Fredag 16. oktober 2015: Westby – Coon Valley

I dag tidleg starta eg ned til Larry og var der klokka ni. Det viste seg da at han ikkje hadde klart å skaffe folk – alle var visst «busy». Derimot hadde han mange på lista til i morgon, så da så. Og Larry hadde det også litt travelt, han og kona skulle bort på eitt eller anna klokka 12. Men han hadde jo tid til å snakke norsk, det har han alltid, og eg nytta da mulegheita til å teste ut elisiteringsverktyet som vi (mest kollega Linda) har snikra saman. Og Larry likte seg, han sette saman Ferdnand-serien utan problem og kasta rundt seg med tematiserte setningskunstruksjonar med V2. Også leddsetningstesten som vi eigentleg har stole frå kollega Gisela fungerte på Larry, så dette kan bli bra. Eg sat der oppe til i 11-tida, da sette eg kursen vidare til Norskedalen. Ein kan aldri ta turen til dette området utan å sjå innom Norskedalen. Og der var det folksamt, i billett-luka sat det ei vaksen dame som vart veldig «æksaita» over å få snakke med ein norske, og ho testa da ut norskkunnskapane som ho har plukka opp på eitt eller anna norskkurs. Dessverre var ho også veldig interessert i slektsforsking – og for å gjere eit ekstra inntrykk, to ho fram «kampjuter’n» sin og viste med ein digitalisert versjon av slektstreet sitt. Og når ein meiner å kunne føre slekta si heilt tilbake til slaget på Re i 1177, blir det fort veldig mange formødre og forfedre å imponere med. Heldigvis kom det andre kjentfolk som eg kunne henge meg på før ho var ferdig med å fortelje om alle dei 2.147.483.648 deltakarane i eit slektstre som dekker 30 generasjonar. Men eg hadde ei sterk kjensle av at vi rakk å dekke svært mange av dei. Og kjenningane var legendariske Norskedalen Trio, dei var her for å underhalde eit busslass med amerikanarar frå sørstatane som ville sjå kor opphavet deira først slo seg ned, og dermed vart eg raskt ein del av underhaldingsprogrammet. Etter at trioen hadde levert sine banebrytande nytolkingar av Nidelven (som ut frå framføringa no må vere lagt i røyr), ein jodlar-polka (som ei stund fekk meg til å lure på kor grensa mellom vibrato og jodling eigentleg går) og ein annan polka med vokal (der framføringa stilte Olga Micaelsen i ein flaterande lys), skulle altså eg og Tim snakke norsk saman. Og det kunne vi jo trygt gjere, ettersom det var ingen av gjestene som forsto eit ord norsk. Og til stor applaus kunne eg så snike meg ut og tusle litt rundt på museet. I det eine rommet dreiv Clarence på med lefsebaking, og da vart det ei ny mulegheit til å snakke norsk – han er også svært stø på norsken sin og set stor pris på å «lage» litt norsk. Etter ein triveleg stund i vakkert (men litt kjølig) haustver, sette eg kursen vis Skogdalen og til Westby, der eg kjøpte meg litt mat.

I fem-tida bestemte eg meg for å sjå innom Florence, som no har hamna på gammalheimen i Westby. Dette er ei flott dame på godt over 90 som også liker å snakke norsk. Eg var så optimistisk at eg tok med meg opptaksutstyr, men eg fekk på ny erfare at det nok ikkje er så mykje språkmateriale å hente frå dei som har hamna her. Dessutan skulle dei snart ha mat, så det var uro i lokalet. Men Florence ville gjerne snakke norsk, og når eg bytta rolle frå feltarbeidar til besøkande, så vart det triveleg, og eg snakka med fleire. Særleg den tidlegare postmeisteren i Coon Valley ville ha kontakt med meg, og eg vart sessa ved matbordet hans. Han ville svært gjerne spandere middag på meg, og han hadde vondt for å tru at eg ikkje var svolten – for det var eg absolutt ikkje etter den kaloririke porsjonen oppe på Central Express. Men ein kopp kaffi kunne eg ta. Alderdom kan absolutt vere mangt, og for dei som framleis er klåre kan ikkje dette vere ein særleg triveleg plass – uttrykket «å nyte sitt otium» passar dessverre dårleg her. Ja, det er sanneleg ikkje greitt. Men eg får sjå innom Florence ein gong til før eg reiser herifrå, og da skal eg ikkje møte opp i feltarbeidar-modus.

Resten av kvelden har eg vore på motellet, prøvd å skrive litt, lese litt og i det heile teke livet litt med ro. Det kan vere godt det og, sjølv om det ikkje blir så mykje opptak av slikt.

Og slik går no dagan her på prærien …

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *