Månedlig arkiv: oktober 2025
Onsdag 22. oktober 2025: Glenwood, Sunburg
Dagen i dag var også spanande sidan vi ikkje heilt visste kva kontakten vår her kunne klare å grave fram av taleviljuge arvespråkstalarar. For eit par dagar sidan var talet oppe i 19, men da vi snakka med henne i … Les videre
Tysdag 21. oktober 2025: Oshkosh, Glenwood
EIn ny dag her på flatlandet, og i dag skulle vi inn i Oshkosh for å møte ein professor i «bygdeforsking», om det no er noko som heiter det. Denne karen var broren til Kari, som vi møtte i Minneapolis … Les videre
Måndag 20. oktober 2025: Madison, Stoughton, Oregon, Oshkosh
I dag vakna eg nokså brått, eg var trøytt og sidan vi skulle ha ein litt roleg morgon, så var planen min å sove til klokka 8 – minst. Men slik ville ikkje den førre gjesten på rommet, han hadde … Les videre
Søndag 19. oktober 2025: Plymouth, Madison
I dag skulle vi ha to rundar med samtale, i tillegg til at vi skulle forflytte oss 4-5 timar søraustover til Madison.Det første møtet var med ei dame med ph.d., noko som er svært uvanleg i prærielingvistikk-samanheng. Ho var andregenerasjons … Les videre
Laurdag 18. oktober 2025: Plymouth
I dag har vi ein liten latmannsdag, vi har berre ein informant som vi skal møte, og ho skal kome hit til hotellet ved nonsleitet, og da kunne vi endeleg ta det litt med ro frå morgonen av, og det … Les videre
Fredag 17. oktober 2025: Veroqua, Westby, Plymouth (Minneapolis)
Ny dag og nye mulegheiter. Sidan vi no er tilbake i Westby-området, kontakta eg igjen Kathy med tanke på litt «etter-rakster», altså å fange opp folk som så langt ikkje har vore med på dette. Og som vanleg leverer Kathy … Les videre
Torsdag 16. Oktober: West Salem, Chetek, Veroqua
Ein ny dag på prærien med litt småregn og ein smak av haust, og i dag skulle vi på langtur. David har ein kontakt oppe i det dei i Westby kallar Nordskogen, altså eit godt stykke nord for Eau Claire. … Les videre
Onsdag 15: oktober 2025: West Salem, Westby, Veroqua, La Crosse
Dette er foreløpig siste dagen i området rundt Westby, og også i dag køyrde vi country-råden sørover gjennom eit vakkert og noko bølgade landskap før vi etter kvart såg litt av både Cashton og Westby. Igjen hadde vi avtale frå … Les videre
Tysdag 14. oktober 2025: West Salem og Westby
I dag var ein ny dag med feltarbeid, og no tek vi så smått til å få litt rutinar på plass. I tillegg kan vi no vi setje frå oss utstyret over natta slik at vi slepp å pakke opp … Les videre
Måndag 13. oktober 2025: West Salem, La Crosse, Norskedalen, Westby.
Da eg la meg i går levde eg i den villfaringa at eg hadde eit nettmøte i dag klokka sju. Så eg sette på vekkarklokka (for første gongen her ute på prærien) med tanke på dette. Og like før sju … Les videre