Fredag 17. oktober 2025: Veroqua, Westby, Plymouth (Minneapolis)

Ny dag og nye mulegheiter. Sidan vi no er tilbake i Westby-området, kontakta eg igjen Kathy med tanke på litt «etter-rakster», altså å fange opp folk som så langt ikkje har vore med på dette. Og som vanleg leverer Kathy varene; avtalen var at vi skulle møte nye arvespråkarar på museet klokka 13. Dette betydde at vi no endeleg også kunne vaske klede. I går sjekka vi vaskerommet på motellet, og det var nokså semmert, så vi satsa på eit skikkeleg vaskeri, og sidan Westby har eit slikt berre eit steinkast frå museet, så var valet klart. Tidlegare har eg dei siste åra hatt stor suksess på vaskefronten; først ved å oppdage at det i det heile var muleg å bruke slikt på feltarbeid, da kan jo klesskifta nesten halverast og kofferten berre bli ein lettvektar. Tidlegare har eg også fått kleda vaska hos snille norskamerikanarar, men når vi no er tre, så er det nok litt i overkant å gå for sike private løysingar. Som oftast har motella med god standard også greie vaskerom (men altså ikkje det i Veroqua), så no var vi i på vaskeriet i Westby, og det var ei ny oppleving. Først måtte vi veksle setlar inn i myntar, og det var ein nokså omstendeleg prosess. Så måtte vi bruke desse myntane til å kjøpe såpe og også starte vaskemaskina. Kor reint det eigentleg vart, er eg usikker på, heile vaskeprosessen tok ein knapp halvtime. Men her på prærien får det duge, det var i det minste reinare enn da eg la det inn. Deretter skulle dette tørkast, og da måtte ein legge inn ein mynt for kvart åttande minutt, trur eg det var. Men maskina var effektiv, så etter ein halvtime i trommelen var det meste nokså tørt, og det passa jo bra sidan Kathy ringte da og kunne melde at den første norskspråklege alt var på plass.

Vi skunda oss opp og starta med rigginga og fordelta i opptakslag som Sophia og David styrte med. Eg kunne derfor ta turen opp til Hanson’s grosseristår for å skaffe litt mat. Vi trudde jo eigentleg at vi skulle få tid til å gå innom ein eller annan «etarplass» før folkehavet kom, men når folk dukkar opp ein knapp time før planen, så går det som det går. Åkke som, Douglas er ein gammal kjenning, og det var frykteleg triveleg å møte han igjen. Litt seinare dukka også Larry opp, når det blir snakka norsk, er det vanskeleg for han å halde seg heime, da må han ut. Og igjen, der et veldig triveleg å få møte «bror min» igjen; kanskje tek han turen over til gamlelandet neste år, og det skal bli triveleg om han dukkar opp, da må vi ha «Ass beer» i huset 😊

Nye folk dukka opp like før fire, trauste farmarar som vaks opp med norsk heime, igjen var det ei triveleg stund. Det var også ein liten «fan club» som såg innom, dei snakka ikkje så fælt mykje norsk, men å få høyre dette gudgjevne språket, løfta fram gode minne frå oppveksten.

Omsider tok det til å tømmast med folk oppe i museet, Kathy var innom for å sjå til og låse etter oss; vi takka for oss og tok avskil, og så venta rundt tre timar med kvalitetstid i bilen opp til Plymouth utafor Minneapolis. Dette er ein veg eg kjenner godt, og medan sola var på god veg til å gå ned, køyrde vi ned til La Crosse, fann I-90 vidare vestover før vi tok av sør for Rochester. I Zumbrota stoppa vi og åt middag (eller kva no måltidet heiter på denne tida av døgnet), og her var eg på gamle tomter; rett ved låg motellet der Janne og eg fleire gonger tok inn når vi var på språkjakt, og restauranten er var slik sett også ein gammal kjenning. Og endeleg fekk eg Canadian walleye, rett nok som fish and chips, men lell så var det eit eit lite kulinarisk høgdepunkt på denne turen. Etter dette festmåltidet fortsette vi nordover, og langt utpå kvelden var vi framme på hotellet i Plymouth, og dette var på dei fleste måtar ei oppgradering av hotellstandarden. Men etter ein hektisk dag, så var vi slitne, så det vart ein nokså tidleg kveld.

Og slik går nu dagan….

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.