Så har vi faktisk kome til den siste heildagen her i Midtvesten for denne gongen; da vi laga det først utkastet til ein plan for dette opphalden, så var denne måndagen tenkt som fridag – vi meinte verkeleg at vi fortente ein heil dag med slaraffenliv etter ein hektisk periode med både lett improviserte foredrag og enda tyngre improvisert feltarbeid. Men da Janne og eg møttest til frukost i halv ni-tida i dag, forsto vi at det var mykje arbeid som måtte gjerast før vi kunne seie at fridag var fridag. Det viste seg nemleg at vi stort sett hadde videoopptak av dei fleste intervjua, men det var ikkje alle desse opptaka der lyden var god: og på nokre av opptaka var det frykteleg mykje skurring. Backup-løysinga vår her var at vi også gjorde separate lydopptak, men no viser det seg altså at vi også hadde nokre opptak der lyden svikta på videoopptaket samstundes som vi også mangla lydopptak. Ille ille, med andre ord! Kort sagt, vi brukte fleire timar på å finne ut av kva vi hadde gode opptak av og, også kva vi mangla. Dette er svært uheldig, for å seie det mildt. Og sjølv om desse hola i materialet ikkje er ekstremt store – kanskje på rund ein time eller to med opptak – så er dette frykteleg irriterande. Om det skulle bli ein neste gong, så må vi få sjekka utstyret før vi reiser og eventuelt fornye utstyr som ikkje fungerer. Og vi kunne sikkert brukt resten av dagen til å sture og vere skikkeleg sure for at det meste gjekk oss imot.
Men slik er heldigvis ikkje vi: i halv to-tida hadde vi fått litt oversyn over arbeidet vårt, og da var det på tide med litt shopping. Vi sette kursen ned til Mall of America (Amerikas største kjøpesenter). Dette er eigentleg ein fryktelege plass for inntrøndske karfolk: Her er det fullt av butikkar og mykje folk, og særleg når ein ikkje er kjent, er det nesten uråd å finne det ein er på jakt etter. Men samarbeid er vegen å gå: ein heimføing frå Inntrøndelag og ein urbane professor gjorde ein heroisk innsats etter «shop til you drop»-prinsippet, så no kan vi kle opp kvar vår ungeskokk i siste mote frå prærien. I åtte-tida var vi tilbake på hotellet, og starta så ut for å ete; eigentleg skulle vi ha satsa på festmiddag med mange rettar og god vin, men vi begrensa oss til eit nokså enkelt måltid meksikansk mat med ein ølskvett til, og det var greitt nok.
Og da gjekk den siste dagen her i Midtvesten mot slutten. I morgon skal vi ta flyet til gamlelandet via New York, og da er det slutt på moroa for denne gong – heime ventar mykje ugjort arbeid og sikkert også ein frykteleg plagsam jetleg.
Slik gjekk nu den siste dagen her ute på prærien …