I dag vakna eg i litt meir «vanleg» tid, eg tek altså til å bli akklimatisert til rytmen her på viddene. Og dagens avtale var med ein av dei norskamerikanske småkongane her i Sons of Norway-losjen i sentrum klokka 11. Morgonen brukte eg til ulike småting av meir administrativ art, og litt før elleve var prærieskonnerten fullasta og klar.
Å finne fram til losjen var lett – i alle fall når ein har hjelp av GPS. Og i døra der vart vi møtt av to trivelege karar, kontakten vår og leiaren for losjen. Og begge snakka godt norsk. Det var veldig tydeleg at for dei var det veldig viktig å vise fram sjølve losjen, og det står ikkje å nekte for at dette er eit imponerande bygg med både restaurantdel, festsal og bar. Karane la ut om alle dei ulike detaljane ved bygget, medan Lykke og fromme hengde seg på og prøvde å ta inn over seg dei ulike interiørarkitektoniske detaljane. Eg trur kanskje at vi begge to syntest at dette var litt «over the top», for det var ikkje måte på korleis vikingar, troll og bonderomantikk vart koka saman. Men samtidig var dette veldig fascinerande for slike som oss.
Vi hadde eigentleg venta ein liten kø av språkmektige her, men det var det ikkje, no når hjortejakta har starta, så er det nok uråd å kalle inn språkmektige norskamerikanarar på så kort varsel. Men ein får ta til takke med det ein har, derfor konsentrerte vi oss om dei to vi hadde, og det var eigentleg interessant nok. Presidenten i Sons of Norway er er pensjonert prest, og han studerte ei tid i Noreg, i tillegg til at han ei kort tid var prest i Salten. Og dette hadde sett språklege spor: han fortalte at faren var det som dei i Westby ville kalle «Flekkefjording», med bakgrunn på Sørvestlandet, og dette preke til ein viss grad språket hans. For til vanleg snakka han «bokmålsk», altså litt norsk etter læreboka. Men så glei han etter kvart over til å bli sørlending med bløde konsonantar og mild stemme. Deretter kunne han varte opp med nordnorske intonasjonsmønester, med «æ» og «ikkje». Dette var ei veldig interessant stund, og sjølv om vi ikkje fekk så mange som vi hadde håpa på, så var det vedig interessant å møte desse to. Litt over klokka eitt hinta dei at dei hadde andre avtalar snart, og så godt danna som Lykke og fromme er, tok dei hintet. Så i to-tida tok vi ut kursen mot Alexandria, ikkje langt frå Glenwood. For vi har dei siste timane fått hint om at det kanskje kan vere fleire norskspråklege i området rundt Glenwood som gjerne vil snakke med oss. Og vi kunne sjølvsagt ha sett kursen mot Wisconsin med ein gong, men trass alt så er det laurdag, og det kunne jo vere litt OK med ein bitteliten pause frå organisert prærielingvistikk. Motellet i Alexandria var ei aldri så lita oppgradering frå motellet i Fargo, sjølv om vi ikkje kan snakke om uhemma luksus. Men det var reint (noko eg med alderen har lært å setje pris på), og senga var også rimeleg bra (og det har eg heller ikkje noko i mot). Men her hadde vi ingen kontaktar, så eigentleg var planen vår å vere her litt i håp om at det skulle dukke opp litt fleire i Glenwood-området, og det gjorde det faktisk. Kontanten vår, Arlene, meinte at ho kunne skrape saman eit par til som vi kan ta i morgon. Så da er det berre å vente. Vi hadde ein roleg ettermiddag og kveld, og det var eigentleg godt etter nokre hektiske dagar. Og kvelden vart runda av på «etarplassen» ved sida, der vi hadde selskap av mange jegerar i kamuflasjedressar om kanskje hadde noko å feire, og kanskje ikkje.
Og slik går nu dagan her i dette merkelege landet…