Ein ny dag på prærien med litt småregn og ein smak av haust, og i dag skulle vi på langtur. David har ein kontakt oppe i det dei i Westby kallar Nordskogen, altså eit godt stykke nord for Eau Claire. Og dette er faktisk eit stykke frå der vi bur, i køyretid rundt to og ein halv time, og som reiseoppleving ein tur frå eit litt bakkete jordbrukslandskap og inn i tjukke furuskogen.
Familiehistoria mi kan berette at morfaren min var ei tid i tømmerskogen i Wisconsin som kokk, men eg er usikker på kor truverdig den delen av utvandrarhistoria til slekta mi er. Og eg har absolutt ikkje peiling på kor i Wisconsin han i så fall var. Men det eg fekk sjå på turen oppover, er at det er uhorveleg mykje skog nord i staten, og om han no verkeleg var kokk her, å var det sikkert mange tømmerhoggar-munnar som skulle mettast. Mor er sterkt i tvil om i det heile hadde ein slik kompetanse, i alle fall gjorde han aldri eit lite forsøk på å hente fram rudiment av dette seinare; aldri skreiv han gourmet-kokebøker, og den einaste retten han kunne varte opp med, var kokt kaffi. Men så var jo dette snart hundre år sodan, i ei tid kjenneteikna av slike «moderne» verdiar som «trad life» og «trad wife».
Eit stykke nord for Chetek, på ein stikkveg av ein stikkveg inn i skogen, låg det eit hus med mykje norsk «stæsj» på utsida som tydeleg signaliserte at har budde det «norskear». Dette var altså heimen til ei dame som hadde vokse opp med norsk heime og som likte å snakke norsk, men som no dessverre hadde berre to andre i nærmiljøet å snakke norsk med, og dei var «berre» folk som ein gong hadde studert norsk som eit andrespråk, og no ville halde det varmt. Men det var veldig triveleg å snakke med henne, og eg trur også at ho likte den typen språklege utfordringar og stimuli som vi kom drassande med. Så ja, det var moro. Og innsida av heimen viste tydeleg at her var det «plenty» norske gener, om «Degne’s gift store» i Westby skal legge ned, så kan faktisk kjøkenavdelinga her vere ein verdig arvtakar. Ho kunne fortelje at ho til og med hadde kjøpt eiga forsikring for dei norske tinga for å kunne vere heilt på den sikre sida. Moro. Etter ei lang språkøkt med intervju og elisitering kunne ho så varte opp med kaffi og kake, og det var både godt og triveleg. Da det lei på, så var det på tide å takke for seg, og da dukka mannen hennar opp. Han skulle visstnok vere ein ivrig våpensamlar, og no kom han heim med ein ny Smith & Wesson i kaliber .45 under arma, og så mykje heftigare enn .45 kan det visst ikkje bli på revolverfronten. Og for å skape harmoni i heimen hadde han bytta inn denne godbiten mot to andre, slik at samlinga krympa ørlite på denne handelen.
Men vi måtte vidare, og det venta igjen drygt tre timar til motellet vi skal ha, denne gongen i Veroqua. Og med kombinasjonen GPS og amerikanske interstate-vegar er det fullt muleg å finne fram her borte, sjølv om vi det siste stykket bevega oss på noko som i realiteten er bygdevegar. Vi fann fram og var deretter innom Wallmart for å kjøpe litt mat. David har snufsa litt i dag og ville legge seg tidleg, så det vart også tidleg kveld for oss andre.
Og slik går nu dagan….
Torsdag 16. Oktober: West Salem, Chetek, Veroqua
Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.