Dette er foreløpig siste dagen i området rundt Westby, og også i dag køyrde vi country-råden sørover gjennom eit vakkert og noko bølgade landskap før vi etter kvart såg litt av både Cashton og Westby.
Igjen hadde vi avtale frå klokka 10 og utover, og no skulle vi få møte to veldig gamle kjenningar, Sam og Bonnie. Begge er «ekte» norskingar, og særleg Bonnie burde vere i språkleg toppform no etter tre veker på ferie i «gamlelandet». Sam, på den andre sida, har aldri sett landet der folket hans kom frå, og lenge snakka han om det som ein stor draum. Men no er han for gammal, og pengane er i staden brukt på ein framtidig gravstein. Og igjen vart det ei høgtidsstund nede i museet med mykje norsk prat. I dag fekk vi også tid til ein lunsjpause, og da måtte vi jo opp til Borgen’s for å ette «kjøttkaku». Og Borgens er jo slik det bruker å vere, men også her er det endringar på gang. Eigaren har bestemt seg for å selje, og da er det veldig uklart kva som kjem i staden, det er absolutt ikkje opplagt at dette blir ført vidare som ein «norsk» restaurant. Rett over gata frå Borgen’s er det eit norsk «giftstår», der de stort sett sel norske suvenirar av ymse slag, og tidlegare gonger har eg jo vore innom her og plukka med meg både juletrepynt og t-skjorter. Også her er det endringar på gang; vi gjekk inn der og titta litt, og da kunne eigaren fortelje at det gjekk mot slutten for denne butikken, sluttsalet hadde alt starta, og om ein dryg månad skulle ein sportsbutikk ta over. Så det er mange «changes» på gang her i byen, og dei er ikkje nødvendigvis til det betre. Men slik er det vel kanskje med mykje i denne «etniske» bransjen, er eg redd.
Så dukka det opp to nye talarar i 2-tida, og igjen så måtte dei igjennom kverna med intervju og utspekulert elisitering. Og sidan vi hadde to stasjonar, ein i hovudrommet nede og ein «oppstærs», så slapp vi nesten all venting. Denne gongen var det også ein gammal kjenning, ein som i mange år hadde arbeidd med «politics» i Viroqua. Også dette var ein solid norskspråkleg som hadde mange interessante observasjonar frå samfunnet her. Rundt halv fem dukka det ein etterpåmeldt deltakar opp, og da tok ungdommane seg av han, medan eg sjølv reiste ned til Viroqua for å sjå om faren til Bonnie, som no har flytta inn i ein eldrebustad der. Bonnie var der også, og det var triveleg å sjå igjen Tip. Sjølv om åra tek til å krevje sitt, var han i rimeleg god form og glad for å få snakke litt norsk. Eg var ikkje der så lenge, etter ein dryg halvtime var det mattid, og da måtte Tip få med seg det. Og sjølv om eg hadde med ein lydopptakar, så fekk den kvile, av og til må ein også kunne vere berre «friend» og småprate utan at kvart lydsegment skal forevigast.
Eg returnerte og fann dei andre i Westby. Og deretter var det eigentleg berre å reise i retning motellet, først var vi innom ein av informantane som budde i Coon Valley, vi hadde gløymt å få underskrifta hans, deretter var vi i La Crosse og kjøpte pizza som vi så tok med oss til motellet. Og etter eit enkelt måltid på «pikerommet» tok vi ein relativt tidleg kveld.
Og slik går nu dagan….
Onsdag 15: oktober 2025: West Salem, Westby, Veroqua, La Crosse
Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.