Ein litt roleg søndag i dag, og etter ein standard motellfrukost med toast, vaffel, juice og kaffi, sat vi litt og jobba nede i matsalen. Men vi var vel også samde om at dette etablissementet kanskje ikkje akkurat oste av kos og heimehygge, det var heller litt småsjuskete og nedslitt, så derfor vart det tur til college-byen Northfield, der mellom anna St. Olaf’s College ligg.
Her fann vi oss ein kafe, og det var ei lita oppgradering. Altså, det var søndag i nonsleitet, og så var denne plassen nesten full av studentar som sat med kaffikoppen og las og studerte. Det er jo mykje ein kan seie om Amerika no om dgen, men det ga verkeleg von for framtida å sjå studentar som verkeleg jobba sjølv på ein søndag. Slike vil eg også gjerne ha heime hos oss! (Men eg må nok i ettertankens lys innrømme at unge Hjelde heller ikkje brukte kvar søndag formiddag til å studere, i alle fall ikkje i oktober når det framleis var leeenge til eksamen. Berre så det er sagt, liksom).
I eitt-tida pakka vi saman rasket vårt og prøvde å sikte oss inn på Wanamingo, men det gjekk berre halvveges bra, for det viste seg at den vegen som GPS-en ville ta oss, var stengt. Og til ville protestar frå damestemma i boksen, så endra vi kurs og følgde instinktet vårt, og sidan alle vegar fører til Roma, og nokre sikkert også til Wanamingo, så tok instinktet vårt etter kvart oss sørover, og forbi plassar med namn som Sogn og Urland, noko som jo peiker mot meir heimlege trakter.
Irene var heime i Wanamingo og stod klar til å ta imot oss, og på ny leverte denne dama varene. Ho seier at ho nesten ikkje snakkar norsk, men det er verkeleg ein fryd å høyre henne snakke Hegramål. Vi rigga oss raskt til, og etter nokre innleiande runder vart det også elisiteringsoppgåver som heller ikkje skapte vanskar. Artig! Og det kan vel seiast at motet i forskargruppa steig aldri så lite, også i dag fekk vi forskingsdata av veldig god kvalitet. Etter ein kaffipause held denne seansen fram, og eg trur Irene likte å leike seg med språkkompetansen sin, sjølv om ho kommenterte at dette kanskje var litt «kindergarten» – og det var det jo. Vi kom oss igjennom programmet vårt, pakka saman sakene og starta opp stridsvogna – no skulle vi ta oss inn i Wisconsin. Turen austover skjedde utan at så mykje skjedde, det var ein vakker ettermiddag og kveld, og når eg køyrer ned mot elva, får eg alltid kjensla av å kome heim – i alle fall «second home»; her ved Mississippi-røveln har eg budd i nesten to år til saman, og det er mange gamle minne som dukkar opp her. Den gongen budde eg i La Crosse, men der var hotellprisane uvanleg høge, så vi fann oss noko billigare i West Salem, som ligg litt nordaust for La Crosse, like ved motorvegen. Men først måtte vi jo ha mat, og da er det vanskeleg å ikkje reise ned på 3rd Street. Her hadde vi sikta oss inn mot ein Thai-restaurant, og menyen her var nok eit stykke unna kva ein vanlegvis får servert heime i Trøndelag. Og det var heller ikkje så veldig lett å vite kva eg eigentleg bestilte. Men maten var jo god den. Etter denne feststunda betalte vi (noko som på tur betyr David), kom oss tilbake på motorvegen I-90, sjekka inn på motellet, og til slutt runda vi av med småprat over ein aldri så liten ølskvett på rommet til Sophia.
Og slik går nu dagan.
Søndag 12. oktober 2025: Faribault, Northfield, Wanamingo, La Crosse og West Salem
Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.