Fredag 11. oktober 2025: Fargo, Billings, Faribault.

I dag måtte eg sjølvsagt sovne av, og dette uhellet heng nok saman med litt lite søvn reint generelt, i tillegg til at eg trur eg har ei forkjøling som har starta å plage meg litt. Det må her seiast at det ikkje er store ting ut over litt ukontrollert hosting og nysing, og eg føler meg nokså trygg på at eg i løpet av ein dag eller to er gulle god igjen.

I dag var det litt «Rykker tilbake til start» sidan vi skulle ned til Brookings i Sør Dakota igjen, men sidan det er fleire tiår sidan eg turnerte dette området, så tok eg på ingen måte stor skade av dette, for det var i dette området eg ein gong i tida surra rundt på leit etter inntrønderar. Den største skilnaden må kanskje seiast å vere fartsgrensa, for førti år sidan var det 55 miles i timen, no er dette heva til 70! Som sagt så sovna eg heilt av i dag, og det gjorde veldig godt (sjølv om det sikkert irriterte reisefølgjet mitt aldri så lite). Ein liten time etter planen kunne vi sette oss i bilen og køyre dei rundt tre timane sørover til Brookings. Der skulle vi møte ein prest med vestnorsk bakgrunn, og dette var ein kar som var god på norsk, han var nordfjording, og han var også nokre år yngre enn meg. Så det var verkeleg ei triveleg stund i sakristiet. Og det mest utrulege var at denne karen hadde begge utgåvene av Einar Haugen i bokhylla. Og for å toppe det, hadde han skrive masteroppgåve om det norske språket i Amerika. Så mykje betre enn dette er det vanskeleg å kome. Så ja, turen innom Billings var verdt omvegen vi tok.

Etter at vi takka for oss, gjekk kursen vestover: i morgon er planen å møte Irene i Goodhue County, og deretter skal vi krysse «Mississippi-røvel’n» inn i Wisconsin. Bilturen austover var i og for seg interessant; vi passerte Oppdal church, og også småbyen Tyler, som berre må vere dansk; her var det både Kronborg bar og «Æble skiver days». Og om vi hadde hatt tid, kunne vi sikkert ha sjekka litt grundigare om det er skandinavisk-språklege her. Etter ganske så mange timar i bilen, tok vi til å nærme oss dei meir austlege delane av staten. Vi passerte både Minnesota-elva og New Ulm, namn som gjev sterke assosiasjonar til indianaropprøret i 1862.

Eter kvart kom vi endeleg fram til Faribault, som det kanskje er litt vanskeleg å kalle ein sjarmerande småby, men ein urbanisasjon er det jo. Etter at vi sjekka inn på motellet (som må seiast å halde ein i høgste grad moderat standard som i høgste grad må vere innafor det økonomiavdelinga ser på som moderasjon), tok vi turen innom næraste «grosseriståret» for å kjøpe med oss litt tørrmat. Og resten av kvelden var vi gjester på «pikeværelset» til Sophia. Men igjen, så vart det ingen seinkveld, som døgnvill er det veldig krevjande å halde seg vaken litt utpå kvelden, og her ute på viddene er eg berre heilt hjelpelaus som nattmenneske, eg håpar berre at eg snart har funne ein grei døgnrytme igjen.

Og slik går nu dagan her på prærien…

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.