I dag var ein ny dag med feltarbeid, og no tek vi så smått til å få litt rutinar på plass. I tillegg kan vi no vi setje frå oss utstyret over natta slik at vi slepp å pakke opp og pakke ned, og det er verkeleg eit framsteg sidan vi sparer både tid og plunder på å ikkje måtte rigge opp og ned utstyr.
Igjen skulle vi ha studio i Westby, og Kathy hadde lina opp ei solid rekke med norskspråklege, to skulle kome klokka ti, to klokka to og to klokka og så hadde vi kveldsprogram klokka seks. Først ut var Larry og Donnie, og vil ei høyre norskspråkleg prat ute på prærien, så er desse karane liksom gullrekka. Begge kjenner eg godt frå før, og ikkje minst Larry (som no er bror min, og som i mange år har guida meg gjennom prærie- og språklandskapet her). Og det var herleg å møte begge to igjen, og «bror» Larry, var i kjempehumør- Dette var verkeleg moro, og tida gjekk fort.
Etter denne seansen skulle Larry sjå innom Sandra, denne gongen måtte eg dessverre klare meg med ein telefonsamtale med henne; det er litt ille å vere i Westby, og ikkje ha tid til å sjå innom slike sentrale støttespelarar i arbeidet mitt. Men slik var det denne gongen, og slik får det også vere; men neste gong …..
Etter ein liten pause var det John og Joice som skulle under behandling. John er kanskje den yngste som vaks opp med Westby-norsk, og som også kan snakke dette gudegitte språket. Det var veldig moro å møte han igjen, og han er den same gamle. Første gongen eg møtte han, i 2010, var han veldig oppteken av at han jo var norsk, men samstundes visste han lite om bakgrunnen sin. Han hadde aldri vore i Noreg, og han hadde berre vage tankar om kor folket hans kom frå, han trudde det kanskje måtte vere «Gulbrandsdalen». No i sommar var han med på tur til Gamlelandet, og slik sett hadde han eit mykje klårare bilete av kor dei no kom ifrå. Men han sa at han ikkje hadde gjort leksa si godt nok, så han hadde dessverre ikkje funne tilbake til slekt. Ut over det hadde turen vore fin.
Men John hadde mange jarn i elden, og da vi var ferdige med litt laust prat og klare for å elisitere, var John veldig klar for å reise heim; han hadde så frykteleg mykje å gjerne. Og når slike som han har mykje å gjere, så er dei også vanskeleg å stoppe, vi håpar på at han har tid til å sjå innom oss for litt meir elisitering litt seinare.
Siste posten på programmet i kveld var ein titt innom gammelheimen Norseland. Reint fagleg venta eg ikkje anna enn at det ville vere ein fjasko. Dei som har kome så langt i livet at dei har hamna her, har vanlegvis ikkje så frykteleg mykje å gje, og ein kan ikkje anna enn beundre språkforskarar som Marstrander som i hovudsak hadde denne typen klientell da han utforska det galliske språket på Man. Men så kan ein jo leggje til at han, etter det som blir sagt, hadde ei solid stoppenål i veska si som var hendig å bruke for å få liv i informantane når dei sovna av. Men nål hadde ikkje vi.
Når ein driv med det vi gjer, så er det fryktleleg viktig å bygge tillit i samfunnet, da kan vi også får tilgang til heile den språklege skattekista som lokalsamfunnet rår over, og da må ein også gje litt, og ikkje berre ta. Og eg trur dei gamle hadde ei triveleg stund saman med oss, i det minste var det kanskje eit lite avbrekk frå noko som sikkert er ein monoton kvardag. Samtidig vil eg gjerne melde at Norseland ser ut til å vere ein bra plass å vere når ein er gammal og treng hjelp.
Etter denne seansen returnerte vi til West Salen og avslutta med litt småprat i lag.
Og slik går nu dagan…
Tysdag 14. oktober 2025: West Salem og Westby
Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.