Første arbeidsdagen i Midtvesten, og dagen starta med tur til Wanamingo. Igjen imponerte eg med vidløftig GPS-bruk: eg skreiv inn byen Wanamingo i adressefeltet – gateadresse tok eg heilt på slump ut frå at dette er ein by med ei hovudgate og to sidegater. Og kunne vi berre sjå vasstårnet til denne småbyen rage opp over prærien , så skulle nok det meste vere gjort. Joda, vi starta jo opp, og vi gjorde akkurat slik som kvinnestemma i GPS-en sa, og da ho meldte at vi var framme, sto vi midt i ein åker – det var ingen teikn til sivilisasjon nokon stad. Javel, så var det fram med notatar og finne nøyaktig adresse, og da vart det tydeleg at vi ikkje akkurat hadde teki snarvegen. Vi passerte namn som Asphaug og Holden, men til slutt kom vi da fram og kunne begynne å leite etter “siviksenteret”.
Denne byen er ikkje store greiene, men noko slikt senter var ikkje å finne. Til sist såg vi ein kar som gjekk nedover den eine av de få gatene, og da måtte vi jo kunne spørje om vegen. Vi køyrde bort til han, og Janne tok mot til seg, opna vindauget og spurte om han visste kor dette senteret var. “No, I don’t know , I’m just visiting here”, svara han på ein litt famlande engelsk med svært sterk norsk aksent, og det var tydeleg at han ikkje følte seg så komfortabel med å snakke dette verdsspråket. Ein liten augneblink lukta eg ein liten språkvitskapleg sensasjon, at denne mannen i 60-åra var ein norskamerikanar som var svært ustø på engelsken og som til gjengjeld var ein kløppar til å snakke norsk. Så svært oppglødd prøvde eg med “Men kor du kjæm frå, du da?” “Stjørdalen”, svara kroppen, “æ e ut fer å sjå ætti nå dialæktfølk æ, sjuddu”. Der brast den illusjonen, men i det minste kunne han hoppe inn og hjelpe med å finne dette bygget der det skulle sitje “ei kjærring som spælle piano”.
Vi fann vegen, fekk rigga opp utstyret, og klokka ni dukka dei første klientane opp. Twila, formannen i lokalhistorielaget og kontakten vår, hadde laga eit stramt program der dei skulle kome to og to kvar time fram til klokka 12. Janne og eg delte folkemassen i to, ho hadde eit bord i den eine enden av rommet, medan eg sat i den andre. Og folk kom, dessverre viste det seg at dei folka som hadde ord på seg til å vere retteleg stødige i å snakke norsk, hadde betre ting å bruke dagen på enn å småsnakke med to språkinteresserte tullingar frå Noreg. Og av dei som dukka opp, var også språkferdigheitene litt varierande. Det kunne virke som om eit par av dei møtte opp mest for å sjå på. Men rett skal vere rett, nokre av dei snakka godt norsk, særleg dei som hadde vore innom St. Olaf. Og talemålet til mange var tydeleg farga av trøndermål, men tida med norskopplæring på St. Olaf hadde tydelegvis i nokre høve også sett sine spor. Eg ser heller ikkje bort frå at Janne viste storsinn mot ein stakkar eksil-trønder ved å sende dei beste trønderane over til meg, medan ho sjølv tok seg av dei litt meir vaklevorne. Og særleg ei av dei, ei retteleg triveleg dame tidleg i 80-åra, varta opp med både dativ, palatalisering av velarar, i tillegg til at ho hadde eit gammalmodig vokalsystem. Det er eigentleg heilt utruleg å sitje i eit anna kontinent og kunne bruke min eigen dialekt som om det skulle vere retteleg eit verdsspråk. Det vart nokre trivelege timar, og folka fortalte om laust og fast frå eit langt liv på prærien.
Det var begrensa kva vi rakk over på desse tre timane, men det var da eitt og anna å bite seg merke i om både livet og dauden her borte. Etter denne seansen var vi ein tur innom gavebutikken til den eine informanten, eller «giftståret», som det heiter i denne delen av verda. Og denne kremmaren hadde mange merkelege ting i hyllene sine, inkludert Mors flatbrød og Vangsgutane i harde permar. Eg blir aldri heilt klok på korleis næringsdrivande her ute på prærielivet resonerer.
Tidleg på ettermiddagen gjekk turen til Decorah og konferanse – denne gongen med GPS. Og opninga av denne konferansen er jo som opninga av slike konferansar bruker å vere, noko anna er det ikkje å seie om det. På kvelden var det ei samlingsstund ved museet i Decorah, og der var det både underhaldning med norsk folkemusikk og anna oppbyggeleg for kropp og sjel. Og medan vi var der, dukka ein av informantane frå i haust opp, og vi hadde eit retteleg triveleg stund.
Med jetleg blir det tidleg kveld her borte, så på veg tilbake til Winnishek- dukka det opp enda ein gammal kjenning. Å gå i gatene i Decorah er jo nesten som å traske i gågata i Halden – har ein talent for “preking”, så har ein verkeleg mulegheita her borte.
Og slik går no dagan i Midtvesten