Onsdag 14. oktober 2015: Halden – Zumbrota, MN

Da vart det amerikatur i år også, og det er litt uverkeleg på mange måtar. Av ein eller annan grunn så fekk eg pengar til ei slik reise frå eitt eller anna fond ved Universitetet i Oslo, og tanken var da å slå lag med gjengen frå Tekstlaboratoriet som skulle til statane eit par veker i månadsskiftet mai-juni. Men slik mai og juni vart for min det, så hadde eg rett og slett ikkje tid, eg måtte vere heime og passe butikken. Og sidan staten er staten, og eit budsjettår er eit budsjettår, så må jo pengane brukast til formålet (det skulle berre mangle), og det vart altså no i staden. Så her er eg på prærien heilt åleine, så får vi sjå korleis det går.

Reisa har i det minste gått bra, tog frå Halden klokka 10.05, fly frå Gardermoen til Minneapolis via Reykjavik kl 14.45, og så skulle eg vere framme i halv sju-tida. Ok turen er det ikkje å fortelje om, det heile gjekk roleg og fint for seg, Og sjølv om Janne og eg har litt blanda erfaring med dette vesterhavs-selskapet frå tidlegare, så viste deg fram godsida si i dag. I tillegg var det nokså glissent med folk på flyet, eg hadde ei heil seterad heilt for meg sjølv. Mat serverer dei ikkje, men no går dei i det minste rundt og spanderer både vatn, juice og kaffi, så det er ikkje så heilt ille, trass alt. Det er vel slik at ein får det ein betaler for.

Eller å få det ein betaler for ja, kanskje ikkje – for i dag trur eg nok eg har betalt for noko som eg ikkje har fått: Vel framme i Minneapolis kom eg meg etter mykje venting gjennom passkontrollen (første gongen dei ikkje tok bilde + fingeravtrykk av meg – betyr det at dei no tek til å kjenne meg igjen?) Deretter henta eg leigebilen, eg hadde bestilt og betalt for ein mini-SUV. Og da eg kom fram til skranken kunne dama der fortelje at dei var tomme for slike mini-SUV-ar. Derimot kunne eg få oppgradering til ein «full sized car», heilt utan tillegg i prisen. Og det var jo veldig generøst, tenkte eg, og takka sjølvsagt ja. Ho ga meg nummeret på parkeringsplassen og peikas i retning av eit heilt forferdeleg stort monster av ein bil. Eg vart nesten litt skeptisk til om eg hadde førarkort for eit slikt monster. Vel framme til dette monsteret såg eg at det sto på feil parkeringsplass, og på det plassnummeret eg vart vist til, stod det ein stussleg Toyota. Eg gjekk tilbake for å snakke med dei. «Well, you accepted the offer, and this is a full sized car, sir» sa dama. Jaja, slik er det når ein ikkje behersker alle nyansane i engelsk vokabular – så da er det vel slik det er, da. Akkurat da kjente eg meg fryktlege einsam her ute på prærien, og eg forsto med ein gong kvifor eg aldri ville ha klart å brødfø meg som kramkar (ikkje det at eg har prøvd så hardt på det heller, men det er ei anna sak. Og sjølv om eg altså har betalt overpris for denne skranglekassa, så prøver eg no å rettferdiggjere det heile med at eg sparer bensinpengar, eg er usikker på om eg i løpet av turen kjem til å tru på dette sjølvbedraget.

Akkurat no har eg etablert meg på eit motell i Zumbrota, ein times biltur sør for Minneapolis. Kanskje ikkje Hilton, men for ei natt får det hyre. Mat fekk eg også tak i, så no er eg god-demt, døgnvill og stuptrøytt. Og i morgon blir det Wisconsin – trur eg …

Å slik går nu dagan her ute på prærien…

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *