Måndag 13. juni 2011: Zumbrota, MN

Dette har vore den lengste Amerika-reisa eg har vore med på. Eg starta heimafrå pinsedagen med toget klokka 9. Og for å gjere ei svært lang historie veldig kort, så skal eg nemne berre nokre stikkord: NSB, buss for tog, Lillestrøm stasjon, forsinka tog frå Lillestrøm… Men eg kom meg da omsider til Gardermoen, og ikkje lenge etter var heile reisefølgjet samla ved at Janne frå Tekstlaboratoriet ved UiO kom med “buss for flytog” (eit genialt forretningskonsept dette også, spør du meg: 170 kroner for ein simpel bussbillett).

Eg hadde eigentleg trudd at det meste av kaos var unnagjort så snart ein hadde kome seg til Gardermoen, men slik var det ikkje. For det var der problema våre starta til gangs: manglande informasjon frå Icelandair (dette ser verkeleg ut til å vere eit selskap som låser dørene, dreg ned gardinene, tek ut telefonkontakten og som satsar på at alt går over berre ein ventar lenge nok). Det gjekk jo fly til Reykjavik, og det var også fly frå Reykjavik til Minneapolis. Problemet var at det var ein eller annan “gå sakte-aksjon” på Keflavik-flyplassen, og enden på visa vart at vi vart ståande fast på sagaøya. Ikkje heilt etter planen, kan ei trygt seie. Joda, det ordna seg jo med rom på Luftleidir-hotellet i Reykjavik, og fiskemåltida var kvar for seg heller ikkje eit grunnlag for høgtlesing frå skjellsordboka hans Tor Erik. Men likevel … Og det er utruleg kor tamt det kan bli når ein står på ei øy og berre ventar på å kome seg vidare. Og det verste var at vi hadde gjort avtalar om intervju i Wannamingo måndagsmorgonen, og det ville vi ikkje klare. Uansett, etter mykje venting, matbongar, hektisk redigering av foredrag og frisk nordavind kom vi oss endeleg vidare frå Island til Midtvesten utpå måndagsettermiddagen. Og det er ikkje så veldig mykje å berette frå ei flyreise på nesten seks timar, ikkje eingong maten kan ein rakke ned på, for slike ting serverer dei jo ikkje utan vidare på dette selskapet, må vite. Eg hadde aldri trudd at Ryanair skulle fortone seg om eit lett luksuriøst selskap, men slik er det nesten. (Men berre nesten.) Uansett, vi kom oss da over Blåmyra, og landa i sekstida.

Reisa vidare gjekk heilt utan problem, vi fann rask vegen til leigebilselskapet, Janne slo på stortromma og vi kunne straks etter hente ut ein retteleg uhyre av ein Ford SUV. Eg har eigentleg mine tvil om at førarkortet mitt gjeld så store doningar, og sjølv om eg ein gong i tida var utstyrt med militært førarkort, hadde eg ikkje lov til å køyre tanks. Men vi let det stå til og satsa på at norsk aksent vil kunne sjarmere «stat troopersane» om dei skulle finne på å bli nysgjerrige på oss. Det er eit knep eg har hatt glede av tidlegare også.

 Deretter skreiv vi inn Zumbrota i GPSen, men vi (les: eg) rota litt og vi endte opp ein eller annan plass ute på countryet (Eg må nok litt beskjemma innrømme Janne hadde heilt rett i at det til tider kan vere lurt å følgje køyreruta til GPS-en). På den andre sida førte denne avstikkaren til at vi kunne øve oss litt i kunsten å lese norske namn på postkassane medan bilen er i fart. Til slutt kom vi kom vi på rett kurs og fann utan større problem fram til motellet. Reservasjonen vår var eit døgn gammal, men også det ordna seg. Og folk som kjenner Zumbrota, blir sikkert ikkje overraska over at dei der kan ha ledige rom til ferdafolk – det kan ikkje vere så frykteleg mange andre enn oss som har eit ærend på denne plassen.

Og slik går no dagan i Midtvesten.

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *