I dag skulle vi ha to rundar med samtale, i tillegg til at vi skulle forflytte oss 4-5 timar søraustover til Madison.
Det første møtet var med ei dame med ph.d., noko som er svært uvanleg i prærielingvistikk-samanheng. Ho var andregenerasjons norskamerikanar som hadde vokse opp på farm i Sør-Dakota. Og no tek vi verkeleg til å bli rutinerte, det går fort å rigge utstyret, og sjølve datainnsamlinga går også relativt raskt og utan mykje plunder og heft. Dessutan var denne dama i slutten av 60-åra, og det hjelper også, så dette gjekk greit på alle vis.
Deretter måtte vi forflytte oss, og vi hadde god tid, sidan neste intervju var i to-tida, ikkje langt frå hotellet. På vegen dit stoppa vi på ein kvasi-mexikansk restaurant og fekk oss ein matbit. Vi hadde god tid til å ete, og vi gjekk oss også ein liten tur i parken berre for å få tida til å gå, og sidan det var ein vakker haustdag med mange ulike fargar, var det fint å vere ute. Men til slutt var klokka så mange at vi kunne køyre bort til neste kontakt og banke på døra. Og dette var ei dame i 50-åra som hadde vakse opp i Amerika, og som no var busett i Minneapolis. Ho hadde røter til Oslo, og fortalte om eit liv der ho arbeidde med å berge språket. Mellom anna dreiv ho ein norskspråkleg barnehage i Minneapolis der målet var at barn med norsk bakgrunn skulle få møte språket. Og det er jo absolutt ein fornuftig tanke. Ho hadde såleis nære band til Noreg, og ho ønskte også å føre det norske vidare til nye generasjonar. Så får vi sjå om ho lykkest med det.
Men alle slike møte tek jo slutt, og etter eit par timar med intervju og elisitering, så måtte vi takke for oss. Framfor oss no venta fire timar i bil ned til Madison. Og bilturen gjekk greitt, det er lite å fortelje om frå den, kanskje med unntak av såkalla «road kill», alltid så ligg det ein ihelkøyrd vaskebjørn her og der som ei slags kuskitruse i vegbanen. Skunk kan ein også sjå på same måte. Og så er det hjorten, som gjerne ligg stiv og maltraktert i vegkanten. Men i dag såg vi også ein daud svartbjørn i veggrøfta. Og da kan ein jo snakke om eksotisk fangst.
Madison var vakker no i kveldinga, og no hadde vi også fått oss eit bra hotell. Vi lever absolutt ikkje eit liv i luksus, derfor er det også litt flott av og til å kunne koste på seg ei natt i eit ordentleg hotell. Vi avslutta dagen med å gå ut for å få oss ein matbit, noko dei hadde rett rundt hjørnet.
Å slik går nu dagan …
Søndag 19. oktober 2025: Plymouth, Madison
Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.