Laurdag 25. oktober: Westby og Coon Valley

Bortsett frå at eg fekk ei veldig god natt – eg sov heilt til klokka var halv ni – så fekk denne dagen ein heller dårleg start. For det første drøsa eg litt under den daglege økta med personleg hygiene, slik at klokka var fem over ni da eg var nede i resepsjonen: og frukosten var da alt stengt. Janne kunne gjennom ei blanding av kvinneleg sjarm og myndigheit (kanskje mest av det siste) snakke seg til ein papptallerken med cornflakes, men slagna cornflakes og piss-ly mjølk var ikkje akkurat det som frista meg mest. Vidare kunne Janne fortelje at kontaktpersonen vår her ikkje hadde skaffa oss informantar for laurdagen, berre for søndagen. Det er i og for seg ikkje så veldig vanskeleg å finne informantar her i byen, for vi har møtt mange andre før, men så var det dette med telefonsystemet her i dette landet da. For det første: mobilane våre klarer ikkje å kople seg på mobilnettet her. Vidare er det slik ordna at for å kunne ringje frå Westby til Coon Valley, ein avstand på rundt 10 kilometer, så må ein ha «long distance call», og det er ikkje utan vidare muleg å gjere frå eit motell. Etter mykje fram og tilbake, kom vi til at vi skulle ta turen opp til Borgens Café, ein av dei «norske» restaurantane her, der hadde vi håp om å få låne ein telefon – og for meg var det også eit aldri så lite poeng at eg kunne få meg noko å ete. Vi raska saman utstyret vårt og sette kursen inn mot byen, og på Borgens var det verste frukost-rusjet alt over da vi kom. Vi fekk oss eit bord, og eg fekk bestilt Borgen’s special, som i realiteten er egg, flesk og «hash browns». Så fekk vi låne telefonen der, men heller ikkje han fungerte. På ny tok Janne fram blandinga av sjarm og myndigheit (mest v det første denne gongen) og spurte folka på nabobordet vårt om ho kunne få låne telefonen deira. Dermed fekk vi kontakt med gode, gamle Larry; han var heime åleine og var sett til å rake lauv, så han var meir enn villig til å ta imot oss. Vi takka for oss på Borgen’s, var ein snartur innom Dregne’s, som ein gong i tida var ein jarnvarebutikk, men som no har spesialisert seg på norsk juggel. Her plukka vi med oss nokre småting før vi sette kursen mot Springdalen. Å møte Larry er alltid veldig triveleg, og han liker tydelegvis veldig godt å snakke norsk. Vi sette oss ved kjøkkenbordet, utstyret vart rigga opp, kaffikoppar vart sette fram, og dermed var vi i gang med desse «geimsa» og timar med elisitering. Larry viste stort tolmod, sjølv om han etter ei tid erklærte at han nok var litt kjei – «det var messom som på skolen att, da veit du», sa han. Men slike småting tok ikkje staute forskarar som oss omsyn til, for få ting er så viktige som å samle inn forskingsdata når forskingsfrontar skal flyttast.

Omsider vart vi da ferdige med intervjuet, vi braut opp og sette kursen mot Borgens igjen for å ete, deretter reiste vi ned til Norskedalen ein tur. Det er alltid triveleg å kome til Norskedalen, sjølv om benken med gamle gubbar som snakka norsk no er tom. Dessverre skulle dei snart stenge, så vi hadde ikkje tid til å sjå på sjølve museumsområdet, men gavebutikken hadde vi tid til å stikke innom. Så køyrde vi opp dalen og til hopp-bakken, vi ville berre gå oss ein liten tur, og eit skianlegg skulle jo vere perfekt for slike uteaktivitet. Sjølvsagt var det ingen med ski der oppe, men det var mange andre ting som skjedde der, da det var mange bilar parkert der nede. Dei fleste var nok innom skjenkestova og tok seg ein øl før kvelden, nokre gjekk rundt og drassa på ein golfbag, medan andre igjen avreagerer på andre måtar. Vi kom i snakk med ein triveleg tysk-amerikanar som var der saman med dotter si – og dette var nok ivrige NRA-folk, for faren gjekk med ein 9mm Springfield i beltet, medan jenta var der for å prøve ein sivil M16-modell i kaliber 5.56 (eller .223 som det heiter på desse kantar). Tyskaren var svært snakkesalig og vennleg, og han la ut i det vide og breie om våpen og kampsport. Og sjølv om det no var i tusmørkret, ville han meir enn gjerne demonstrere skyteferdigheitene sine. Først svidde han og dottera av nokre skudd med rifla, deretter tok han fram pistolen og fyrte av nokre skot med han. Til slutt fekk eg prøve nokre skot med pistolen hans – det er no 29 år sidan sist eg løyste skot med ein pistol, og det er veldig tydeleg at gamle ferdigheiter ikkje varer evig. Men eg skal absolutt ikkje nekte for at det var moro å prøve igjen og at eimen av krutrøyk vekte mange gamle minne. Elles var tyskaren svært oppteken av å lære jentungen korleis ein skal handtere skytevåpen på ein sikker måte, men samstundes gjorde han ting som ville vere heilt utenkeleg på ein norsk skytebane. Å leggje frå seg ei ladd rifle med patron i kammeret for så å gå fram og sjå om ein har treft – det gjer ein berre ikkje. Den gode, gamle våpeninstruksen med hukseregla TA-LEGG-SIKT-TRO-HUSK hadde i alle fall ei sterk meining om dette med å LEGGje frå seg ladde våpen. Men i møte med slike folk som driv med kampsport og stridsskyting fann eg det best å ikkje vere alt for belærande.

Deretter køyrde Janne og eg opp til motellet og sette oss så i resepsjonen for å arbeide litt. Eg må innrømme at det har vore utruleg godt å ha ein slik ettermiddag utan intervju der vi kan arbeide litt med det vi har samla inn. Vi visste jo at vi måtte arbeide med å rydde i og sikre dette. Og denne gongen har vi også hatt uvanleg mange tekniske problem med lyden på video-kamera, og det er frykteleg dumt. Heldigvis køyrer vi også med eigen lydopptakar, men likevel bør ikkje slike ting skje: så om det skulle bli ein annan gong, bør vi sjekke utstyret skikkeleg før vi reiser heimafrå.

Utpå kvelden gjekk vi over gardsplassen og til restauranten her og fekk oss eit bord. Som vanleg var det veldig fullt og stemninga var god; men eg må likevel innrømme at no i siste del av oktober er det ikkje nok å hengje opp litt julepynt eller setje fram eit juletre i plast for at eg skal kjenne at julefreden senker seg. Så om det ikkjer er sant at «jula varer helt til påske», så er det tydelegvis sant at i denne delen av verda så startar jula i god tid før Halloween.
Akkurat no sit Janne og eg i lobbyen, eg bloggar litt medan ho kopierer opptaka våre frå kameraet og inn på harddisken sin (eller var d et drop-box). Men framleis er eg kveldstrøytt, og det dryger nok ikkje så veldig lenge før eg må kapitulere.

Og slik går nu dagan her på prærien…

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *