EIn ny dag her på flatlandet, og i dag skulle vi inn i Oshkosh for å møte ein professor i «bygdeforsking», om det no er noko som heiter det. Denne karen var broren til Kari, som vi møtte i Minneapolis for eit par dagar sidan. I ni-tida fann vi heimen hans, og denne karen var også yngre enn meg og god i norsk. Han hadde for mange år sidan samanlikna bygdeutviklinga på Hitra og Frøya med den tilsvarande utviklinga i nokre område av Wisconsin. Igjen så møtte vi ein person med metaperspektiv på sitt eige liv, noko som var veldig interessant. Om han ikkje var fødd i Noreg, så hadde han budd eit år eller så saman med foreldra sine i Oslo, så norsk var på ein måte førstespråket hans. Også gjennom det akademiske livet hadde han utvikla norsken, ikkje minst gjennom opphald ved NTNU i Trondheim.
Som vanleg måtte han igjennom dei faste postane våre, men denne gongen gjekk dette veldig raskt, både fordi han var oppegåande og språkleg effektiv, og også fordi han hadde ein annan avtale klokka halv elleve. Men vi fekk gjort dei opptaka som vi trengte, og dermed kunne vi pakke saman og sette oss i bilen igjen. No venta denne lengste etappen på denne turen, nesten sju timar vestover til Glenwood midt i Minnesota. Vi har dei siste dagane hatt kontakt med Eileen der, og ho meinte at ho skulle klare å finne 19 arvespråkstalarar til oss. Og dette skremde oss litt, sidan tida vår tek til å bli knapp. Derfor
avtalte vi at vi skulle begynne med opptak alt i dag.
Etter ein lang biltur kunne vi sjekke inn på hotellet i Glenwood litt før klokka seks, og berre nokre minutt seinare var Eileen og bror hennar på plass. Vi fekk bruke konferanserommet på hotellet til opptak, og da var det berre å rigge opp utstyr og gjerne seg klar til den same prosedyren. Eigentleg hadde vi tenkt å ete ved det dei kallar Lakeview, men der var det stengt da vi kom, Derfor tok vi turen ut av byen, til ein litt smålurvete «dainer» utafor bygrensa. Men det var jo også greit, med tanke på korleis vi har levd dei siste par vekene.
Og slik går nu dagan …
Tysdag 21. oktober 2025: Oshkosh, Glenwood
Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.