Ny dag og nye mulegheiter, som dei seier. Og igjen vakna eg i høveleg tid, rundt sju. Og så vanleg vart det påssåmat før eg i halv ni-tida sette kursen ned til Larry i Springdalen. I dag er det hans om igjen er turoperatøren min, og seansen skulle starte heime hos han med samtale rundt bordet. Garry hadde diska opp mat av ulik slag, og Larry hadde invitert fleire trauste «norskerer», mellom anna gode, gamle Archie, Charles og ein dei kalla Chuck. Eg var der i god tid for å rigge opp utstyr, og etter kvart kom den eine etter den andre oppom. Og det var triveleg å sjå desse trauste karane, alle er gamle fiskekompisar av Larry, og artige karar alle. Archie com først, og etter kvar dukka dei to andre opp også. Larry kokte kaffi, skar opp sjølvrøykt aure (som var veldig god) og «eintertaina», medan eg rigga opp opptaksutstyret. Og snart var desse karane sessa rundt bordet, og samtalen på norsk gjekk om ikkje laust og ledig (kanskje heller i rykk og napp), så var ikkje dette så heilt ille. Som sagt, dette var ivrige fiskarar, og fiskarar har jo gjerne eitt og anna å fortelje om som ikkje alltid har belegg i empirien. Eg prøvde å ha ein så låg profil som muleg, og det gjekk veldig bra, heit til kameraet sol seg av: det hadde ikkje straum. Eg må innrømme at eg vart litt sveitt, ikkje minst fordi heile kamerastativet hadde teke seg ein aldri så liten tur i golvet medan eg rigga opp utstyret. Eg flytta kablar, og dreiv på utan at det hjelpte det minste – kameraet fekk ikkje straum same kva eg gjorde. Derfor såg eg også for meg at eg måtte redde denne turen gjennom ein kjapp tur til næraste elektronikkbutikk for å kjøpe nytt ustyr, med dei konsekvensane dette ville ha for reisebudsjettet mitt. Heldigvis var problemet at Larry har knytt brytarar til kontaktane sine – ein elegant touch på ein av vippebrytarane på veggen gjenoppretta situasjonen og småpraten kunne halde fram. Etter to timar med slik småprat rundt matbordet måtte desse trauste karane bryte opp, og da måtte eg også pakke saman rasket mitt.
Deretter sette Larry og eg kursen inn til Westby der det skulle vere ein ny kar som kunne snakke norsk. Og det kunne han sikkert også (i veldig «past tense»), men det var utruleg vanskeleg å få han på glid. Eitt og anna ordet var det, men ikkje mange, og dessutan skulle han på legekontroll om ikkje så lenge. Eg innsåg at det kanskje ikkje var nokon vits i å rigge opp kamerautstyret her, ein lydopptakar fekk duge. Eg trur det var eit klokt val, for som sagt, det var lite av norsk språk å kunne riste ut av denne kroppen. Etter ein liten time her braut vi opp, og eg køyrde Larry heim igjen. Deretter sette eg kursen ned til Norskedalen, delvis for å skrive meg inn som medlem her, men ikkje minst for å få greie på dette prosjektet «Heritage language in Wisconsin» som dei marknadsfører på heimesida si. Etter at eg hadde ordna papirarbeidet og også sett meg litt rundt, fekk eg møte ho som hadde ansvar for «heritage»-delen av Norskedalen: det viser seg at dette er ein del av eit prosjekt ved universitetet i Madison, og slik sett ikkje initiert av Norskedalen (slik eg trudde). Uansett så ville det jo ha vore veldig bra om Norskedalen hadde gjort noko for å dokumentere språksituasjonen er i dalstroka, men det var no ein gong ikkje det som var målet her. Uansett så er det veldig bra at slikt arbeid blir gjort.
I dag er det Halloween, og det er jo ein kulturell institusjon som ein må prøve å involvere seg i. Sidan eg alt er utkledd som ein norske, så slapp eg billig unna kostymekjøp, eg kan berre vere meg sjølv. Litt utpå ettermiddagen stakk eg innom Iversons igjen, og dei tek verkeleg dette alvorleg. Ron var utkledd som riddar frå middelalderen, medan Sandra var rigga til som ei blanding av heks og stymor til Tornerose. Dei hadde kjøpt inn fleire kassar med snop, og dei venta over 200 ungar på døra. Og gatene i byen var full av ungar. Elles har det nok roa seg litt dette med halloween-feiringa, særleg når det gjeld å gjere ugagn. I går fekk vi servert fleire historier om kva som hadde vore gjort tidlegare. Nokre hadde klart å få ei ku opp på hustaket, andre hadde velta ein utedass medan det sat folk der. No er det visst svært lite av slikt. I to r har eg jakta på ein av Haugens informantar i Iola, det ville vere frykteleg moro om eg kunne ha intervjua han, men han var ein vanskeleg kar som heller ville spelle trekkspell enn å snakke med meg. I vinter døydde han dessverre. Og da eg fann eg opptaket av han, og det var heilt uforståeleg, så verdien av eit nytt opptak ville kanskje ikkje vere så stor som eg hadde håpa på. No i det siste har eg gått igjennom liste til Haugen på nytt, sett på dei som var fødde etter 1920 og kopla dette opp mot telefonkatalogen på nettet. Og da dukka det opp ein ny kar som kunne vere interessant, ein Hegge som bur i ein småby sør for Madison. Så da eg kom tilbake til hotellrommet tok eg mot til meg, forsikra meg om at det ikkje var lagt ut dødsannonse over han og ringe han. Eg fekk da ei kvinnestemme i øret; «du har nå kommet til et nummer som ikkje er i bruk», sa ho på norsk. Eg tenkte da at det kanskje hadde skjedd noko med mannen, han er trass alt rundt 90. Likevel sjekka eg at eg hadde ringt rett nummer, og det hadde eg jo ikkje. Eg prøvde på nytt, og da fekk eg svar av ein i starten litt skeptisk herremann. Eg fortalte kva eg dreiv med og kvifor eg kontakta han, og da vart han medgjerleg med ein gong. Eg spurte om det var han som hadde vorte intervjua av Haugen i 1948. «Nei, ikkje av Haugen, sa han, «men av Magne Oftedal». Det er ikkje dårleg å hugse namnet på feltarbeidaren 69 år etter at intervjuet vart gjort. Eg snakka ikkje norsk med han, så eg veit ikkje kor god han er til det, men eg håpar i det minste at det finst rudiment av norsk igjen. Så i morgon etter middagen skal eg vere hos han. Det ser eg fram til!
Og det var vel eigentleg det. Eg runda av dagen med å ete middag på restauranten her, og no les og småpuslar eg litt like før sengetid.