I dag vakna eg til «vanleg» tid, dvs. noko som kan minne om norsk tid, og det betyr jo at ein kjem seg opp av senga i rimeleg tid. Vi hadde ein enkel frukost (vaffel & kaffi) og sjekka ut før vi sette kursen mot hovudgata. Etter bittelitt slit med å finne fram til denne møtestaden, kunne vi nokre minutt over ti storme inn på grosseriståret og kaffikroken der. Her satt den lokale formannen i SoN saman med to andre karar, og det var altså desse to som skulle vere så språkmektige. Men denne språkmektigheita var nok dessverre litt oppskrytt, for etter å ha ramsa av seg eit par norske gloser måtte den eine gå, og den andre kunne samtidig melde at han aldri hadde lært norsk, derimot meinte han seg godt kompetent til å synge ulike «norske» songar om ulike utfordringar knytt til kunsten å ete lutefisk. I eit utslag av ekstrem optimisme hadde vi også drassa med oss eit lass med opptaksutstyr – men vi pakka det aldri ut. Bomtur, altså. Etter litt kaffi og småprat tok vi turen ned til county-museet, og om det heller ikkje der var så veldig mange språkdata å finne, så var det mykje anna der som bør interessere prærielingvistar som oss. For her var det fullt av gamle kart, bøker og protokollar av ymse slag som dokumenterer historia til Pope County. Og det fine er at mykje no også er digitalisert og er/skal bli tilgjengeleg gjennom nettet. Vi hadde to veldig trivelege timar nede på museet.
Motellet vi hadde i natt, var ikkje akkurat så mykje å skryte av, og etter kvart tikka det inn ei meldig om at vi hadde ein avtale om intervju klokka 4, men han lurte på kor vi skulle vere. Derfor har vi også oppgradert motellet litt slik at vi kan gjere intervjua på rommet, og det nye motellet mellom sentrum og vatnet var absolutt prima. Eg har rett nok vore her ein gong tidlegare, men eg hugsa likevel ikkje at det hadde slik standard. No må det også leggjast til at motella her no held norske prisar; medan ein tidlegare kunne sove reint og godt for rundt 800 kroner natta, må ein no gjerne opp i 1300. Dollarkursen har det meste av skulda for dette, i tillegg til amerikansk inflasjon. Så altså klokka fire dukka det opp ein kar som var svært ivrig etter å snakke norsk. Du store min som han snakka, og i løpet av dei nesten tre timane han var innom oss, ga han oss svært mykje data. Så bomturen no tidlegare i dag vart på alle måtar gløymt når det også finst folk som dette. Moro for oss, og eg trur også at det var moro for han.
Vi runda av kvelden med ein tur ned på restauranten nede ved «leiken» der det vart steikt walleye. Gode og mette kunne vi runde av dagen.
Og slik går nu dagan i Minnesota…