Torsdag 9. oktober 2025: Marshall, Hendricks, Sioux Falls og Fargo

I dag er det på dagen 200 år sidan 53 nordmenn steig i land i New York og dermed også vart dei første norskamerikanarane. Rett nok hadde jo Leif Erikson sett foten på amerikansk territorium tusen over tidlegare, men det gjeld på ein måte ikkje (sjølv om dagen i dag blir markert som Leiv Erikssons Day). Og vi tenker vel neppe på Leif som ein ordknapp, traust og sidrumpa norskamerikanar som primært ville drive med matproduksjon. For om eg har forstått historia rett, så var Leif meir hissig etter å svinge sverdet og dermed gjere gjennomsnittshøgda til den mannlege befolkninga her oppe litt stuttare, men hypping i nepeåkeren og avl av nye potetsortar kanskje ikkje var heilt hans domene. Poenget er at vi i dag markerer dette 200-årsjubileet, og sjølv om det begynner å bli veldig lenge sidan dette skjedde, så ser vi framleis sterke spor etter desse pionerane no når vi beveger oss rundt  i dei gamle norske «settlementa».

Som vanleg har vi opplevd mykje utan at vi kanskje kan skryte av den heilt store fiskefangsten. Men så er det også slik at vi no tek til å skrape botnen i den forstand at dei gjenlevande språkbrukarane tek til å nærme seg – eller alt har passert hundre år med god margin. Kontakten vår i Hendrikcs hadde ordna eit par taleføre for oss i dag også. Først skulle vi inn til Hendricks for å møte ein av dei vi snakka med i går; da snakka han nokså godt, men tok nok på slutten til å bli sliten, og vi ville derfor prøve løypeoppgåva til Sophia, der eg skulle fungere som oppgåvepartner. I dag snakka denne mangeognitti-ringen mykje betre og sleit ikkje med å finne ord på same måten som i går. Oppgåvene gjekk da også på eit vis, sjølv om eg trur ingen av oss to heilt forstod kva vi eigentleg skulle gjere. Vi vart veldig produktorientert (å kome seg i mål), og ikkje prosessorientert (å finne rett veg), og derfor er eg usikker på om desse data eigentleg kan brukast til så mykje etterpå. Etter at dette var ferdig reiste vi dei nesten to timane ned til Sioux Falls for å møte ei dame på hundreogto. Og dette var ei uvanleg oppegåande dame, både fysisk og mentalt. Også her var det ikkje heilt lett å få henne til å snakke flytande norsk, det var mange år sidan sist ho hadde snakka noko særleg. Men det var eigentleg utruleg kva som kom når ho vart litt varm, og det slo meg at det fonetiske eigentleg var lite prega av attrisjon og forfall, den store utfordringa var særleg dette med å leite fram dei orda ho trong. Den frie samtalen på norsk gjekk ganske bra, når ein tek omsyn til år og alder, men elisiteringa gjekk treigare, og da var det veldig mykje engelsk som vart henta opp. Kartoppgåva hadde tydelegvis den same utfordringa som oppe i Hendricks. Så det er muleg vi må ha ein liten «havarikommisjon» her for å finne ut korleis vi skal få dette til å gli litt betre.

Og etterpå var det kaffi med «keiks» og «kokkis», og det er jo alltid triveleg å sitje rundt eit norkamerikansk kjøkenbord og småsnakke. David, som jo har amerikansk gane, kunne i etterkant melde at han syntest banankaka var i drygen kreativ, sidan det var blanda inn kirsebær. Eg tenkte ikkje så veldig mykje på det, i så måte synest eg det meste av «keiks og kokkis» her ute er rimeleg kreativt, og somme tider kan ein jo lure på om hovudmålet med bakinga er å få pressa så mange kaloriar som muleg inn i bakverket. «Kaloriinstappen», ville dei kanskje kalle det på nederlandsk. Elles kan eg legge til at denne dama no hadde flytta inn i ein eldrebustad, og standarden her var veldig bra, det var faktisk ei leiligheit med to soverom, og det var ingenting som indikerte at dette var ein institusjon. Fellesområda var også fine, og dei som budde her såg ut til å vere nokså oppegåande.

Etter denne seansen i Sioux Falls venta drygt tre timar i bil opp til Fargo. Og å køyre bil i Amerika er vel stort sett som å køyre bil andre plassar, kanskje med unntak at rattet nesten er overflødig, for vegane her ute er heilt rette. Vi køyrde oppover Red River-dalen og passerte gamle kjenninga som Renner og Baltic, plassar eg var fleire gonger på 80-talet. Veret dei siste dagane har vore veldig fint med klår himmel og temperaturar opp mot 20 grader på dagtid. I 9-tida var vi framme på hotellet, vi bestilte pizza som vi to med på rommet, og dagen vart avslutta med å fylle vomma med mat og ein liten ølskvett.

Og slik går nu dagan her ute på prærien ….

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.