Nede i Glenwood bles det veldig, ja så kraftig at vi kanskje trur at vi fekk ein aldri så liten bulk av nabobildøra på parkeringsplassen ved motellet. For det var verkeleg krefter på gang, og Lykke fekk seg ein god trykk i trynet da døra hans starta opp heilt på eiga hand. På veg opp til Fargo regna det rimeleg godt, og no er det klårver, men kaldt. Altså minusgradar, men eigentleg ikkje noko dramatisk. Men når vi for eit par dagar sprada rundt i t-skjorte kjem no både boblejakke og sixpencehuva til sin rett – og vel så det, eg frys lett her på flatlandet. I dag hadde vi avtale om å møte ein gjeng norskspråklege karar oppe i Ulen, MN, og det måtte skje etter «middag», for i denne delen av verda er det best å ete «middag» heime, og det skal naturlegvis skje «klukka tøll». Så derfor er det best å møtast klokka eitt.
Vi brukte morgonen til lett kontorarbeid før vi sala opp Mazdaen, sette Ulen inn i GPSen og starta motoren. Ulen skulle ligge ein liten times tid unna, og som svært lydige karar gjorde Lykke og Fromme akkurat som stemmen i GPS-en sa (dama i denne boksen har for anledninga fått namnet Hjørdis). Og turen gjekk jo greitt den, og den hadde sikkert gått heilt glatt og uproblematisk om ikkje eg var fargeblind. For det var tydelegvis eit litt iltert raudlys som stod og blinka på dashbordet når vi bevega oss inn i Minnesota, eg vart var denne gråsjatteringa da vi passerte Rollag, og da skulle tanken vere nesten heilt tom medan vi framleis hadde mange mil igjen til Ulen, der det faktisk skulle vere to bensinstasjonar. Og eg skal ikkje nekte for at tanke på å høyre eventuelle kommentarane i det nære forskarmiljøet om at han derre Fromme skulle ha gått tom for bensin, ikkje var særleg tiltalande. Og dei siste kilometrane før Ulen sat eg stort sett og såg på GPS-en og bensinmålaren. Men vi klarte det, og sidan Ulen faktisk har to bensinstasjonar (og svært lite anna av urbant stæsj), kunne vi faktisk nesten velte oss i rekkeviddeluksus gjennom å kunne velje å tanke i stasjonen på både venstre og høgre sida.
Utafor Ulen-museumet stod det to gamle kjenningar og venta, tvillingane frå Flom, og ikkje lenge etter dukka den eine etter den andre opp slik at vi til slutt var seks språkmektige samla der. Igjen, så var dette i meste aget for oss to å turnere, men kontakten vår tok på seg rolla som underhaldar på venterommet, medan Alex og eg installerte oss i kvar del av lokalet. Og på dei fleste hadde vi alt bakgrunnsdata, og dermed sapp vi å bruke tid på nettopp det. Den einaste nye var ein stuggudaling tidleg i 60-åra, han var andregenerasjons innvandrar sidan mora hadde kome over som gift med ein norskamerikanar med røter i Tydalen. Og historia hans vr nokrså interessant, han snakka noko som likna på bokmål, men han hadde snakka (nesten?) berre tydaling til han var fire, deretter tok engelsken over, og han hadde lenge unngått å snakke norsk til foreldra sjølv når dei snakka norsk til han. Men da han vart student, vart interessa hans for opphav og språk vekt igjen, og da hadde han altså lært seg eit meir normert talemål. Men det var også tydeleg at han ikkje snakka eit andrespråk, til det snakka han for godt. Og det er også godt å sjå at det enno finst «unge» prærietalarar (og her ute på viddene vil eg hardnakka hevde at dei som er jamgamle med Beatles eller yngre, representerer eit «ungdomsspråk»).
Vi fekk samla inn nokså mykje data her, og eg trur også at kvaliteten denne gongen er betre enn det vi fekk samla i Glenwood. Tida går fort i godt lag, og dette var eigentleg første dagen at det verkeleg svinga litt 😊 Men samtidig er det også eit spørsmål om kapasiteten vår: I gamle dagar brukte eg gjerne å reise rundt frå farm til farm, og da tok eg meg veldig god tid på kvar – dermed klarte eg heller ikkje meir enn to om dag, ein før lunsj og ein etter. Men no prøver vi altså å gjere unna seks på relativt kort tid, og det er jo veldig bra, men også krevjande – både mentalt (etter å ha snakka med seks er det av og til umuleg å hugse kven som har sagt kva, og derfor kan også oppfølgingsspørsmåla bli litt håplause) og logistikkmessig (kor lenge skal ein kunne plage folk til berre å sitje og vente?). Men utå tidlegkvelden var vi eigentleg ferdige, folk tok til å bryte opp, og vi kunne også pakke saman «stoffet» vårt og lempe det inn i bilen. V tok avskil, og i sur vind og vakker solnedgang kunne vi kruse ut frå Ulen, passere de mindre kjente stadnamnet Hjelde-brusken (på høgrehanda) på veg mot motellet vårt i Fargo. Og kvelden vart avslutta med eit mål mat på den meksikanske restauranten og litt småprat på rommet før vi heilt tok kvelden.
Og slik går nu dagan på prærien.
Fredag 4. desember 2022: Fargo og Ulen
Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.