Onsdag 1. november 2017: Westby, Orfordville

I dag kunne altså bli ein merkedag for meg som feltarbeidar – å få møte den siste Haugen-informanten er eigentleg noko eg trudde ikkje ville kome til å hende. Så det var med spenning at eg etter ein kjapp påsså-frukost sette meg i bilen og stilte inn GPSen med kurs austover. Tre timar i bil er jo tre timar i bil, men no skal det også seiast at amerikanarane verkeleg har lagt ting til rette for ein prærielingvist som meg, for kanal 18 på bilradioen er The Beatles Channel, og her underheld desse fire Liverpool-karane døgnet rundt. Sjølv for meg kan dette faktisk bli i litt for store dosar. Men etter mil etter mil med maisåkrar, kunne eg ein eller annan stad i «She loves you» kruse inn hovudgata i småbyen Orfordville, og før det siste «yeah, yeah, yeah» hadde tona ut, hadde eg passert byen med god margin. Dette er med andre ord ingen storby, altså. Eg kom ein liten time før avtalt tid, derfor returnerte eg til bensinstasjonen på den andre sida av byen for å få meg ein matbit og kanskje også kople meg opp på nettet og sjekke e-posten.

Passeleg god og mett kunne eg parkere framfor huset til denne norsk-amerikanaren, ta med meg veskene mine og banke på. Eg hadde kanskje ikkje venta hornmusikk og ordføraren på plass for å ønske meg velkommen, og det var heller ikkje det som venta meg. Derimot ein svært skeptisk norskamerikanar eskortert av ei dame og ein heller bisk kar. Og eg slapp heller ikkje inn utan vidare. Først måtte eg vise legitimasjon og gjere greie for kven eg var, deretter vart desse dokumenta grundig sjekka før «skrindøra» forsiktig gjekk opp og dei slapp meg innafor, men framleis osa det skepsis på lang veg. Og det var ikkje måte på kontrollspørsmåla som eg fekk: dersom immigrasjonsmyndigheitene er nøye og skeptiske, så var det ingenting mot dette, ja her kan myndigheitene med Trump i spissen verkeleg ha noko nytt å lære for korleis ein forsvarer grensene. Karen som eg ville snakke med, var godt vaksen, han var dårleg til beins og tok seg berrfot fram, godt støtta ein gåstol. Men det var også tydeleg at sjølv om han fysisk tok til å bli skrøpeleg, var denne karen svært så skarp enno, han hadde vore igjennom dette ein gong før og forsto fort kva eg var ute etter. Vi sessa oss ned, og vi starta seansen med at eg spelte av ein stubb frå opptaket med han 69 år tidlegare. Det oppretta full tillit på ein blunk. Så rigga eg opp utstyret og gjorde klart til opptak, men det vart ikkje lett å kome i gang med dette, for denne karen meinte at eit slikt møte var «breaking news» som måtte lokalavisa. Han ringde derfor i eitt for å få nokon til å kome, men da redaksjonen tydeleg vis hadde andre ting å bruke arbeidstida si på, kontakta han like godt «townbordet» for å få fortgang i det journalistiske arbeidet. At han også vart avvist der, hadde han vanskeleg for å akseptere. Uansett, etter kvart roa han seg, og eg kunne trykke på «record»-knappane – eg trudde eigentleg da at det verste hadde lagt seg.

Det tok ikkje lang tid før eg forsto at eg her sto framfor ei svært stor utfordring – han forsto meg ikkje. Han høyrde godt, det var ikkje det som var problemet. Mannen var døl, og etter år saman med dølane i Westby, trudde eg at eg kunne turnere slike folk, men ikkje denne karen, nei. Same kor mykje eg apa etter westbynorsk, kom eg ikkje igjennom. Hmmm, merkeleg. Vi vart da samde om at eg skulle stille spørsmåla på engelsk, så skulle han svare på norsk. Og dette fungerte på eit vis, men før han hadde vorte varm i trøya, ringde det på døra og ein journalist dukka opp. Han hadde dårleg tid, men han ville gjerne ta bilete no, så kunne han kome tilbake ein annan dag og intervjue Merlin. Og opphaldet vart nok lengre enn journalisten hadde tenkt seg, for hovudpersonen hadde mykje å fortelje. Svært mykje, faktisk.

Da bladfyka endeleg klarte å frigjere seg og kome seg vidare, trudde eg at det endeleg skulle bli litt arbeidsro igjen, men da måtte jo sjølvsagt Merlin kaste seg over telefonen og fortelje at no ville han endeleg kome i avisa – han hadde godt håp om at dette burde kome på førstesida. Etter kvart roa han seg, og vi kunne halde fram. Og det gjekk rimeleg greitt, sjølv om eg innsåg at eg var alt for dårleg førebudd på denne samtalen. Spørjeliste brukte eg ikkje sidan bakgrunnen hans er svært så godt dokumentert gjennom feltnotatane til Magne Oftedal som var her i same ærend for 69 år sidan, han hadde brukt tre dagar på intervjuet den gongen. Og eg angra litt på at eg ikkje hadde teke med meg Larry, han hadde sikkert klart å føre ein lett og ledig samtale med denne karen. Elles er det litt av kvart å merke seg av språkleg snask, mellom anna lokale variantar av ordet «å snakke»: I Coon Valley «lage» dei norsk, i Blair «spreke», medan denne karen «spiker». Og som alltid er spørjeorda ei utfordring. Eg prøvde alle variantane eg kunne, men det var få som kom heilt igjennom. Åkke som, i firetida pakka eg saman utstyret mitt og takka for meg, på ein måte var eg ekstremt fornøgd, eg hadde møtt det som må vere «the holy grail» for oss prærielingvistar, den siste gjenlevande informanten til Haugen, på den andre sida var eg berre passe fornøgd, for det burde vere muleg å dra litt meir språkleg stoff ut av denne karen enn det eg klarte no i ettermiddag. Men for å sitere folket på præien her: «slik går det».

Etter å ha takka for meg sette eg kursen tilbake til Westby igjen, og med Beatles i bakgrunnen køyrde eg igjennom Madison, såg så vidt gata der eg budde for 25 år sidan og kom meg trygt tilbake til rommet mitt her i Westby. Vel framme og på nett kunne eg også lese e-post frå kontakten min Kevin i Appleton, Minnesota: det passa dårleg med feltarbeid der no i helga fordi han skulle drive hjortejakt. Neste tysdag derimot. Og det var litt dumt – da må eg leggje nye planar, eg får sove på korleis eg no går vidare.

Og slik går nu dagan ….

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *