap. Jorda er raud, og sjølv ihuga fargeblinde kan sjå at dette er noko anna enn traust trønderjord. For oss skandinavane var planane for dagen litt vage, vi skulle visst få snakke med Sverre i løpet av dagen, og det skulle også vere noko grill-greier om kvelden, men elles var det meste litt uklart. Det einaste vi høyrde, var at verten syntest at vi hadde sett av alt for lite tid til verkeleg å få sett oss om i dette området, og det hadde han sikkert heilt rett i. Framme i Overa stoppa bilkortesjen framfor hotell Casino, og der vart vi lempa av med melding om at vi ville bli henta om et par timars tid. Vi sjekka inn på denne merkelege plassen, der det slik hotellnamnet indikerer var svære salar for pengespel, og lokala tok alt til å bli fulle av speleglade. Romma var også greie, og vi kunne slappe litt av før Sverre dukka opp til avtalt tid for å hente oss. No gjekk vegen ned til området der pionerane først kom, og der det no var ein skole. Og det var unekteleg litt rart å finne namnet Svea skriven inn å ein statue her i den argentinske «glesbygden». Neste stopp var kyrkjegarden, ein plass der mange skandinavar hadde funne ein siste kvileplass. Og igjen er det veldig rart å gå rundt på ein gravplass her på det søramerikanske kontinentet og sjå både skandinaviske namn, men også inskripsjonar på svensk og norsk. Og Sverre hadde mange historier å fortelje om dei som låg her. Så gjekk turen vidare på det dei i Wisconsin ville kalle «lort-rådar», og sjølv om hovudvegane her ser ut til å vere i god stand, er det eitt å anna å utsette på dei mindre bygdevegane. Og medan vi rulla igjennom dette landskapet, brukte Sverre tida til å fortelje om plassen og folka. Til slutt ende vi opp heime hos guiden vår, og medan han som vert blanda drinkar til oss, gjorde vi opptaksutstyret klart. Og Sverre, som sikkert hadde tenkt å sitje i stolen sin utafor inngangen, måtte i staden finne plass i stua, der vi hadde etablert studio. Eg tenkte at å vere fire feltarbeidarar inne samtidig kunne kanskje bli litt for overveldande, så eg tusla derfor ut og såg litt på den fantastiske hagen. Ikkje lenge etter kom kona Anna heim, og ho er svært ivrig hobbygartnar og viste gjerne fram det ho dreiv med. Dette er ei dame av dansk opphav, men ho snakkar ei merkeleg nordisk blanding. Og medan Ola frå Sandefjord i følgje songen brukte engelsk og norsk, kunne Anna varte opp med ei blanding av norsk, svensk og dansk. Dette må vel vere noko av det næraste ein kjem pan-nordisk.

Etter kvart kom det også fram at jada, her skulle det bli skikkeleg fest. Sverre og Anna har ei stor tomt, og rundt tomtegrensa har mange av etterkommarane og slektningane sett seg opp hus. Og på grunn av korona-restriksjonane har dei no rigga seg til med eit utadørs festområde med ein gedigen oppmura grill og eit heimelaga partytelt. Og der nede dreiv alt eit par karar på med å grille, og det var ikkje småting som skulle varmebehandlast – det var både store bryststykke av naut og halve grisar. Og det var heller ikkje tvil om at no skulle det bli fest, dei venta over tretti deltakarar.

Etter kvart vart intervjuet av Sverre runda av, og i nitida tok det til å strøyme på med glade slektningar med god, gammaldags «sendingskorg» med både mat og drikke. Og etter kvart som vi sessa oss rundt bordet, vart vi servert grilla kjøt i uhorvelege mengder, samtidig som dei heller ikkje var knipne med å slå i glasa. Og at dette er «norskear» (som dei seier på prærien) var det ingen tvil om, mange av dei hadde norske namn (meir om dette seinare, trur eg), og fleire av dei kunne også nokre norske ord og fraser. Og i godt lag går tida fort, og rundt klokka eitt var det på tide for oss prærielingvistane å kome oss tilbake på hotellet, og da fekk vi sjølvsagt skyss inn til byen. Dette er verkeleg gjestfrie folk. Og medan gamblinga inne i kasinoet var på det mest intense, trekte vi pampaslingvistane oss stille og roleg til romma våre – i morgon klokka 9 skal vi møte i kyrkja, og da er det jo greitt å få nokre timar på øret først.

Og slik gjekk den første dagen her i Overa.

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Laurdag 27. november 2021; Buenos Aires, Posadas, Overa

Fredag 26. november 2021: Dazzler Hotel, Buenos Aires

Dagen i dag er det eigentleg ikkje så mykje å berette om sidan vi ikkje hadde nokon avtale og derfor ikkje fekk gjort noko feltarbeid. Vi kunne sjølvsagt da ha brukt tida på å vere turistar, men så var det dette med ulike arbeidsoppgåver som hopar seg opp og som det kan vere lurt å få unna før bunken blir for høg. Derfor vart det til at vi arbeidde på romma fram til lunsj, og deretter rusla vi oss ein tur (utan at vi da fekk med oss nokon av dei fremste turistmåla). Kort sagt, så har dette vore ein dag i kontorlivets teneste, nesten som heime altså, men bortsett frå at temperaturen er eit hakk eller to over kva Halden kan by på akkurat no.

 

Og slik går nu dagan på Dazzler hotel ….

Skrevet i Uncategorized | Kommentarer er skrudd av for Fredag 26. november 2021: Dazzler Hotel, Buenos Aires