Konferansar er jo konferansar, noko denne også er: Nokre av presentasjonane er svært interessante, andre er kanskje mindre interessante for oss språkfolk, nokre folk er gode til å presentere, andre er mindre gode til å presentere, nokre klarer å halde tida, andre klarer det ikkje, nokre prøver å halde tida, andre prøver ikkje … Ut frå det eg har høyrt, skulle det i gammal tid gå ganske heitt for seg når hallingane hadde stevne rundt Spring Grove og Decorah, og både knyttnevar og knivblad kunne få ein aldri så liten luftetur på vegen mellom bukselomma og ein storkjefta sogning. Slik sett er denne samlinga vår i Decorah både harmonisk og fredfull, sjølv om det også her kan vere litt fagleg usemje og litt temperatur. Denne konferansen har vori svært godt organisert, og eg skal ikkje bruke tid på å beskrive han nærare ut over å nemne eit par minneverdige episodar.
Onsdagen ved nonsleite var vi på utflukt til Washington Prairie-kyrkja, som ligg eit stykke utafor Decorah. Denne kyrkja er kjent for fleire generasjonar med Koren-prestar, og kanskje ikkje minst for prestfrua, Elisabeth Koren, som sat her ute og skreiv dagbok og elles prøvde å få tida til å gå som best ho kunne. For ein som ikkje har ei spesiell interesse for tyskinspirert kyrkjearkitektur, ser denne kyrkja ut som mange andre kyrkjer her borte. Og det er heller ikkje kyrkjearkitektur eg har tenkt å skrive om her. Derimot har eg lyst til å ofre nokre binære teikn på lunsjen dei serverte oss. Dette skulle etter det dei sa vere ein typisk kyrkjelunsj. Ein gong for mange år sidan var eg inne i Wisconsin og fekk servert kjøttkaker, lutefisk og rømmegraut på same tallerkenen, ein kombinasjon som eg da opplevde som svært så banebrytande i høve til det eg var van med frå kjøkenet heime i Inntrøndelag. Men det vi fekk oppleve no, var fullt på høgde: her serverte dei noko dei kalla Slappy Joe (hamburgarbrød med steikt kjøttdeig blanda opp med ein eller annan udefinerbar kjemisk substans), pastasalat, sukkergelear, fruktkrem, potetsalat og piska krem. Dette er visst noko som høyrer naturleg saman her borte og som har sterk appell til amerikanske ganar. Men eg fekk det da ned.
Torsdagsmorgonen skulle vi språkfolka til med foredraga sine. Janne var først ut, deretter var det min tur før ungdommane frå Madison runda av. Det er alltid vanskeleg å vurdere korleis ein blir oppfatta av andre, for det står nok ikkje til å nekte for at vi språkinteresserte er litt framande fuglar i dette historie-interesserte selskapet. Og dersom ein er så uheldig å nemne noko slikt som dativ, så kan det lett føre til mange spørsmål og krav frå første benk om privatundervisning og lynkurs i kva denne dativ-greia eigentleg er. Men alle vi fire overlevde utan å møte trugsmål om juling, og det bruker jo gjerne vere eit godt teikn på desse kantar. Det som står att no i etterkant blir å arbeide vidare med noko av dette stoffet slik at levebrødet til arbeidsfolket på Saugbruksforeningen heime i Halden også blir sikra.
Etter endt dyst var vi på boklansering i det lokale “bok-ståret”. Forfattaren Johan Harstad er i Amerika og presenterer boka si om Buzz Aldrin (dvs. det er kanskje ikkje Buzz som er hovudpersonen her, men det er ei anna sak). Igjen ei litt merkeleg oppleving – å sitje på første benk på eit anna kontinent og møter ein norsk forfattar som les frå boka si på engelsk. Og på første benk sat også eit anna merkeleg fenomen, ein norskamerikanar tidleg i 20-åra som snakka flytande norsk. Ut frå det han sa, hadde han lært seg norsk gjennom å gå på norskkurs oppi Minnesota. Utruleg. Måtte vi alle få tilbod om slike kurs!
Og slik går no dagan her i Midtvesten