Måndag 31. oktober og Tysdag 1. november 2022: Halden, Chicago, Beliot, Koshkonong, Glenwood

Så blir det altså feltarbeid i år også, og denne gongen blir det ein skikkeleg tur der både prærie og pampas skal dekkast i løpet av fem veker. Det er no fire år sidan sist eg var på prærien, og er litt spent på om det framleis er muleg å finne nye språkbrukarar ute på dei enorme viddene. Det vil vise seg. Turen starta i grei tid, klokka ni sette eg meg på toget i Halden, og eit par timar seinare møtte eg Alexander på perrongen til flytoget, og det er altså vi to som no skal prøve å utforske og dokumentere ulike finurlege språktrekk ute på dei amerikanske åkerviddene. Tidlegare har eg hatt litt blanda erfaring med Islandair når eg har kryssa Dammen, men denne gongen gjekk det heilt fint, flya gjekk etter ruteplanen, overgangen i Keflavik gjekk også utan plunder og heft, og på vegen vidare kunne vi etter seks kjedelege timar i lufta lande i Chicago. Eg har tidlegare opplevd passkontrollen i denne storbyen som litt trøblete, men denne gongen gjekk det veldig glatt, og eg meiner også å kunne sjå noko som med litt godvilje kunne like på eit smil hos ho som satt i skranken, men det er eg litt usikker på. Trygt igjennom alle kontrollane kunne vi fortsette reisa med eit ekte lokaltog frå flyterminalen og ut til parkeringsområdet. Her skulle vi hente ut ein leigebil, noko som i og for seg gjekk greitt, kanskje med unntak av at køen gjekk frykteleg seint, og dama som styrte med dette hadde lite peiling på kva ho dreiv med og heller ikkje var så veldig lett å forstå der ho mumla med stor tyggis bak munnbindet. Men ho kunne altså fortelje at når vi skulle nordover mot Wisconsin, så måtte vi følgje ein bomveg; men sidan leigebilen ikkje hadde brikke, og dei ikkje tok imot myntar her, så måtte vi dessverre belage oss på å få bot, eller rettare bøter. Og det ville nok bli mange bøter sidan vi skulle igjennom fleire stasjonar før vi kom til Wisconsin. Kort sagt, dette kunne bli ein svært kostbar tur. Men heldigvis var denne dama av dei mindre opplyste, for når vi kom til bilen og fekk snakka med folk der, kunne dei fortelje at joda, brikke var det i bilen, så dette ville på ingen måte bli eit problem. Så i lånt Mazda kunne vi setje kursen nordover til Beloit. Vi fann fram til motellet, som i og for seg var OK, og vi kunne avslutte dagen med litt påssåmat før vi gjekk til sengs.


I dag tidleg vakna eg i kjent stil nokså tidleg, klokka var berre fem, og det var uråd å aktivere Ole Lukkøye igjen, så rundt seks orka eg ikkje å liggje meir, så eg karra meg opp og arbeidde litt med ulike ting, ikkje minst det å prøve å finne fram til nye kontaktar for oss her på prærien. Det vart ein roleg morgon, rundt ni møtte eg Alex i frukostsalen, vi fekk etter kvart pakka bilen og var klare for å møte alt kva dette prærielandet har å by på. Første stopp var naturlegvis Koshkonong, for når ein først er i denne delen av landet, er ein som prærielingvist nesten forplikta til å sjå innom her. Koshkonong i den søraustre delen av Wisconsin blir rekna som eit av dei første vellykka norske settlementa, og her var det fleire tusen av norsk ætt som slo seg ned. Norskamerikanarane kalla gjerne denne plassen Kaskeland, og derifrå var vegen relativt kort for litt avundsjuke i andre bygdelag til eit litt med nedsetjande Kakseland. Folkehumoren vart tydelegvis med i amerikakofferten også.

