Tysdag 8. november: Westby, Viroqua og La Crosse

Så kom altså siste dagen med feltarbeid her på prærieviddene for denne gongen, og klokka 10 hadde vi avtale med Tip og Bonnie i Vanilje-kyrkja. Tip er ein av dei vi har gjort opptak av over mange år, frå tidleg 1990-talet og fram til i dag, så slik sett bør han vere interessant. Og sjølv om han synest han tek til å bli gammal med 90 år på baken, så har han framleis moro av å snakke norsk. Og med seg hadde han også den eldste dottera, som er fødd på slutten av 1950-talet; også ho synest det er moro med norsk. Så det vart altså ei aldri så lita fest-tid oppe i kyrkja medan desse snakka. Så kom det ei anna dame som kyrkja hadde henta inn, og ho kunne også snakke norsk, men det er noko med konteksten når mange norskamerikanarar møtest: sjølv om dei alle i større eller mindre grad synest det er moro så snakke norsk, så glir det fort over til engelsk så snart dei blir fleir enn tre (noko som vi også var). Så sjølv om vi her kanskje ikkje fekk samla inn banebrytande språkdata frå denne dama, så er det likevel viktig å dokumentere språk og handlingar til alt norsk gjennom ein slik samtale. Da klokka drog seg til litt over tolv, etterlyste kyrkja Sam, og kort tid etterpå møtte han opp. Og igjen fekk vi eit par gode timar saman med denne gamle farmaren, og han er svært ivrig etter å snakke norsk. Og når han var framfor kameraet, var det som å kaste på ein femmer, for han snakka i eitt. Rett nok er tydelegvis høyrsla hans svært redusert, så han høyrde ikkje spørsmåla mine. Men det stoppa han ikkje frå å snakke, så dette var i stor grad «Goddag mann, økseskaft», men for oss som er meir opptekne av korleis han snakkar enn kva han seier det, så var dette heilt topp.

Men klokka gjekk fort, og i tre-tida hadde vi ein ny avtale med ei dame i 50-åra, som vi skulle møte i Veroqua. Og igjen var det berre (nesten) å avbryte samtalen med Sam for å kome oss vidare, og berre to minutt for seint var vi på plass i eit hjørne av biblioteket her i det gamle sogning-strøket. Vi rigga opp utstyret vårt raskt, og denne dama var tydelegvis uroleg, for i dag er det val av representantar her i Statane, og vi hadde nok litt samanfallande syn på korleis vi håpa – og frykta – dette ville gå. Men trass i denne uroa var ho veldig snakksam og ga oss gode data og nærare forståing av korleis bakgrunnen hennar var. Vi både henta inn info om bakgrunn og gjorde nokre «games» for å få henne til å fortelje ei historie på norsk og på engelsk. Og da vi ei stund seinare kunne pakke saman utstyret, visste vi at no tok dette feltarbeidet til å ta slutt snart, det er berre ein igjen som skal intervjue. Vi har avtale med dottera til denne dama medan vi er i Madison på konferanse; ho er student i byen, rundt 20 år og dermed den desidert yngste talaren i materialet vårt. Dessutan har ho to yngre sysken, så «to  be continued», som dei seier.

Vel tilbake i Mazdaen bestemte vi oss for å køyre tilbake til La Crosse og avslutte denne runden med felt arbeid med ein matbit og ein ølskvett oppe på 3rd street. Men her må det seiast at vi var nokså nære å drive matauk sjølv på vegen mot La Crosse. For rett som det var (midt mellom avkøyrsla til Bohemiryggen og  Indi-bluffa for lokalkjende) så kom det springande tre hjortar over vegen – nok så nære, men ikkje kritisk nære. Eg trampa på bremsa og reduserte farten, og det var frykteleg bra, for like etterpå kom det fjerde dyret (som denne skapningen blir kalla her borte – deer = dyr), og denne gongen var ikkje klaringa så veldig stor – heldigvis gjekk det bra.

I La Crosse, og litt seinare på kvelden søkte Lykke og fromme seg litt på måfå ut i nattelivet. Vi fann ei burger-kneipe nede i sentrum der vi fekk oss ein matbit, og rett over gata var det også ei kneipe der ein kunne få seg eit glas med kald øl.

Og her sluttar soga om Lykke og fromme på feltarbeid for denne gongen. Det som ventar no, er reise austover til Madison, WILA-konferanse med presentasjonar for oss begge, deretter tek vi avskil på søndag der Lykke reiser medan eg blir igjen på prærien: Eg reiser til La Crosse da for å sjå innom Larry igjen, deretter set eg kursen mot Chicago måndag. Og tysdag sit eg på flyet sørover mot nye feltarbeidseventyr – denne gongen blir det pampaslingvistikk i Argentina. Eg tek pause i blogginga til da.

Å slik går nu dagan ……

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.