Søndag 26. oktober: Westby, Coon Valley, Minneapolis

I dag hadde vi gjort avtale om å treffe folk klokka ni oppe på Borgen’s Cafe, og sidan dette er rett oppe i gata, tok vi det litt med ro på morgonskvisten, noko som også gjorde det muleg å bruke nokre minutt på Skype med dei som er heime. Frukosten på dette motellet er rett og slett elendig: også i dag slurpa Janne i seg litt av desse slagna «cornfleiksa» med piss-ly mjølk, medan eg viste standhaftigheit og meinte at her går det faktisk ei grense for kvas ein kan finne seg i av tarvelegheit, og at det beste var å vente til ein kom til litt meir siviliserte strøk, dvs. på Borgen’s. Så snart Janne var ferdig med å slurpe i seg desse forferdelege cornflacesa, og eg kasta innpå eit beger med dårleg kaffi, lempa vi pikkpakket vårt inn i bilen, sjekka vi ut og køyrde til denne über-norske kafeen inne i byen, og på bakrommet venta det eit langbord med kjenningar: Larry og Gerry var der; Sandra og Ron hadde møtt opp, det same hadde Douglas frå Stoddard og ikkje minst John med familie: Alle tok det for ein sjølvsagt ting at vi skulle samlast her for å snakke litt norsk (sekundært) og ikkje minst få i oss litt frukost (primært). Men Janne hadde ein heilt annan agenda, for her skulle det primært drivast feltarbeid og utspekulert elisitering i stor stil. Det ho kanskje ikkje hadde tenkt på, var at i dette merkelege landet et ikkje folk frukost før dei reiser heimafrå, og dessutan skal dei gjerne få med seg gudstenesta ein søndags føremiddag. Denne kulturkollisjonen råka særleg Johan, som heller ikkje hadde ete noko tidlegare på dagen, og som i tillegg hadde tenkt seg innom gudstenesta i vaniljekyrkja: møtet med Janne sendte han rett inn i fastetid og 5+2-dietten. For skal ein drive forsking, så skal ein drive forsking, og da kan ein ikkje ta omsyn til Maslovs behovspyramide og faktorar som næringsbehov og tørst etter gudsord. Fem minutt før messa starta, vart han dimittert; han raska da med seg ein lefserull med kjøttmat i, takka for seg og småsprang deretter ut døra. Deretter var det Douglas frå Chaseburg sin tur, han hadde fått i seg mat medan han venta på tur, og han hadde heller ikkje planar om å gå i gudstenesta, derfor fekk Janne litt betre tid med denne litt agnostiske klienten. Og Douglas gjorde så godt han kunne; det han ikkje makta å gjennomføre av språkleg flyt og finesse, tok han igjen gjennom tydeleg mimikk og heftig gestikulering.

I elleve-tida dukka kontakten vår frå Madison opp på Borgen’s, og da var det på tide å vere sosial og ete lunsj, og over ein ny matbit fekk vi høyre nytt frå Det norske Amerika. På ein slik hektisk søndagsmorgon var det godt å få eit bittelite friminutt frå forskarkvardagen. Men her er friminutta gjere korte, og snart henta kvardagen oss inn igjen, og turen gjekk ned til Coon Valley, der vi henta Florence i den nye bustaden hennar. Tidlegare budde ho i eit trailerhus oppe på Løvåsryggen, men no hadde ho flytta inn på ein gammalheim. Janne og eg har sett litt av kvart av slike institusjonar ute på prærien, men denne hadde verkeleg god standard, og her såg det ut til at Florence hadde fått det godt – og er det nokon som fortener ein fin livskveld, så er det Florence – det er vanskeleg å ikkje bli glad i slike som henne. Og med Florence i bilen gjekk så turen opp til Moilien-farmen på Nordryggen, og her var det alt samla to trauste norsk-amerikanske farmarar som var meir enn ivrige etter å snakke norsk.

Tida på Moilien-farmen var eigentleg litt knapp ut frå kva vi hadde tenkt å gjere, så Janne var kjapp med å rigge opp studio i bakrommet der den kreative elisiteringa skulle gå for seg; oppgåva mi var å gjere lydopptak av samtalen mellom dei andre inne i stova. Og slik gjekk mykje av dagen, Janne elisiterte og kartla pronomenbruk, genustilordning og setningsstrukturar, medan eg gjorde så godt eg kunne for å få til ein lett og ledig samtale om dei tre favoritt-emna som folk her gjerne vil snakke om: farming, farming og ikkje minst farming. Først i fem-tida tok vi til å bli ferdige, og da sette vertinna fram eit matbord av solid amerikansk standard: kjøttpai med gele og krem, i tillegg til mange andre godsaker. For ein nordmann er dette ein nokså uvanleg kombinasjon, men her borte er det ingen som synest det er merkeleg å kombinere kaloriar på slike kreative måten.

Det tok til å mørkne da vi takka for oss, no venta det tre timar i bil før vi var tilbake i Minneapolis igjen. Bilturen oppover var uproblematisk, vi sleit litt med å finne hotellet, for GPS-en søkte opp ei anna adresse – midt i eit jernbanespor, men vi fann da fann til slutt, og etter to netter på eit litt shabby motell i Westby var det godt å sjekke inn på eit skikkeleg hotell i Minneapolis. Her avslutta vi dagen med å gå igjennom delar av materialet som vi har samla inn og prøve å systematisere det.

Og slik går nu dagan i denne metropolen …

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *