Ein ny dag her på prærien, og eg fekk lura meg til ein ekstra time i senga no sidan dei i natt innførde vintertid her på prærien. Så i 8-tida (som eigentleg var 9) «spratt» eg opp (det var kanskje ikkje så mykje sprett i denne «sprettinga», men det er ei anna sak), og kunne etter kvart tusle ned i frukostsalen for å få meg mat. Og frukosten her er i præriesamanheng rimeleg bra; eg steikte meg vaffel, og med kaffi og Aftenposten på nettbrett til, så var eg etter kvart klar for nye eventyr. Eg hadde ingen avtale før klokka tre, så i formiddag ville eg inn til området rundt Campbell og Doran for å sjå området der gammalonkelen min Søren Hjelde først slo seg ned, og ikkje minst så på to Hjelde-graver som skal finnast her i området rund kyrkjene Vukku og Stiklestad. Vegen vestover gjekk gjennom nokså flatt landskap, og etter ein halvanna time, kunne eg starte leitinga mi. I fjor var eg også her på leit, men da fann eg ikkje anna en Vukku-kyrkja, nok som var interessant nok. Den gongen hadde eg jo håpa på at eg kunne kople meg på nettet på ein eller annan restaurant for å sjekke med Google maps, men sidan tilbodet av restaurantar er ikkje-eksisterande her, så vart det nærast som ei bomtur å rekne. Denne gongen var eg betre budd. Igjen fann eg lett fram til Vukku-kyrkja, og der hadde det vore gudsteneste, men dei fleste hadde reist heim da eg kom. Med det var tre «little old ladies» igjen, og eg kunne da spørje meg litt for, og eg fekk også ein liten titt innom kyrkjerommet – som nok må seiast å vere svært enkelt og utan særlege spor av ein norskheit. Men dei hadde eit stort bilde av Vuku-kyrkja i Verdalen, og det var litt rart å stå her på prærien og sjå eit bilete av kyrkja der dei fleste av farslekta mi har funne kvile, og der mor og far ein gong gifta seg. Damene kunne også fortelje at det nok sikkert kunne vere ein eller annan her ute som kunne litt norsk, særleg trekte dei fram ein meksikansk «hyrakar» som etter det dei sa var ein kløppar til å snakke norsk. Men så er det nok eingong slik at desse damene ikkje kunne snakke norsk, og om denne hyrakaren snakka norsk eller spansk, ja, det kunne dei nok ikkje vurdere. Uansett, han snakka i alle fall ikkje berre engelsk, det var dei samde om.
Eg spurde så etter den gamle kyrkjegarden, men dei var nok usikre på kor den låg. Det hindra dei derimot ikkje frå å kome med gode råd om kor eg burde leite. Snill som eg er, gjorde eg som damene sa, men det var ingenting å sjå i den leia som likna på det eg hadde sett på Google Maps. Eg snudde derfor og køyrde tilbake for å leite vidare, og inne i ein liten plass omkransa av nokre vindskeive tre fann eg endeleg denne gravplassen. Det var i høgste grad ein anonym gravplass, ut frå hjulspora på marka såg det mest ut til at ein her brukte å setje frå seg tunge traktorar. Men under nokre gamle tre, på ein liten lund med halvhøgt præriegras, fann eg nokre umerka trekors. Ingen hadde namn, men ut frå opplysningane til nettstaden findagrave.com, så skulle det kvile tretten her, og to av desse var altså «Baby Boy Hjelde», den eine fødd og død i 1892, den andre i 1894. Og med eit par unntak, var dei andre som ligg her også som småbarn da dei vart senka i jorda. Så sjølv om gravene ikkje var merkte, var det veldig rart å stå her og sanse litt på ulike «hardship» som utvandrarane møtte for over hundre år sidan.
Deretter køyrde eg ned til Stiklestad-kyrkja, som ligg berre nokre hundre meter unna. Heller ikkje dette var eit stort og brautande kyrkjebygg, og denne kyrkja er heller ikkje i bruk i dag. Men ut frå namna på gravsteinane kunne dette godt ha vore henta frå ein stad oppe i Verdalen.
Klokka gjekk mot eitt da eg returnerte, eg hadde ein ny avtale om intervju klokka tre. Og igjen tok prærieskonnerten meg gjennom eit uvanleg flatt landskap. På tur opp hadde eg passert Kensington, staden der «The Kensington rune stone» ein gong vart funnen – og der det no er ein «Rune stone park», men GPS-en ville ikkje den vegen, så da fekk det vere. Litt over to var eg tilbake i Starbuck, og med ein liten time igjen til neste intervju, hadde eg passe tid til å få meg litt mat. Igjen vart det solid præriemat, dvs. burgar, det var neppe heilt kalorifritt, men i det minste draup ikkje feittet av denne kjøttklumpen. Eigentleg trudde eg at også den neste avtalen var i Starbuck, men da eg sjekka lista mi, såg eg at det var i Glenwood. Eg sette adressen inn i GPS-en, men plassen der eg hamna (som var ein veldig stor vassdam utan hus) var opplagt ikkje rett plass. Så her får favorittdama til Larry tole litt kritikk. Men så har eg jo også GPS innebygd i bilen også, og denne visste tydelegvis betre. Så akkurat på tida kunne eg parkere framfor huset til to nye norskamerikanarar. Eg banka på, og eg forsto fort at dette neppe ville gi data som ville flytte forskingsfronten så veldig langt framover. Dette paret var pensjonerte lærarar, og dei hadde delvis lærd seg å snakke norsk på ulike kurs. Kona var definitivt i den kategorien, mannen kom eigentleg frå Milan, og han hadde vakse opp med norskspråklege foreldre, så han hadde høyrd mykje norsk, men mora ville helst at han skulle snakke engelsk, for ho var «skulmamma» og meinte at engelsk var viktigare enn norsk. I tillegg hadde dei invitert ein halling som dei møtte i kyrkja i dag tidleg. Og denne karen kunne heilt klart snakke norsk – problemet var at har berre delvis forsto meg. Interessant var det også å høyre at han lærde engelsk før norsk. Så i forskingssamanheng var nok det eg fekk ut av desse tre litt magert – det meste gjekk på engelsk. Men skitt au. Elles er eg ikkje i tvil om at det framleis er ein del i dette området som kan snakke norsk, utfordringa er vel helst å styre unna sesongen for harvest og hunting. Og i tillegg bør ein ha fleire kontaktar som kan hjelpe til med å få dei mest språkmektige «ut av skapet». Så kanskje neste gong ….
No i kveldinga sit eg på motellet og driv med kontorarbeid av ymse slag. Eg må også kopiere materialet mitt over på harddisken no i kveld. Og no har dei fleste «huntarane» sjekka ut og parkeringsplassen er nesten tom. Dei siste kveldane har det stått ein kvit pickup her med motoren i gang og ein kar ved rattet. Kva han eigentleg driv med i time etter time, kan eg jo berre spekulere i. Motellet er nesten nytt og romma er bra, så det er litt vanskeleg å forstå kvifor han finn meir trivsel i å sitje i bilen. Men han om det.
Og slik går nu dagan her på flatbygdene i vest…