Søndag 18. oktober 2015: Westby, Rockton

Da er det søndag, og som vanleg her på prærien kom eg meg opp av senga i sju-tida. Frukosten her på motellet er svært så enkel, banan og litt kaffi. Men når ein i tillegg har «påsså» med brød og ost kjøpt på «ståret» i Veroqua (eller Værråki som dei gjerne seier her), så klarer ein seg lenge. Eg byrja dagen med å skrive litt, det er ein artikkel som skulle ha vore ferdig for eit par veker sidan som ligg og gneg, og litt før ni ringde Ron og spurde om eg hadde lyst til å vere med i kyrkja. Og det kunne jo vere interessant – ikkje minst fordi ein då kanskje kan kome over folk som kan snakke norsk.

Klokka 10 henta Ron og Sandra meg, og så bars det til Vaniljekyrkja, som ligg like ved Sjokoladekyrkja: Gudstenesta var sikkert som ho bruker å vere på desse kantar, men songrepertoaret var ukjend; som Mister Bean drog eg til av full hals så snart det dukka opp ein eller annan halleluja. Så mykje norskprat vart det nok ikkje, men eg møtte ei dame frå Bodø som hadde budd her eit par mannsaldrar, problemet var eigentleg at ho meinte trønderar er frykteleg vanskelege å forstå, så samtalen vart nokså kort. Akkurat no driv dei med å pusse opp kyrkja, og da gjeld det å samle inn pengar – og da er eg straks på heimebane: På jobb har vi av og til vinlotteri, og slike ting kan ein tydelegvis også drive med her, med velsigning frå både prest og menigheit. Det slo meg at dette må vere nokså nytt, da eg først kom hit for nesten tretti år sidan, var heile byen tørrlagt, det var ikkje muleg å få kjøpt seg ei aldri så lita flaske med lettøl, om ein da ikkje reiste rett utafor bygrensa, for to fot utafor denne grensa hadde dei bygd seg bar med alle rettigheiter. Men der burde helst ikkje rettelege folk setje foten sin …

Etter kyrkja lurte Ron og Sandra på om eg kanskje kunne ha lyst til å vere med dei til Rockton for å ete middag. Eigentleg hadde eg tenkt å skrive vidare, pluss kanskje også å sjå innom Erma i Sørbyen. Men på den andre sida, det var søndag og det er ei stund sidan eg har teke heilt fri, så eg takka ja. Og dermed sette vi kursen mot Kickapoo-landet nord for byen. Kickapooingane har rykte på seg for å vere rare, nesten som «hillbillisar», og landskapet her var ulikt det meste som eg har sett av Wisconsin med tronge dalar og kuppert landskap. Ron ville vise fram det meste, og det gjorde at vi utan GPS brukte uvanleg lang tid oppover, men vel framme i Rockton kom vi til den restauranten som dei tala så vakkert om. Her serverte dei grilla kjukling, og som vanleg er det solide porsjonar dei har å by på. Planen var eigentleg å ete ut, men vi innsåg raskt at sjølv om det var solskin, så var vinden for sur. Etter eit godt og kalloririkt måltid, så sette vi etter ein snartur innom skinnsjappa i dette – litt mislykka forsøket på å etablere ein småby – kursen heimover, og da var det veldig tydleg at det var søndag og at dette er amish-land. Det var fullt av hest og boggi på «råden», og det var også mange som var ute og gjekk i finstasen; ungane berrføtte, kvinfolka med svartserk og kyse og mennene med langt heilskjegg, hatt og svart ulldress. Dette er verkeleg ei underleg oppleving, som å gå eit par hundre år tilbake i tid.

Vel tilbake i Westby sette eg meg på motellet for å arbeide litt, men klokka seks hadde eg ein ny invitasjon til Iversons, for Greenbay Packers spelte fotballkamp, og da står tida stille her i Wisconsin. Deretter trakterte Sandra pizza før eg sette kursen tilbake til motellet for å avslutte dagen med litt småarbeid.

Og slik går nu søndagan….

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *