Så er det ein ny dag her på prærien, og finveret er det same. Og når eg ser ut av motellrommet, er det lett å sjå at hausten er på gang: lauvet tek så smått til å bli gult, og lufta er veldig klår. Dagen starta svært roleg, eg låg fram mot sju før eg stod opp, jobba så litt med diverse «kontorting» før det var frukost. Og frukosten her på AmericInn er som det bruker å vere på slike plassar; mykje søte småbrød, men også toast og vaffeljarn, og da blir det gjerne dei to siste. Med juice og kaffi til. Klokka 10 hadde vi avtale med to trauste karar, og denne gongen her på hotellet. No tok vi oss tid til å gjere utstyret klart, og karane kom veldig presist, slik dei bruker å gjere i desse delane av verda. Gordon hadde teke vegen frå Ulen, medan David var kortreist frå Fargo. Og igjen kan David på nittito levere varene, og samtalen og elisiteringa med han var uvanleg lett.
Gordon har mindre språkleg kompetanse, og dermed også sjølvtillit. Og når slike straks melder at dei helst vil snakke engelsk, så veit ein jo kva veg det går…. Men ja, dette kunne heilt klart ha vore verre, og som vanleg var det veldig triveleg å snakke med desse to. Og sidan dei var to, så kunne vi også ta mindre pausar og gå til resepsjonen for å småprate litt medan den andre var under behandling. Kort sagt, for meg var dette eit godt gjensyn. Utruleg nok har David delvis aner til Vang på Inderøya, noko eg også har, så her er det kanskje litt å grave i med tida 😊
Etter at vi hadde teke avskil med desse to trauste «norskerane», så bestemte vi oss for å gå på meksikansk restaurant for å få oss litt mat, noko som gjorde godt, Deretter vart det litt «kontorarbeid» før vi bestemte oss for å krysse «lina» for å sjå «Hjemkomst-museet». Sjølvsagt måtte jo det vere stengt da vi kom dit, med stavkyrkja fekk vi med oss. Vi (kanskje mest eg) hadde også lyst til å sjå Ivar Aasen-statuen på Concordia college, men denne viste seg å vere uråd å finne, vi leitte litt, men når sant skal seiast, så anstrengde vi oss kanskje ikkje så veldig.
Deretter vart det ei tur til «grosseriståret» for å få tak i litt «påssåmat», og kvelden gjekk deretter med til å ete noko av dette på «pikeværelset» til Sophia, samtidig som vi prata og høyrde litt på musikk. Men denne forbaska «jet-leggen» sit i og det vart ein tidleg kveld.
Og slik går nu dagan her i dette merkelege landet….
Fredag 10. oktober 2025: Fargo, Morehead
Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.