Så skulle det blir amerikatur i år også, nesten tre år etter eg sist surra rundt her på prærien på jakt etter norskspråklege amerikanarar. Og det strir jo eigentleg mot det meste; omlag på denne tida for trettini år sidan pakka eg amerikakofferten for første gong på jakt etter slike merkelege språkbrukarar, og da eg var der da, var eg ikkje i tvil om at dei norskspråklege var godt vaksne og at dei ville ta med seg språket i grava. Eg kunne den gongen vere dristig og spå at den siste amerikanske talaren av arvenorsk ville gå ut av tida rundt årtusenskiftet, Kanskje ein og annan hardhausen kunne klare å klamre seg fast litt tid, men ikkje lenge. Så da Janne fekk den heilt meiningslause tanken om at det også i 2010 måtte vere muleg å finne norskspråklege på prærien, så stilte eg meg veldig tvilande. Joda, kanskje det kunne vere muleg å finne ein eller to, men da skulle ein verkeleg ha flaks. Så feil kunne eg altså ta; etter den første turen saman med Janne har det vorte mange fleire, og også etter at Janne gjekk bort har det vorte nokre turar, både til prærien, men også til pampasen. Så arven etter Janne lever i høgste grad.
Denne gongen var det David ved UiS som hadde fått støtte frå NFR, og han er ikkje snauare enn at han kostar på reise og opphald for meg og Sophia frå UiO. No skal vi tre farte rundt i dryge to veker på jakt etter tonelag og intonasjonsmønster i amerikanorsken. Sophia og David reiste alt måndagen, og klokka sju dagen etter stod eg på perrongen på Halden stasjon og venta på togskyss nordover til Gardermoen. Togturen var heilt uproblematisk og gjekk faktisktisk utan slike spanande ekstratilbod som «buss for tog» og anna plunder og heft heile vegen til flyplassen. Men der snudde reiselykka seg litt, sidan flyet til Schiphol var forsinka. Først med eit kvarter, deretter ein halvtime, og så igjen med ein time. Og akkurat dette stressa meg litt sidan eg hadde relativt kort overgang i Amsterdam til amerikaflyet. Men da kunne David melde at han fann info på nettet om at også dette siste flyet heller ikkje ville gå etter planen, så da var det framleis håp. Ein halvannan time etter planen kunne vi endeleg gå om bord, og framme på Schiphol skulle det vise seg at det ville bli meir venting. Nesten tre timar etter planen sette nederlendarane i gang med det dei så dekkande kallar «instappen», altså «boarding». Denne prosessen gjekk relativt raskt, og no er amerikanske tenestemenn med utspekulerte spørsmål borte frå det obligatoriske programmet, noko som gjer at ting går fortare. At eg likevel vart trekt til side og grundig sjekka, er ei anna sak. Eg måtte både tømme sekk og lommer og vise at eg ikkje har for vane å drasse med meg sprengstoff om bord.
Det er ingenting interessant å fortelje frå nesten ni timar i lufta, anna enn at reiseruta var litt uventa. Tidlegare har vi gjerne sneia sørspissen av Grønland og kome inn over Hudson Bay, men no hadde vi ei meir sørleg rute, over Irland og inn over New Fondland. Det funkar tydelegvis det også.
På flyplassen i Minneapolis (eller er det St. Paul?) gjekk alt veldig kjapt, eg kan ikkje hugse sist eg kom meg så kjapt gjennom kontrollen. Og der dukka etter kvart David og Sophia opp, vi var ein tur opp til Budget bilutleige for også å registrere meg som sjåfør, og så kunne vi endeleg sette kursen ut på prærien. Da vi planla denne turen heime i Noreg, var det med tanke på at flytrafikken skulle vere i rute, og at det skulle vere flust med norskspråklege der ute på viddene. Men flytrafikken er ikkje alltid i rute, og naturen går også sin gang og gjer sine innhogg ute på prærien, så det viste seg litt for seint at i Fargo var det berre ein som kunne møte oss slik vi hadde tenkt, slik at vi måtte sikte oss inn på Hendricks i staden. Og derfor venta det oss no ein biltur på over tre timar til Marshall, der vi hadde tinga hotell. Etter ei kort rådslaging kom vi fram til at eg var den minst trøytte og skulle køyre, og det seier nok ein del om «jetleggen» til det andre alternativet, altså David. I klårver og måneskin pløgde vi oss gjennom mil etter mil med flatt åkerland. Sophia i baksetet gjorde ein stoisk innsats med å halde meg vaken gjennom heile tida å kaste inn nye samtaletema. Og kombinert med ein vaskebjørn som med dødsforakt kryssa vegen rett framfor bilen vår, så fungerte det, eg var uventa vaken det meste av vegen. Unntaket var den siste halvtimen, den var tung; men ein liten stopp og litt lufting i kjøleg haustluft hjalp godt. Marshall er ingen storby akkurat, og utan særlege problem fann vi hotellet vårt og rundt klokka eitt kunne vi endeleg finne senga.
Og slik går nu dagan her ute på prærien.
Tysdag 7. oktober 2025: Halden, Minneapolis, Marshall
Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.