Klokka halv fem i dag tidleg ringte vekketenesta Kari, og da var det ikkje anna å gjere enn å karre seg opp. Morgonstellet gjekk raskt unna sidan det ikkje var frukost enno, og i god tid før fem møttest vi tre i resepsjonen, taxien var også på plass. Og så tidleg på morgonen var det lite trafikk og vi var tidleg på flyplassen – alt såg veldig lovande ut. Men det skulle raskt endre seg, for da vi skulle sjekke inn, ville dei sjå passet mitt. Svært sjølvsikker opna eg den gule reisemappa mi der eg har alle reisedokumenta – med eitt unntak: passet mitt. Og utan pass kunne eg ikkje få bli med flyet, så dette var litt krise, og eg skal ikkje nekte for at det kokte litt i topplokket mitt, eg titta febrilsk igjennom veska mi, men passet var ikkje å sjå. Og sidan eg hadde koffert og mange ting ståande på hotellet, var eg nokså sikker på at det måtte vere der, og da var liksom løpet køyrt for min del. Men Kari og Ida insisterte på at eg måtte leite godt igjennom sekken min, og på botnen av sekken dukka passet opp – så det vart tur på meg også. Men det var også ei grei vaksenopplæring i viktigheita av å halde styr på tinga sine!
Flyturen til Pasadas gjekk veldig greitt, og i 9-tida kunne vi hente ut bilen vår, ein Chevrolet (som kan høyrast veldig fint ut, men som eigentleg ikkje var meir enn det måtte vere). Vi kopla da opp GPS-en, og sanneleg virka han også her inne i Misiones, og med eit slikt hjelpemiddel var det lett å finne fram til Oberá. Vegane var også gode, så dei drygt 100 km gjekk unna på vel ein time. Og byen var i det store og heile slik eg hugsa han, og det var lett å finne fram til hotellet. Dette ser eigentleg ut som ein liten landsby, byen ligg i eit nokså bakkete landskap, og trafikken i gatene gir absolutt ikkje inntrykk av anna enn at dette må vere ein småby. Men det skal altså bu over 100.000 her, og det er faktisk vanskeleg å forstå.
Etter å ha sjekka inn og fått oss litt mat, var det på tide å sjå innom den svenske kyrkjegarden sør for byen. Denne fann vi lett, men her dukka det også opp eit problem: Dei siste 20 åra har eg berre hatt tilgang på sentrallås på bilen, og dersom det ikkje er ein knapp på nøkkelen ein berre trykker på for å låse alle dørene, så er det elles nok å låse døra på førarsida. Det er ikkje nokon knapp på bilnøkkelen vår no, derfor har eg vridd nøkkelen i bildøra i tru på at eg da låser alle dørene. Men no forsto eg at det ikkje er slik her, førardøra kunne eg låse på denne måten, men ikkje dei tre andre. Og da vart det mykje toppkompetent spekulering utan at vi klarte å løyse gåta. Vi vart da samde om at Kari og Ida skulle sjå på kyrkjegarden medan eg venta i bilen og grubla over dette mysteriet. Heldigvis kunne eg etter ei stund melde «εὕρηκα», men dette var i høgste grad «etter ei stund», og løysinga var ikkje heilt intiutivt: Samtidig skal eg ikkje geniforklare meg berre fordi eg no klarer å låse ei skarve bildør – så dette representerte sjølvsagt ikkje eit vitskapleg kvantesprang, men lell ……
Etter denne storhendinga, var det på tide å besøke svenske Erik, som bur eit stykke utanfor byen her. Vi sleit litt med å finne fram, og vegane var ikkje heilt prima, for å seie det mildt. Dette er frykteleg humpete og dårlege jordvegar, og sjølv med roleg fart fekk Ida i baksetet verkeleg rista seg. Men vi fann fram til slutt, og denne svensken bur på ein flott plass langt unna det vi skandinavar er vane med å rekne som sivilisasjonen. Her var telefonsignala elendige, internett og TV skulle heller ikkje vere så fryktelege mykje betre.
Erik viste oss verkstaden sin da vi kom, og det var interessante saker som verkty og teknisk utstyr av ymse slag. Her kunne han drive med veldig mykje rart, inkludert smedarbeid. Og akkurat no arbeidde han med ulike innretningar som kunne brukast ute i rurale strøk til å produsere straum. Vi vart med inn i huset hans, og etter litt innleiande småprat var det Ida sin tur til å sleppe til, og i nesten to timar kunne desse to svenskane sitje i fred og ro og prate svensk. Litt tid til såkalla «games» var det også, så i seks-tida kunne vi returnere til hotellet igjen.
Vi er vel eigentleg litt slitne, blandinga jetleg og korte netter kostar. Men ein matbit måtte vi likevel ha før vi tok kvelden. Det viser seg at ein finsk språk-kollega er her i Oberá akkurat no for å drive feltarbeid, og vi avtalte å møte henne. Så resten av kvelden gjekk med til hygge og fagprat (og snittflata mellom desse to må nok seiast å vere stor) i sommarnatta.
Og slik går nu dagan her i Misiones…..