Måndag 20. oktober 2025: Madison, Stoughton, Oregon, Oshkosh

I dag vakna eg nokså brått, eg var trøytt og sidan vi skulle ha ein litt roleg morgon, så var planen min å sove til klokka 8 – minst. Men slik ville ikkje den førre gjesten på rommet, han hadde viseleg sett vekkerklokka på 0630, som sikkert passa han bra, men som på ingen måte passa meg. Eg vakna jo, og sidan eg ikkje heilt visste kor denne lyden kom frå, så tok det veldig lang tid før eg i ørska forsto kva som eigentleg genererte dette bråket – og da var det for seint. Joda, eg døsa litt vidare, men eigentleg utan å sove, så da vart det berre slik, litt over 8 kravla eg meg opp og forsøkte å arbeide litt fram mot klokka 10, deretter var det berre å pakke saman, sjekke ut og laste opp prærieskonnerten. Første post på programmet var litt mat, for hotellet hadde ikkje frukost. David er jo lommekjent her, så han hadde ein frukostrestaurant i tankane, og der for vi for å få egg i ymse former, og det var eit solid måltid. Deretter slo vi ihel litt tid gjennom berre å køyre rundt og sjå oss litt om, neste avtale skulle vere i to-tida. Etter å ha surra litt rundt slik på måfå, tok vi til slutt mot til oss og stoppa framfor huset til denne karen, som var ein pensjonert politimann.

Og dette var også ein svært talefør mann som særleg var oppteken av folkemusikk på hardingfele. Dessutan hadde han i tida si som politimann opplevd på det eine og det andre, inkludert at slike «bad guys» prøvde å skyte på trauste politimenn. Og dette var kanskje ikkje nokon vinnarstrategi for dei kriminelle sidan vi faktisk sat saman med denne karen enno. Tida her var triveleg, og han snakka meir enn gjerne om livet her på prærien. Opptaka trur eg også gjekk bra, sjølv om vi no arbeider på rutine meir enn entusiasme. Men også det funkar. Etter ei stund takka vi for oss og sette vi GPS-koordinatane til Oregon, ikkje staten, men ein småby som ikkje ligg langt unna. Der skulle vi til biblioteket og møte ein sogning, vart det sagt. Vi fann biblioteket lett, og dette var faktisk eit imponerande bygg. Ja, det bryt på mange måtar med forestillinga vi her heime no har om Amerika og amerikanarar, som eit kunnskapslaust land der folket er delt i to og sit og ser på kvar sin TV-kanal. For dette var verkeleg i høgste grad eit bibliotek som ein slik småby kan vere stolt av, og der det også var folk innom, sjølv om det sjølvsagt var plass til fleire.
Her møtte vi ein sogning, og detter var på mange måtar eit historisk møte for meg. For det førster er det ikkje så ofte eg får snakke med arvespråklege som er yngre enn meg, men det fekk eg no. Vidare var dette ein sogning, og han snakka verkeleg sognemål. Han kunne fortelje om ein oppvekst i nærleiken av besteforeldre som snakka norsk, og sjølv om engelsk nok var førstespråket, tok han etter kvart til å plukke opp sognemålet også. Opphald i Noreg, både på folkehøgskole og på Høgskolen i Volda styrka språket. Og nå var han ein svært språkbevisst mann som hadde både nordisk grunnfag og eit metaperspektiv på språkbruk, så dette var retteleg moro, og tida gjekk fort.

Klokka gjekk mot sju da vi pakka saman og tok avskil, neste stopp var Oshkosh eit par mil nordover. Og ut over at det regna, så var bilturen oppover uproblematisk, og vi kunne til slutt finne fram til motellet vårt, eit heilt OK og typisk motell. Etter å ha sjekka inn fann vi vegen til ein restaurant der vi fekk ein matbit før sengetid, og så veldig mykje anna skjedde ikkje denne dagen.

Og slik går nu dagan her på prærien.

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.