Måndag 31. oktober 2016: Westby

Så er vi altså tilbake på det som for meg er veldig gamle tomter – det norskamerikanske kjerneområdet i Westby. Og sjølv om verda tydelegvis endrer seg rask, er det godt å sjå at det er delar verda som ikkje endrar seg så veldig mykje – om i det heile. Og ein slik trygg plass er heldigvis Westby. Det vil seie, det er nokså små endringar å spore, og motellet er ein slik plass der verda faktisk har gått framover, rommet mitt var reint og i god «shape», og også frukosten var oppgradert til litt meir enn nokre slagna kornflakes i ei skål og ei mugge med litt pissly mjølk til å skvette over. No var det faktisk juice og vaffel, og mjølka hadde fått ny heidersplassen sin i kjøleskapet. Bra! Men ut over dette er nok det meste andre ved det gamle her, noko som også er veldig bra. Etter ei samlingsstund i lobbyen, sette vi kursen inn til Vanilje-kyrkja her i sørbyen der «forskingsfabrikken» skal setjast opp. Her var kontakten vår Eileen på plass, den nye generasjonen med prærielingvistar kasta seg med liv og lyst over opptaksutstyret og rigga til to «studio», og snart dukka det opp to trause norskamerikanarar, Elisabeth og Larry. Og som vanleg er det frykteleg triveleg å få møte Larry. Ungdommen tok seg av intervjua, og igjen er det vakkert å sjå at det er ein ny generasjon med feltarbeidarar som kan føre arven vidare – i den samanhengen er det samstundes litt trist å vite at det i framtida nok vil bli litt knapt med norskspråklege å drive feltarbeid på. Så vi får gle oss så lenge vi kan. I 12-tida reiste vi opp til Borgens for å ete lunsj, og tradisjonen tru vart det «kjøttkakur og lefsa». Så reiste dei andre tilbake til kyrkja for å fortsette arbeidet medan eg tok ein tur ned til Ron og Sandra. Igjen så var det eit veldig triveleg gjensyn, Ron arbeidde ut når eg kom, men har såg nok besøket mitt som ein god grunn til å avbryte dette arbeidet og ta meg med inn, og der var også Sandra. Ho hadde nettopp gjort klar korga med godsaker til seinare på denne Haloween-kvelden, og det var ikkje småtteri som skulle delast ut. «We except like 200 children», sa ho, og korga var stor nok til å mette minst det dobbelte. Dei henta også inn to nabopar, fleire av desse kunne snakke norsk, og det var veldig triveleg å sitte der og snakke: det meste gjekk på engelsk, men det vil vere synd å seie at norsk ikkje vart brukt heller. I firetida braut eg opp og køyrde opp til kyrkja igjen, og der var det framleis full fart med fleire norskamerikanarar under behandling. Ut mot kveldinga var vi ferdige og Kari og eg kunne ta ein liten runde i byen for å sjå på dette med trick and treats – for no var det verkeleg Halloween. Nede i gatene her slo det meg kor heldig eg var som hadde Kari ved sida av meg: Hadde eg vore einsleg mann som køyrde sakte rundt og glodde på småungar som gjekk rundt i festlege klede, så hadde det nok ikkje gått så veldig lang tid før eg hadde vorte stoppa av sheriffen. Etter å ha sett dette, kunne vi sette kursen tilbake til motellet igjen, og der venta det eigentleg to viktige ting: sikring / sortering av materialet pluss ein stengt restaurant. Alt dette burde eigentlege vere som venta – det er trass alt ikkje første gongen at Janne og eg er her, og da bør vi jo vite at Old Towne Inn er stengt på måndagar. Løysinga vart at vi reiste opp til nordbyen, til den gamle Eklov-stasjonen og kjøpte med ein Uffda-pizza og ein veggie. Og når prærielingvistar er svoltne og slitne, så er det få ting som kan skape så god stemning som ein skikkeleg uffda-pizza. Det heile vart toppa med ein liten vinskvett i glaset.

Og slik går no dagan i livet til ein prærielingvist

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

2 svar til Måndag 31. oktober 2016: Westby

  1. Timmy sier:

    Wonderful work! This is the kind of info that should be shared across
    the net. Shame on the search engines for no longer positioning this post upper!

    Come on over and visit my web site . Thanks =)

  2. Steffen sier:

    I really like your blog.. very nice colors & theme. Did you make this website
    yourself or did you hire someone to do it for
    you?Plz respond as I’m looking to create my own blog and would like to
    find outwhere u got this from. appreciate it

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *