Vanlegvis når eg kjem til Amerika, så vaknar eg tidleg om morgonen. I dagtidleg sov eg heilt til litt over seks – så kanskje eg klarer å snu over rytmen svært raskt denne gonegen? Eg starta dagen med å skrive litt, i sju-tida gjekk eg ned i «matsalen» (Tre kjøkkenbord og servering av rista brød med syltety og kaffi til). Der sat det ein godt vaksen kar alt. Han hadde lyst til å prate, og han lura da på kor eg kom frå og kva han gjorde i denne delen av verda. Eg måtta da fortelje at eg var frå Noreg. «Snakkar du norsk?», sa han. Fantastisk! Her i Zumbrota slepp ein altså å leite etter informantar, dei kjem for eiga maskin til prærielingvisten: Muhammed og fjellet, altså! Så i ein augneblink såg eg for meg at her skulle det bli opptak og utspekulert elisitering for å få fram topikalisering og leddsetningar med negasjon. Kan livet her borte bli enklare? «Ja, snakke du åsså norsk?», sa eg. «Nei», sa han. Og det var den planen… Det viste seg at mannen hadde vakse opp i området rundt Duluth, han hadde folket sitt frå Vestlandet, men foreldra ville ikkje lære han norsk. Dei hadde sjølve berre snakka norsk fram til dei starta skolen, og det brutale møtet som dei hadde hatt med engelsk i skolen, ville dei spare han for. Derfor forsto han berre litt, og det norskspråklege repertoaret hans var å kunne lire av seg nokre svært få setningar. Og når han i tillegg hadde det frykteleg travelt med å kome seg vidare, vart det ikkje noko av opptak. Nestemann ned i matsalen var ein kar rundt 60, ein «salesman». Denne karen reiste rundt og selde eltemaskiner til bakeri rundt i Midtvesten. Også dette var ein artig kar, han hadde master i historie med tidleg innvandring som spesialitet. Han delte villig kunnskapen sin om desse «pilgrimane» til dei som var i rommet saman med han, og det var no berre ein gong berre eg, det. Og sjølv om detaljnivået kanskje ikkje var tilpassa ein skarve prærielingvist, så var det til tider interessant å høyre på han. Etter dette lynkurset i amerikansk historie, gjekk eg på rommet for å skype heim, og også starte arbeidet med å finne fram til informantar. Planen min hadde eigentleg vore å gjere eit intervju i Zumbrota, reise til Westby ein dag for å gjere planar der, og så reise opp til «Indilandet» rundt Iola i Wisconsin. Kollega Åshild har ei tante som av alle stader har ei hytte der oppe, og gjennom henne har eg fått namn til ein kontaktperson. Eg kontakta han, og han var meir enn villig til å hjelpe meg, men han såg helst at eg ikkje kom før tysdagen, for det ville ta tid å organisere slike ting. Og det er jo forståeleg. Likevel bestemte eg meg for å reise til Westby i dag for å møte Sandra, Ron og Larry og setje dei i sving med å finne informantar.
Eg raska derfor saman sakene mine, og sette kursen til Westby, ein tur på dryge to timar. Veret var fint, og ettersom eg no tek til å bli lit van med leigebilen min, så saknar eg ikkje SUV-en så veldig. Dette er jo landskap der eg for tretti år sidan køyrde både titt og ofte, så eg hadde vel eigentleg ikkje hatt bruk for GPS-en, men det er ei anna sak. Eg kom meg til La Crosse, men ein kan vanskeleg køyre forbi Dave’s Guitar Shop utan å stanse, og dette er verkeleg ei utruleg sjappe. Eg har vore her fleire gonger dei siste åra, men kva gong blir eg like imponert over kva dei har å vise fram her – det meste er for sal, men noko er mest for å vise fram. Eg skal ikkje gå i detalj, men det er vel berre bagasje-restriksjonane på Iceland Air som får meg til å oppføre meg fornufting. Du store tid…!
Vel framme i Westby var eg først innom Borgens Cafe, delvis fordi eg hadde håp om å treffe på kjenningar der, men mest av alt fordi eg var svolten og hadde lyst på kjøttkaker. Deretter var eg innom motellet i Nordbyen og fekk ordna meg rom. Så sette eg kursen ned til Springdalen og Larry. Han dreiv med vedklyving da eg kom og var glad for å få seg ein liten pause. Vi sat og prata litt, og eg fekk ein guida tur inn i snikkarrommet hans, ein uvanleg innhaldsrik del av Wisconsin. Akkurat no er det sanneleg ikkje lett å vere Larry, og det merkest på han. Det siste året har han mista veldig mange nærskylde, og tyngst er sølvsagt tapet av sonen. Larry var svært ivrig etter å hjelpe meg, og sjølv om eg prøvde å seie at no i helga hadde eg eigentleg mest lyst til å ta turen inn i Minnesota på leit etter norskspråklege der, var det svært tydeleg at han helst ville at eg skulle bli i Westby da. Han hadde alt vore i kontakt med nokre nye informantar, og han skulle finne fleire for meg, det skulle ikkje vere noko problem. Han sa at alt som tok tankane hans bort frå det som hadde skjedd den siste tida, gjorde han godt, og da er det frykteleg vanskeleg å seie nei. Etter å ha «laga» litt saman med Larry, sette eg kursen til Sandra og Ron, og som vanleg var det eit triveleg gjensyn. Det er godt å sjå at alt er som vanleg med dei – og at dei nettopp har vorte oldeforeldre. Så tok eg turen til Viroqua for å handle inn batteri og minnekort før eg returnerte til motellet igjen.
På Central Express motell er dei tydlegevis svært effektive – så effektive at dei medan eg var borte hadde losjert inn ein annan kar på rommet mitt. Det er jo triveleg med besøk, men eg veit ikkje heilt om eg set pris på å finne ein framand kar med heilskjegg liggjande i det eg trur skal vere senga mi. Men alt ordna seg til slutt gjennom at eg fekk eit nytt rom. Så her går det tydelegvis ei grense sjølv for meg. Eg kan bli påprakka ein skranglete japansk bil når eg eigentleg har bestilt ein skikkeleg prærieskonnert, og det utan å verbalisere dette så veldig kraftig. Men å finne ein framand kar med heilskjegg i senga mi, finn eg meg rett og slett ikkje i – og her er det absolutt ikkje heilskjegget som gjorde utslaget. Njet!
Klokka seks reiste vi alle (Ron, Sandra, Larry Garry og eg) ned til Old Towne Inn for å ha supper, og det var også ei triveleg stund. Og her var det fullt av folk, og Ron kjende dei fleste, såg det ut til – faktisk så godt at eg fekk to nye informantar (trur eg i alle fall): «My dad talks Norwegian, and I am sure he would be very glad to participate», var det ei som sa. Og på veg ut møtte vi også Bonnie, ei av dei yngste her rundt som kan snakke norsk. Og ho sa seg også viljug til å hjelpe til. Så om eg ikkje har fått samla eit einast sekund med opptak i dag, så har eg skaffa folk. Og i morgon klokka ni skal eg kontakte Larry igjen, da skal han ha program klart for meg. Luksus!
Og slik går nu dagan her i Nordbyen…