Fredag 24. oktober: Twin cities (Minnesota), Westby (Wisconsin)

Igjen hadde vi ein litt roleg start på dagen, eg vakna nokså tidleg og fekk ikkje sove vidare, deretter sette eg meg til å arbeide litt, og i 8-tida skypa eg med dei der heime i gamlelandet. Skype er ei heilt utruleg oppfinning; for 20 år sidan kunne eg ikkje ein gong ringe direkte heim frå USA, eg måtte gå vegen gjennom «the operator», i dag kan eg berre starte PC-en, så får eg både sjå og snakke med dei der heime i «gamlelandet». Og når vi er inne på utrulege ting sett i perspektiv, så er det også noko merkeleg over at eg kan sitje her midt i USA og betale rekningar som har dukka opp medan eg har vore borte: Internett er ei merkeleg oppfinning.

Etter det dei kalla ein «buffet breakfast» – som i hovudsak besto av toast, syltety, juice og kaffi, gjekk vi på romma våre, sjekka ut og gjorde oss klare til ein ny runde med feltarbeid. Og ved hjelp av GPS-en fann vi fram utan spesielle problem, og her møtte vi familien og ikkje minst ho som interesserte oss – den gamle dama på over 90 år.

Vi var raske med å rigge opp utstyr for vi tenkte at gamla sikker ville blir trøytt ganske raskt. Så starta vi opptaka, og etter nokre minutt med litt språkleg famling tok norsken hennar seg opp nokså raskt. Og dette var dame som gjerne ville prate. Vi prøvde å hinte at vi kanskje burde ta ein aldri så liten pause (fordi prærielingvisten måtte så gjerne på do), men slike trivialitetar stoppa på ingen måte gamlemor, ho ville berre fortsette. Samtalen og intervju gjekk heilt greitt, men eg var redd for at den litt meir strukturerte delen av oppgåva ville bli for vanskeleg, men neida, sjølv med Jannes «Arbeit mach frei»-tilnærming gjekk det bra. Gamla var tydelegvis veldig sliten, men ho hadde også veldig stor glede av dette. Da vi endelege var ferdige, sa ho: “Can we do some more tomorrow? ‘Cause this was great fun”. Ja, det var moro, men samstundes veldig tidkrevjande moro. Først når klokka var tre kunne vi setje kursen vidare med bilen ned mot La Crosse. Bilturen gjekk greit, Janne sov litt under den første delen av turen, deretter la vi ein grovplan for ein framtidig artikkel, og før vi visste ordet av det var vi, eller kanskje rettare eg, på gamle tomter. Og gamle tomter I denne samanhengen er La Crosse, og når ein kjem på gamle tomter opplever ein ofte diskrepans mellom erindring og realitet. For vi ville gjerne ein liten snartur innom eit “gråsseristår” før vi forsette turen vår. Men dette ståret var ikkje heilt der eg meinte å erindre at det skulle vere. Eg smilte derfor kjekt og sette kursen mot eit slikt står som eg var heilt sikker på kor det skulle vere – eg fann denne siste plassen, men det var abstolutt ingenting som minte meg om gamle, gode Quillins, absolutt ingenting.

Vegen vidare til Westby gjekk heilt utan problem og den gamle lokalkunnskapen min kom til sin fulle rett. Det er muleg at Janne vil hevde at eg rota meg litt bort og sleit veldig med å finne vegen vidare til Westby, men det er berre tull: Eg budde lenge i dette området og derfor kjenner eg det like godt som mi eiga bukselomme; dessutan var det veldig mørkt, og da må ein jo rekne med å rote litt. Vegen vidare gjekk heilt greitt, og klokka gjekk mot åtte da vi kom fram til Old Towne Inn i Westby. Også dette motellet er trygt innafor sjangeren «gamle tomter», eg er nesten sikker på at eg har hatt dette rommet tidlegare. Og her legg dei også stor vekt på at ein verkeleg skal kjenne seg igjen og dermed føle seg heime, eg trur ikkje det er gjort ein einaste ting her sidan eg første gongen tok inn her i 1992. Deretter gjekk vi over gardsplassen til restauranten, og der var det heilt fullt. Og etter ein matbit og litt småprat over datamaskingene tok vi kvelden, livet som prærielingvist er vanskeleg å kombinere med natterangling.
Og slik går nu dagan her på prærien ….

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *