Onsdag 8. oktober 2025: Marshall, Hendricks

I natt sov eg tungt og godt og vakna først i sju-tida. Eg tusla da ned til resepsjonen og fekk meg typisk præriefrukost. Brødtoastar hadde dei, og også vaffeljern, og alt dette tekniske utstyret måtte jo prøvast. Etter ei stund dukka også Sophia og David opp, og vi kunne etter kvart legge litt planar for dagen og framtida. Denne gongen har vi med oss eit heilt batteri med utspekulerte elisiteringsoppgåver som vi har god grunn til å tru vil flytte forskingsfronten mange steg framover. I dag hadde vi ikkje avtale før «early afternoon», så vi kunne ta ting litt med ro og også stikke innom Wallmart og kjøpe med oss litt småting som vi sikkert kjem til å trenge her borte.

Klokka elleve sette David seg bak rattet, fyra opp prærieskonnerten (ein SUV som vi synest er uhorveleg stor, men som likevel blir ein liten pusling samanlikna med mange av dei andre bilane ein ser her på prærien), og sikta seg inn mot Hendricks, og etter litt rot grunna vegarbeid og stengte vegar, var vi framme i denne småbyen ein liten time etterpå. Her hadde vi tid til ein liten matbit og ein siste gjennomgang av sytrategien vår før vi skulle møte opp på sjukehuset, der det var reservert plass til oss. Jay hadde som vanleg gjort ein god jobb og på kort tid samla saman ei lita gruppe med norskspråklege. Dette er eit område der mange i frå Singsås og Haltdalen for over hundreogfemti år sidan slo seg ned her, og fram til no har dette sett eit tydeleg stempel på denne plassen. Første mann inn var ein som eg har møtt tidlegare, da eg i 2015(?) var her saman med Janne, Kari, Alexander og Yvonne. Og som alle andre hadde også denne karen vorte nokre år eldre på denne tida, og no var han godt oppe i nitti-åra. Og samtalen gjekk da etter måten greitt, sjølv om høyrsla nok var noko redusert og det var ei stund sidan han sist hadde snakka norsk. Vi fekk også prøvd ut ein del av elisiteringsoppgåvene, og nokre fungerte, medan andre nok ikkje gjorde det. Men vi vart ikkje ferdig med alle oppgåvene, og mannen vart nok også sliten av all denne elisiteringa, så vi håper å kunne fortsette praten med han i morgon. Medan vi snakka, arbeidde Jay med å samle saman fleire folk, og nestemann på programmet hadde runda hundre med veldig god margin. Også han hadde ein gong i tida vore ein kløppar på å snakke norsk, men no gjekk det tyngre, ikkje minst fordi han sleit med å forstå meg og/eller høyre kva vi sa. Det vart derfor til at vi slo oss til ro med at vi her i beste fall ville få samtaledata, og at vi dessverre var eit tiår eller to for seint ute for å drive med elisitering. Deretter var det søstera hans sin tur, ei ungjente på rundt 90. Også her gjekk det litt trått. Eg hadde liksom trudd at i møte med sørtrønderar, så ville det inntrøndske registeret mitt passe ypparleg, men slik er det dessverre ikkje; dama klaga på at «trondhjemmera» var så «harde» å forstå, og da kan ein jo berre tenke seg kva tankar ho hadde om slike som meg. At ho i tillegg hadde lagt igjen høyreapparatet heime, gjorde det heller ikkje betre. Igjen viste det seg å vere tungt nok å halde ein samtale gåande, å drive elisitering ville dessverre vere uråd. Og den siste på deltakarlista representerte heller inga stigning i programmet, sjølv om denne nittiåringen gjerne ville prate – men ikkje makta å prosessere meir enn nokre få norske ord i gongen. Når det er sagt, så var dette ei veldig triveleg stund, og eg håpar at også deltakarane fann glede i å møte oss og snakke litt norsk. Det er opplagt at vi no er for seint ute for å hente inn gode data for fonetiske finanalysar, men likevel fekk vi høyre eitt og anna som kan kome godt med i arbeidet med å flytte denne forskingsfronten. Og dette arbeidet er litt som Askeladden da han skulle målbinde prinsessa, vi må raske med oss alt vi kjem over, for det aldri godt å vite kva vi ein dag kan få bruk for. Så vi får i det miste også i det vi samla no kan finnast ein «blei» som på ein eller annan måte kan kome til nytte. At dette ein gong var eit sterkt norsk samfunn, er det ingen tvil om, det er berre så synd at ingen var her eit par tiår tidlegare. Her må eg nok også i god, gammaldags AKP-ML-stil drive sjølvkritikk: For 38 år sidan var det ein relativt ung Hjelde som forvilla seg innom denne småbyen på jakt etter inntrøndsk språkmateriale, men sidan han her kunne konstatere at det berre var ein gjeng med sørtrønderar, såg han ingen grunn til å kaste bort tida si med å gjere opptak av slike. Tulling, er vel det mest dekkande sjølvkritiske begrepet her. Dessverre!

I sekstida kunne vi pakke saman og i måneskin køyre mot Marshall, der vi stoppa på Perkins for å få oss ein matbit. Men det er tydeleg at vi var ein sliten gjeng, og alle gjorde ein heroisk innsats for ikkje å sovne med gaffelen i handa. Så etter dette måltidet ville vi alle berre heim på motellet og sikte oss inn mot senga. Eg prøvde å gjere litt småarbeid før sengetid, men det var uråd, eg var for trøytt.

Og slik går nu dagan…

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.