Vi sette kursen mot kyrkja her, og det var to ting som særleg slo oss. For det første var kyrkjegarden veldig interessant, for her var det mangle gamle gravsteinar med norske namn og inskripsjonar. Men det mest slåande var at det her sto to norskamerikanske kyrkjer midt ute på prærien med berre eit steinkasts avstand. Og igjen er dette knytt til norskamerikanarane si godt utvikla evne til krangel og ufred. For rundt 150 år sidan så rauk dei uklare over spørsmålet om predestinasjon. Eg er absolutt ingen teolog, så eg skal ikkje gå i detaljar her, men det store spørsmålet gjekk på om frelse og fortaping var bestemt på førehand eller ikkje. Og slike spørsmål var altså så vanskelege at ein del av menigheita bestemte seg for å bryte ut og byggje si eiga kyrkje. Så er det no så rart at det er krig i verda, kan ein lure, når slike teologiske finurlegheiter kunne splitte naboar, vener og familiar?

Det var nokre damer som arbeidde her, og dei inviterte oss inn for å sjå oss rundt. Den eine var lokalhistorikar, og ho ga oss ein solid introduksjon av kyrkjelivet i både tidlege og nyare tider her på prærien.

Etter denne danningsreisa måtte vi bestemme oss for kva vi no skulle gjere, og i god Lykke og Fromme-stil meinte vi at Glenwood kanskje var eit område det kunne vere lurt å oppsøke. Eg hadde i «god tid» for avreisa til Amerika prøvd å opprette kontakt med tidegare kontaktar her, men e-posten kom etter ei tid i retur merka som ukjent mottakar. Men det kunne kanskje vere muleg å finne noko berre vi kom oss dit. Vi hadde også litt lause tankar om at vi på turen skulle stoppe innom La Crosse for å sjå på gitarbutikken hans Dave, og vi skulle også sjå innom Wanamingo og be om å få gjere opptak av kjenningar der. Så vi starta med å stille inn GPS-en til Westby, som jo burde liggje på vegen. Vi begynte å køyre vestover, gjennom Stoughton der Hamsun i april 1883 hadde foredrag om Bjørnstjerne Bjørnson – stort sett for tomme stolar. Vidare passerte vi Madison, og vi følgde motorvegen vestover. I Wisconsin Dells var det tid for ein matbit, og da sjekka eg e-posten: Formannen i Glenwood-losjen av Sons of Norway kunne melde at det skulle vere SoN-møte den same kvelden klokka 19, og at var veldig velkomne der om vi ville. Det sette eigentleg fart i oss, for klokka var rundt tre alt, og det var over fem timar å køyre. Men dersom vi stod på litt, så kunne vi kanskje rekke det før dei stengde, om da ikkje rushtrafikken rundt dei såkalla tvillingbyane skulle sinke oss. Etter ein uproblematisk biltur kunne vi litt over åtte rulle ned hovudgata i Glenwood. Problemet vårt var at vi ikkje hadde peiling på kor Sons of Norway hadde møte. Vi prøvde oss først i eit kvartal der eit kjapt google-søk kunne indikerte at dei kanskje brukte å samle seg, men der var det daudt. Så snakka vi med nokre tilfeldige på ein parkeringsplass, og dei trudde dei heldt til i samfunnshuset, men der var det heller ingen norske flagg å sjå. Til slutt ringde vi til formannen (noko som vi sjølvsagt burde ha gjort med ein gong), og da fekk vi høyre kor dei var – og at alle hadde gått. Men han skulle vente på oss. Og sølv om dette var bomtur, kunne han melde at vi skulle møte to norskspråklege dagen etter, på kaffi-hjørnet i «grosseriståret» klokka 10. Og dette var jo veldig godt nytt for Lykke og Fromme, og heller ikkje kvaliteten på motellet som vi hadde bestilt, der insekta kravla i taket, kunne ta frå oss kjensla av lykke og oppstemdheit. Så blir det altså opptak på prærien i år også, fire år etter sist eg gjorde det.

Og slik går nu dagan her i dette merkelege landet …..

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.