Da eg la meg i går levde eg i den villfaringa at eg hadde eit nettmøte i dag klokka sju. Så eg sette på vekkarklokka (for første gongen her ute på prærien) med tanke på dette. Og like før sju vakna eg av stemmen til godguten Donald, som var på nyheitene og tydelegvis held tale i Knesset. Hadde eg fått sove vidare utan dette spetakkelet på radioen, så hadde eg kanskje vurdert Donald som ein verdig kandidat til Nobel-prisen, men no, etter denne brutale vekkinga, er eg svært i tvil. Veldig i tvil, faktisk. Åkke som, dette møtet eg trudde at eg hadde, er sjølvsagt i neste veke, så eg kunne jo eigentleg med godt samvit ha sove vidare. Men eg er ein god og vel halvgammal mann, og evnen til å sove på kommando, er veldig svekka. Når eg først har vakna, så er det vanskeleg å få sove skikkeleg igjen. Så når eg no først var oppe, så kunne eg jo like godt stå opp, så eg tusla bort til matsalen. Eg ordna meg vaffel og kaffi, og ei kort tid etter kom også David tuslande. Og det gjekk heller ikkje så lang tid før heile feltarbeidsgruppa var samla.
Dagen i dag startar ikkje med feltarbeid før klokka to, så vi hadde det meste av morgonen for oss sjølv. Første stopp på programmet var sjølvsagt Dave’s guitars i 3rd street. Og igjen leverer verkeleg Dave varene, for ein slik gitarbutikk skal ein leite lenge etter. Eg trur også at «vår» David syntest at dette var ein heilt grei nærbutikk, eg høyrde i alle fall ingen teikn til mishagsytringar over å måtte bruke ein liten time her. Sophia klaga heller ikkje over å måtte surre rundt mellom reolar av gitarar av ymse slag; meter på meter på meter. Frykteleg mange gitarar. Pluss nokre til. Ein kan vanskeleg seie anna en at ho viste stor empati med to strengeleiktullingar som no var på det svenskane ville kalle «gubbdagis».
Men kor lenge kan to gubbar vere på «dagis»? Etter å ha sett på dette vidunderet av ein butikk gjekk vegen vidare til Norskedalen. Veret i dag er veldig flott, så turen opp mot Coon Valley var veldig vakker. Og her er eg nesten lommekjend, og minnet mitt samsvarte også med den verkelege ruta, så behovet for digital hjelp var ikkje-eksisterande (heldigvis, med tanke på kor mange gonger eg har vore her). Vel framme ved Norskedalen-museet, fornya eg medlemskapet mitt før vi tusla igjennom utstillinga og ikkje minst sjølve utemuseet, samlinga med mange gamle hus. Å kome til Norskedalen er nesten som å kome heim igjen. Da eg var i dette området på 1980-talet var eg innom her nesten kvar dag, og da sat det alltid nokre trauste «norskerar» på benken framfor inngangen og «laga» norsk. I dag var benken tom, og det er sikkert litt symptomatisk: Språket er dessverre på god veg til å forsvinne. Men vi hadde god tid til å gå rundt og få eit inntrykk av kva dei kan by på her, og det er eigentleg ganske imponerande. Museet i Decorah har sikkert femti gonger så mange dallar, kovlar, tiner og kister, men når det gjeld gamle hus, så ligg ikkje Norskedalen langt etter (og det er ikkje noko eg seier berre fordi eg nettopp har betalt medlemsskapet mitt igjen i Norskedalen). Dette er verkeleg bra!
Detter venta Westby og ein matbit på Subway (einaste plassen som var open) før vi etter litt famling klarte å finne dette bymuseet der vi no dei neste par dagane skal opprette studio. Denne gongen har vi fått stor hjelp frå Kathy, ho har både funne fram til folk og var også med og skysse nokre av dei fram og tilbake til «studioet». Storveges!
Vi rigga oss til inne i dette huset, og snart kom det folk rekande som var klare for litt norskprat. Og dette vart veldig moro. Vi hadde i løpet av ettermiddagen fire par under behandling, og dei snakka godt alle saman. Og når vi er i datainnsamlingsmodus, så gløymer vi lett tid og stad, og det vi opplever, blir lett blanda til ei salig miks, og det er vanskeleg å i minnet halde den eine samtalen frå den andre.
Carol var eit nytt andlet, medan Buddy er ein uvanleg traust farmar som eg har møtt mange gonger. Likeins var Howard ny, medan Kristina er ei eg har møtt fleire gonger. Og her må det seiast at særleg den siste er unik, ho var vel nyfødd (utan at eg har drive med finrekning) rundt den tida da salige Armstrong som førstemann (damer var jo ikkje sett på som kapable til slikt på den tida) sette foten sin på månen.
Etter ein slik hektisk dag med feltarbeid og to «produksjonsliner» for intervju, elisitering og opptak – og ikkje minst mykje tullprat – reiste vi ned til La Crosse, og her hadde vi to viktige ærend: å helse på Larry og å kjøpe minnekort (i tillegg til litt mat og slikt, men det siste er veldig sekundært for oss prærielingvistar). Eg visste nokså grovt kor Larry budde, men eg måtte jo sjølvsagt banke på feil hus før eg fann fram. Og Larry er den same gamle, ivrig etter å snakke og også veldig hjelpsam. Det var veldig godt å sjå han igjen og bli omtala som «bror min»: for om eg som einebarn skulle ha hatt ein bror, så ville eg svært gjerne ha hatt ein som Larry. Og Larry stiller også opp til første heat i morgon, og det er veldig bra. Etter å ha takka for oss, gjekk turen til Walmart like ved; vi måtte ha minnekort til kamera. Her raska eg også med meg ein liten pakke grillpølser slik at eg kunne lage meg ostesmørbrød på rommet (som har mikro); resultatet var dessverre litt som frykta, det vart mat, men det var ikkje så frykteleg godt. Men som prærielingvist kan ein vanskeleg vere kresen, her på dei store viddene må ein berre ta imot og vere glad for det ein får, både i næringsvegen og når det gjeld datamateriale.
Kvelden vart igjen runda av med ei lita samling på «pikeværelset» til Sophia, der vi oppsummerte dagen, plaga i oss litt «Spotted Cow» og ikkje minst la planar for morgondagen.
Og slik går nu dagan her ute ….
Måndag 13. oktober 2025: West Salem, La Crosse, Norskedalen, Westby.
Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.