Fredag 18. november 2022: Oberá

No tek endeleg døgnrytmen min å falle litt på plass – kanskje litt for godt faktisk, for å vakne ein ekstra time tidlegare om morgonen har på ingen måte vore noko å kimse av når ein også skal gjere unna administrative ting «heime», men denne timen er no borte av rytmen min: Så i dag starta eg dagen i 8-tida ved at eg tusla ned i frukostsalen, der Kari alt var på plass, og kort tid etterpå vart det avløysing ved at Kari gjekk for å jobbe litt medan Ida tok over plassen ved matbordet. Og frukosten her er kanskje eit lite knepp betre enn det dei har å freiste med på prærien, i alle fall er kaffien sterkare og sjølva matsalen i ein heilt annan liga – men begge stadene er det fullt muleg å stappe i seg klissete søtmat, sjølv om utvalet i ikkje-klissete ting nok er betre her. Og programmet for dagen så langt er litt diffust ut over at vi skal møte Anna og Sverre, men vi vil gjerne få gjort så mykje feltarbeid som muleg når vi først er her. Men altså, vi starta først hos Sverre, og sjølv om den norske GPS-en min ikkje utan vidare fann adressa hans, kunne vi relativt lett finne fram utan så alt for mykje digital hjelp. Og igjen fekk vi gleda av å møte desse to fantastiske folka og også oppleve heimen deira. Så vi starta feltarbeidet i form av litt banebrytande mobil intervjuteknikk: Kari tok med seg Sverre og Ida fokuserte på Anna, og med opptaksutstyret på, vart det gå-tur i hagen og i skogen like ved.

Det er utruleg vakkert her, så det er neppe ei overrasking at når illustratørane i kristendomsboka som eg hadde i småskolen for over femti år sidan skulle prøve å illustrere Paradis, så var det absolutt ikkje eit landsskap som kunne minne om heimlege Kattugledalen, Åsahaugen eller Floåsen ein novemberdag i striregn og sur vind so var motivet. Nei, kunstnaren hadde nok heilt sikkert sett for seg noko som liknar på denne hagen her i Oberá, med raud, djup og fruktbar jord, høge og skuggefulle tre, eksotiske plantevekstar, blå himmel og solstrålane som skein gjennom lauvverket og ikkje minst – veldig behagelege temperaturar som ikkje krev bladvottar og topplue (med eller utan dusk).

Etter denne danningsreisa i Sverre sitt rike, vart det litt innetid med opptak av både utspekulert elisitering og samtalar om livet her til ulike tider. Så dette var faktisk ei feststund for feltarbeidarar. For å kvittere litt for denne språklege gjestfridommen tok vi dei med til hotellet på lunsj, og der kunne samtalen fortsette på norsk, rett nok utan at opptakaren stod på – men av og til skal ein som feltarbeidar finne seg i at ikkje alt som blir sagt, trengst å bli lagra for evig tid – det bør også vere rom for å snakka om smått og stort, «illt og lælli» utan at det set evige digitale spor.

Planen vår no var å kontakte ein svenske som driv ein lokal «Männergarten» med verkty aust for sentrum, for dette skulle vere ein kar som kunne snakke svensk. «Oh yes», dette var absolutt plassen dersom ein skulle ha behov for ei Husqverna motorsag, ein Makita-fres eller ei DeWalt bordsag (og eg har litt vanskeleg for å sjå for meg kven som ikkje har slike behov – om folk berre tenker seg retteleg godt om). Men butikkeigaren sjølv var dessverre ikkje til stades, men ein av karane bak disken ringte for oss og gjorde ein avtale – i morgon klokka 10 skal vi snakke med han på nytt. Og dette kan jo bli bra 😊

I tillegg hadde vi eit namn på blokka som vi mangla kontaktinformasjon til, og sidan det er noko som heiter Linne-instituttet her, så ringde vi (dvs. eg) dit for å få hjelp. Eg har alltid litt angst når eg må snakke spansk i telefonen, for da har eg ingen kontekst å støtte meg til. Men her fekk eg også bekrefta at det er stor skilnad på kven eg forstår, og kven eg ikkje forstår; for denne dama snakka svært tydeleg og heller ikkje så veldig fort, slik at eg fekk med meg kvart eit ord ho sa, og ho var svært hjelpsam og kom etter kvart med telefonnummer til dei vi jakta på. Dessutan tikka det inn fleire meldinga frå Erik om nye informantar, så dermed kan det bli nokre vi kan møte i morgon og på søndag.

Klokka gjekk no mot seks, og på ein fredagskveld kunne vi med godt samvit ta fri utan å ha så alt for dårleg samvit. Men når vi tek fri, så ligg vi ikkje på romma våre og tvinnar tommeltottar, nei da er det party-tid: for vi hadde invitasjon til asado-fest heime hos Anna og Sverre, og dit måtte vi jo. Og i kjend stil varta desse «patras familias» (eller kva det no heiter) opp med overmåte mykje mat, og innan sjangeren grillmat, så er dette noko av det beste eg har smakt. Men så blir det også gjort veldig etter boka, og lite ser ut til å vere på slump.  Og likt med i fjor kom ein del andre av familien rekande når maten tok til å bli klar, gjerne med ei korg med det vi i Trøndelag kallar «sænning» – eit bidrag til festen i form av brød, salat, øl eller vin, så til slutt var vi eit lite dusin samla rundt bordet. Og stemninga var veldig god, den og snart dukka også Erik opp på moped, og det er ein kar som gøymer seg ved bordenden – det ser ut til at han er skapt til å lage liv og røre rundt seg. Kort sagt, så hadde vi det moro og triveleg – det vart ikkje så veldig seint, det er krevjande å vere feltarbeidar, så i rimeleg tid køyrde vi heim igjen med vakker og delvis ugjenkjenneleg stjernehimmel over oss.

Å slik går nu dagan her i Misiones…

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.