Så er eg tilbake her i sør etter ei nokså lang reise frå Chicago, via Miami til Buenos Aires. Men for første gong som prærielingvist klarte eg å sove fleire timar på flyet sørover, så eg var ikkje heilt vrak da eg gjekk av flyet. Og berre ein liten halvtime etter at eg landa, dukka også resten av gjengen opp og saman kunne vi gå gjennom tollkontrollen og ut i ei svært så heftig sommarluft her i Argentina. Det var ingen tvil om at præriehabitten med tjukke skjorter og norsk vinterjakke frå Dressmann ikkje heilt var kleskoden her – for på denne delen av kloten var det kort sagt veldig varmt, og varmare skulle det blir utover dagen. Veronica skaffa to taxiar for oss, og turen inn mot hotellet ga meg også mulegheita til å varme opp litt språkleg. For eg har dessverre aldri studert spansk ( no som godt vaksen på eg innrømme at det har vore ein tabbe), men på den andre sida er eg gift med spanjol og har også barn som snakkar spansk. Dermed har eg jo plukka ut eitt og anna som gjer at eg kan kommunisere, og eg har også utvikla ein strategi der eg prøver å utnytte vaklande språk-ressursar så godt eg kan. Og drosjesjåførar er gjerne glade i å prate. Eit stykke på vegen kasta eg ut eit par spørsmål for å vise at her var det ein kar som gjere ville kommunisere litt, og drosjesjåføren kasta seg på, og vi hadde ei lita økt med præking å turbytte, noko som ga ei føling av meistring og eit smak av korleis livet som kosmopolitt og polyglott kanskje kan vere. Men kor lenge var Adam i paradis? For joda, eg klarte å serve nokre spanske pasningar, og sjåføren returnerte svar som eg i stor grad forsto. Men så snudde han samtalen mot fotball-VM, og da braut det heilte saman. Og denne gongen innsåg eg at denne kollapsen primært var knytt til mine sviktande fotballkunnskapar. For jo, eg kunne sikkert ha sagt noko fornuftig om det norske bronselandslaget på 1930-talet (for eksempel kunne eg da ha sagt noko om at Tippen Johansen var keeper), eller VM-finalen mellom Tyskland og England i 1966 (da Bobby Charlton var kaptein for England og det under finalen mellom England og Tyskland var stor diskusjon om ballen var over målstreken), men om det argentinske landslaget no har eg ingenting å melde (for Maradonna er vel daud og kan derfor ikkje vere med på laget dette gongen?). Så ville sjåføren ha greie på norsk landslagsfotball, og eg hadde like lite å melde der, må eg dessverre melde: Men hadde eg fått spørsmål om tida under Drillo, så skulle han ha fått beskjed – men det gjorde han altså ikkje. Kort sagt, eg innser no at eg har null peiling på samtidsfotball – hmmmm…..
Igjen skal vi ha Recoleta som base, og hotellet vi har fått, ligg like ved denne berømte gravlunden (eller kva ein no skal kalle det for). Sidan vi kom så tidleg, var det ikkje rom klare for oss, men det var i og for seg OK, for vi var nok alle litt svoltne og ville ha oss ein matbit. I fjor da vi var her, etablerte vi ein stamrestaurant, og dit måtte vi også søke no. Og for ikkje å bryte tradisjonar vart de snitsel på dei fleste. Og sjølv om det har vore ei heftig prisstiging her, så er mat framleis billig i dette merkelege landet. Ferdige med måltidet tok etter kvart romma våre til å bli klare, og nokre av oss kunne flytte inn og etablere bagasjelager for dei andre.
Pengesystemet i dette landet er også fryktlege merkeleg. På overflata kan det nesten sjå ut som at pengepolitikken fungerer i arbeidet med å stabilisere dollaren, men samtidig er det ein såkalla blå valuta som blir veksla i gata og som er neste dobbelt så fordelaktig. Offentleg kurs er at ein dollar er rundt 150 pesos, på gata ligg denne på rundt 300. Vi hadde ein vekslingskontakt frå i fjor, og dit strena tre av oss med dollar som no skulle bli til frykteleg mange pesos. På «bakrommet», eller rettare eit venterom med skranke som låg ei branntrapp opp frå der folk flest beveger seg, fekk vi veksla inn ein litt mager bunke med dollar med ein svært så omfangsrik argentinsk bunke. Vi la det meste av denne bunken i veska mi før vi til fots og med buss starta heimover.
Etter at pengane var trygt i hus skjedde det vel ikkje så veldig mykje ut over at vi prøvde å planlegge opphaldet vårt litt medan vi er her, og også få oss ein matbit på ein utebar utpå tidlegkvelden. For i morgon må vi opp i otta, i halv fem-tida, for å ta flyet opp til Posada og deretter bil til Oberá. Dette bør bli moro. Så i rett tid tok vi avskil og sikta oss inn mor senga og ei litt kort natt.
Og slik går nu dagan…