I dag hadde endeleg Larry skaffa folk, og det vart ein nokså hektisk dag. Eg sjekka ut frå motellet i dag tidleg sidan det ikkje var ledige rom no i kveld. Heldigvis kunne eg søke husrom på Old Towne Inn i Sørbyen, så det var i og for seg ikkje «a big deal». Og i halv ni-tida bars det tilbake til Larry i Springdalen. Larry varta opp med krutsterk kaffi, eg rigga opp utstyret, og i ni-tida dukka det opp ein kar frå Sørryggen som kunne snakke norsk. Og i to timar sat vi og snakka om laust og fast. I starten hadde eg kandidaten heilt for meg sjølv, men det gjekk ikkje så veldig lenge før Larry slo lag, og det vart ei fin stund med prat på norsk om både det eine og det andre. Flott!
Da denne karen var ferdig var det tid for lunsj, og da var vi innom gamle Stockman (som no har fått eit nytt namn som eg ikkje hugsar) i Coon Valley. Der arbeider slektningar av Larry, så vi vart teke «godt kær tå». Etter eit måltid med amerikansk sikringskost (burger) sette vi så kursen opp på Jore-ryggen, der ein ny kar venta på oss. Dette er arbeidskameraten til Johan, som også driv med å «waterproofe beismentsan» i området, og no var det rolege tider fordi det var ei stund sidan sist det regna. Men han hadde håp om betre tider, for over helga skal det visst regne. Dette var ein kar som kanskje ikkje var så veldig pratsam, men han var god til å snakke norsk. Men slik er vi jo forskjellige, og det kan ein eigentleg gjere lite med. Og etter ein time med «det gikk på engelsk og norsk» der, så gjekk kursen vidare til Grønvold-farmen på Sørryggen. Og karen her var til gjengjeld svært så pratsam. Her var det berre å kaste på ein 5-cent, og ein fekk verkeleg prat for pengane. Og det er litt vemodig å høyre på at han i mange år har hatt ein stor drøym om å reise til Noreg, og at han no meiner at det er for seint. Og Larry passa på å gni salt i såret ved å melde at «treppen til Norje er det smartaste e har gjort i heile mitt livstid». Så var det eplepai og kaffi før vi utpå ettermiddagen sette kursen mot Viroqua. Der meinte han at han endeleg hadde funne fram til ein sogning. Og da eg fekk høyre kva han heitte og at han levde i eit «trailerhus», forsto eg at eg også tidlegare hadde møtt denne karen, og at Janne og eg den gongen hadde vurdert det til å vere lite å hente her. Men vi kom da dit, og mannen, som på ingen måte har fått oppleve så veldig mange godversdagar i livet, var svært glad for å få besøk. Og denne gongen gjorde eg lydopptak av han. No hadde han fått lungebetennelse, og det gjorde det vanskeleg for han å snakke, likevel var det greitt å få dokumentert ein av flekkefjordingane om ein gong hadde tilhald i området mellom dølane rundt Westby og sogningane i Veroqua. Vi art ikkje så lenge, men Larry liker å prate, og da er han god å ha når ein skal prøve å framprovosere laus og ledig samtale. Dei ville gjerne by på pai, men denne gongen mått vi berre takke nei – det er trass alt ei grense for kor mykje ein røsleg feltarbeidar klarer å stappe i seg. Og etter ein liten time i denne trailerhus-heimen, returnerte vi, Larry vart levert i Springdalen, og sjølv returnerte eg til motellet.
No har eg vore nede i restauranten og fått meg eit måltid steikt fisk, og har sett litt meir på artikkelen, og det er snart på tide å krype til køys. I morgon er Larry på barnedåp i Madison, men eg har nokre gamle kjenningar som eg tenkte å sjå innom. Sjølv om dette har vore ein litt slitsam dag med nesten ti timar med feltarbeid, så innser eg utan problem at eg er utruleg privilegert som kan reise rundt, prate med interessante folk og samstundes få kalle det betalt arbeid. Så får vi sjå kva morgondagen har å by på.
Og slik går no dagan i dette merkelege landet…