Søndag – og endeleg ein litt lang søndagsmorgon. For det første har vi ikkje avtale før i Brooten klokka eitt; dessutan fekk vi ein time ekstra på grunn av at amerikanarane slo til med vintertid i natt. Så dermed vart det ein litt roleg morgon med god tid over kaffikopp og avis før vi pakka saman «stoffet» vårt og lempa det i bilen. For å sleppe å sitte i bilen og vente på at klokka skulle bli halv eitt, sat vi i resepsjonen i staden og jobba litt. Og ikkje minst brukte vi tida til å tulle: av ein eller annan grunn (joda, grunnen er nok at vi til tider sit time etter time i bil medan vi rullar over prærien, og da er det jo fint å finne noko å korte tida med) så har vi fått det for oss at vi skal kommunisere på eit tullespråk som kanskje kan minne om prærie-lomsk, der trykkforskyving, preaspirasjon av klusivar og etterleddstrykk er sentrale ingrediensar, i tillegg til dativ og slike heftige ting. Og for oss to som driv med dette, er det (til tider) veldig moro (når ein absolutt ikkje har noko anna å bruke tida på), men for andre blir det sikkert oppfatta som eit sikkert teikn på ein eller annan alvorleg psykisk diagnose. Men altså, vi kan bruke time etter time på å tulleprate på denne måten. Når eg tenker meg om, så kan eg vanskeleg forestille meg at Seip og Selmer eller Haugen og Oftedal dreiv på med slike ting – men for Lykke og fromme er dette absolutt «innafor».
Så ja, i tolvtida lempa vi tinga våre (som etter kvart har vorte nokså mange) inn i bilen. Og for å seie noko om bilen – vi bestilte ein liten SUV, og det var vel også det vi fekk, ein Mazda CX 30, som burde vere meir enn stor nok for to, men når vi fyller opp bakrommet med to store koffertar, er det ikkje meir plass der, så baksetet er også nokså bomba. Logistikkmessig er det veldig bra at vi berre er to på denne turen, det er rett og slett ikkje plass til ein tredje i baksetet. Men så er vi også berre to, jau, jau, slikk e de ….
Også denne gongen sleit vi litt med å finne fram i Brooten, for dette er absolutt det som må kallast rurale strok. Men Lykke og fromme har jo vore ute ein vinterdag før, så vi fann fram i rimeleg grei tid. Eigentleg så godt tid at vi (på tulle-gudbrandsdalsk) starta diskusjonen om vi berre skulle sitte i bilen til klokka var eitt, eller om det var «innafor» å ta kontakt litt tidlegare dersom ein no skulle vere så uheldig å kome for tidleg – ingen av oss to er eigentleg slik innretta at vi bruker å kome for tidleg og har lang erfaring med det. Det vart til at vi banka på.
Her hadde kontakten vår invitert ein dame i 90-års som kunne snakke norsk. Og det gjorde ho sikkert, utfordringa vår var at dottera var med som sjåfør og hadde uvanleg stort håp om at mora skulle stå fram som ei stor språkstjerne. Og om det er litt krevjande å hente fram eit litt skranglete språkregister litt på sparket, så blir det ikkje særleg betre av at etterslekta er med og i klarspråk melder inn kva forventingar dei har til fleirspråklegheit og mangfald. Men joda, dama snakka jo ho, og det var eigentleg ei veldig triveleg stund vi hadde der. Vi skulle gjerne ha vore der litt tid, men prærielingvistikken er ein hard herre, vi hadde ein litt uklar avtale om møte heilt nede i Wanamingo (fire timar med bil), så etter at vi hadde fått gjort opptaka våre, måtte vi berre reise vidare søraustover inn i trøndsk landskap, til Goodhue county og Wanamingo, der vi skulle møte inntrøndske Irene. Dermed var det berre å finne fram det tulle-gudbrandsdalske registeret og navigere seg gjennom nesten fire timar med prærielandskap. Vi kom fram til Wanamingo i tidleg-kveldinga, og vi hadde eit veldig triveleg møte med Irene. Vi hadde eigentleg mykje å oppdatere kvarandre på etter nesten fire år, og ho ser ut til å klare seg bra, sjølv om ho vart åleine for eit lite år sidan. Opptaksutstyret kom også fram, så unge Lykke kunne da hente inn strukturerte data, i tillegg gjekk opptaksutstyret medan vi drakk kaffi og åt pai. Kort sagt, så var dette ei veldig triveleg stund. Men det tok til å bli seint, og vi hadde framleis rundt to timar vidare før vi var i La Crosse, der vi skulle overnatte. Denne etappa gjekk heilt glatt: etter å ha teke avskil med Irene kunne vi på tullegudbrandsdalsk kommentere oss igjennom eit nytt landskap før vi etter kvart var nede i dalen og ved Mississippi-elva. Deretter trong eg litt hjelp frå GPS-en, sidan eg ikkje er heilt sikker på kor dette hotellet er. Men joda, vi fann det, og dette er absolutt «all time hight» nr det gjeld overnatting, phæntæstic!!!! Alt av restaurantar ser ut til å vere stengt no, så vi ende opp med ein pizza og litt øl på rommet før vi tok kvelden: makelaust!!!
Og slik går nu dagan i dette mangfaldige språklandskapet ….!