Måndag 7. november: La Crosse, Westby, Con Valley og Norskedalen

I dag måtte vi opp tidleg, og i kjent Lykke og fromme-stil så var ikkje alt heilt på stell når det gjeld avtalar, plassar, informantar og slike ting. Vi hadde rett nok avtale om å møte Doug klokka ni, men fram til å går kveld hadde vi litt vage meiningar om kor dette møtet skulle skje. Så vi sendte ein e-post til den såkalla Vanilje-kyrkja (som framleis er konkurrent til Sjokolade-kyrkja – 150 år etter splittinga og striden om predestinasjon og over hundre år etter at dei ulike synodane slo seg saman igjen), og seint i går kveld fekk vi svar om at vi var velkomne i møtelokala der for å gjere opptak. Vi visste heller ikkje kor mange som ville kome, men vi hadde jo eit lite håp om at Doug skulle få tak i nokre. Resultatet vist seg derfor å vere at vi hadde vi ein plass å vere, men ikkje så mange andre enn Doug å prate med. Men sekretæren i kyrkja tok ansvar og kasta seg over telefonen, og snart hadde ho ei lita liste med namn for oss. «Heilt konge», som ungdommen gjerne seier!

Så da starta vi med Doug, og han er ein erfaren informant som har vore med på dette mange gongar, og Lykke drog lasset denne gongen og klarte å dra ut ein dryg time med opptak av denne karen. Og når Doug var ferdig, stod det ein ny kar og venta på oss, ein av dei beste lefsebakarane frå Skogdalen (som no har flytta inn til byen etter at heimen hans vart heilt øydelagt av flaum for nokre år sidan). Igjen så vart det ei veldig triveleg stund med ein veldig oppegåande norsktalar her.


Så vart det plutseleg lunsjtid, og da måtte Lykke og fromme prøve å finne ein plass å ete. Tidlegare har Borgens kafé vore sikkerstikket for prærielingvistar, men etter pandemien er det veldig mykje som har endra seg, også matvanene her ute på dei store viddene. Så no er Borgens stengt fleire dagar i veka, inkludert måndagar. Vi såg oss litt rundt i Westby, men alt av etarplassar såg stengde ut, så derfor sette vi kursen ned til Coon Valley, der det også er nokre slike plassar. Men også i Coon Vallary var alt stengt, så vi endte faktisk opp med å kjøpe oss litt mat på bensinstasjonen. Deretter måtte vi innom Norskedalen – her er det alltid eitt og anna norskamerikansk stæsj ein kan plukke med seg heim. Så måtte vi jo inspisere det gamle norske landsskapet her, og da gjekk vegen vidare oppover Skogdalen, planen var å sjå hoppbakken, men da må ein jo svinge av ved Skogdalskjerka for å kome opp Øyumsdalen. Men slike svinge-detaljar er tydelegvis lette å gløyme, så vi fortsette med stø kurs opp dalen, og om til slutt opp på prærien igjen, ikkje langt frå Cashton. Derifrå fann vi (utan GPS) tilbake til Westby og det gamle hardware-ståret til Degnes, som no mest er eit utsal av norskamerikansk juggel. Vi prata med folka der og kjøpte også med oss nokre småting. Så dette var ein dag full av moro. Etter Degne-ståret sette vi kursen tilbake til La Crosse, og da måtte vi sjå innom Larry. Dette er ein fantastisk type som er utruleg glad når han får snakke norsk, og tidlegare har eg alltid brukt han som kontaktperson. Men no er kona hans sjuk, og det krev absolutt sitt nær sagt døgnet rundt. Uansett, vi hadde det veldig triveleg med litt småprating der.

Vegen vidare inkluderte ein tur innom det store grosseri-ståret i La Crosse (tidlegare Quillins) og også ein aldri så liten svipptur forbi Madison street. Vi stoppa ikkje der, berre køyrde roleg forbi det som var heimen mine for over 30 år sidan. Dette er absolutt ein stad der eg har veldig mange gode minne – memory lane, som dei seier: Det var ein heilt fantastisk periode i 1986-87 som på veldig mange måtar har forma meg, både fagleg og på andre måtar; eg kom jo dit for å dokumentere det amerikanorske språket, og det er jo derfor eg er her i dag også. Og så var det middagen da, rett ved sida av hotellet er det ein gammal togstasjon som no er restaurant, og dit fann vi vegen. Og det var eigentleg ei veldig fin avrunding av dagar på vegen. Vi skal framleis drive litt med feltarbeid, men no er det i litt meir faste former, og vi skal overnatte meir enn ei natt på same plassen. Og det siste er veldig stas 😊

Og slik går nu dagan…..

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.