Dagen i dag var også spanande sidan vi ikkje heilt visste kva kontakten vår her kunne klare å grave fram av taleviljuge arvespråkstalarar. For eit par dagar sidan var talet oppe i 19, men da vi snakka med henne i går kveld, var det tydeleg at det nok ikkje ville bli så mange. Nokre angra seg, andre hadde viktigare ting å bruke tida si på, så vi fekk berre sjå kva som ville skje. Avtalen var at vi skulle møte på museet klokka ni, og der ville vi fort sjå kva som kunne vente. Merlin hadde starta arbeidsdagen ein time tidlegare i dag enn vanleg, klokka ni møtte vi han, og dette er ein både dyktig, interessant og triveleg kar. Vi vart først vist rundt i museet, og det er utruleg at eit så lite museum har fått til så mykje. Samlinga med ting er fin og får fleire ulike sider ved livet i tidlegare tider. Dei har også langt stor vekt på urfolk, slik at tidslinja her startar på ingen måte med at ein eller annan europear gjekk seg vill ute på prærien og kom til seg sjølv her. Vidare har dei store arkiv der det absolutt må vere muleg å finne ut av både slekt og andre ting. Kort sagt, dette var interessant. Vi snakka også med Aileen, og ho hadde to karar klare for oss no på formiddagen, den eine var bror hennar, den andre var frå ute på køntriet. Igjen sette vi opp to stasjonar, og det fungerte rimeleg bra. Men som vanleg er det vanskeleg med dårleg høyrsel, og det er til tider tungt å rope ulike spørjeord som dei likevel ikkje forstår. Den eine av karane var i tillegg tannlaus, og da var han heller ikkje så lett å forstå. Men sidan dette primært er eit prosjekt som ser på intonasjon og slike overordna ting, er det muleg at manglande laustenner ikkje spelar så stor rolle når vi no skal flytte forskingsfronten.
Etter eit par timar med opptak nede på museet, reise informantane våre, og vi kunne pakke saman. Etter ein lunsj i eit svært spesielt konsept som kombinerte matservering med sal av ulike gåver (eller kva ein no skal kalle det), køyrde vi ned til Sunburg, rundt ein halvtime frå Glenwood; dette er ikkje akkurat ein storby, og om folketalet hadde vore lite tidlegare, så var det ikkje større no. Om eg ikkje tek heilt feil, så budde det i underkant av hundre personar i byen no. Og i fjor vinter hadde ein storm teke turen innom byen, og den hadde sett djupe spor gjennom mellom anna å flatpakke ein stor stålsilo ved utsida av byen. Etter det dei seier, så er det lite aktivitet i kulturhuset no, dei fleste norskspråklege er borte. Så vi skulle vere i kyrkja der det også skulle vente to språkmektige. Her kunne vi bruke to møterom, og den første som dukka opp, var ein gammal kjenning med røter til Inderøya. Og igjen vart det eit par timar med elisitering og samtale. Inderøyningen fann særleg stor glede i kartoppgåva, og det var artig å sjå samspelet mellom han og David. Og sjølv om David har gjort dette mange gonger no og kjenner ruta ut og inn, så var han god til å halde maska og late som om dette var heilt nytt for han. Klokka gjekk mot fem da vi var ferdige, og da ville inderøyningen vise fram kyrkja si, og også det dei kallar Combine Alley. Kyrkja var ei lita, nett trekyrkje, og etter det han sa, så hadde dei no ein norsk prest. Kva som eigentleg ligg i det, var noko uklart for oss, for han preika på engelsk, men han skulle ha sterk norsk aksent. Dette får vere noko vi ser nærare på dersom det nokon gong skulle bli ein ny tur på desse kantane av verda.
Combine Alley var også litt absurd; landskapet her var litt bakkete, og oppe på kvar ein bakkerygg var det ein eller annan som hadde funne ut at han skulle fylle tida si med å plassere ut gamle trøskemaskiner. Ein litt merkeleg tanke, vil nok mange seie, sjølv om det i det minste er eit tydeleg landemerke.
Vi kom tilbake til Glenwood tidleg i kveldinga, og vi gjorde eit nytt forsøk på å ete på restauranten nede ved «leiken», og no var han open. Om ikkje noko heilt spesielt skulle dukke opp, så er dette siste dagen med feltarbeid for denne gong. I morgon reiser vi inn til til Minneapolis og får ein liten smak av sivilisasjon før vi tek flyet heim igjen fredag. Vi har hatt ein fin tur, og samla sett må vi seie oss nøgde med resultatet. Vi har ikkje hatt ein einaste fridag, og desse vel to vekene på «råden» har vi brukt til å intervjue knapt 35 språkbrukarar. Fleire av desse var relativt unge, sjølv om ein del var veldig gamle også, og ikkje minst er vi glade for at vi klarte å finne fram til fleire vestlendingar. Kvelden vart runda av med ei samling på rommet til Sophia.
Og slik gjekk no den siste dagen med feltarbeid
Onsdag 22. oktober 2025: Glenwood, Sunburg
Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.