I går kveld sovna eg ikkje før rundt midnatt, og eg vakna først i sju-tida: dette tek til å likne litt på «vanleg» døgnrytme, og dette teiknar jo bra. Etter ein enkel frukost med «påssåmat» (brød, salami og ost handla inn i går) sette eg kursen ned til Larry i Springdalen, og han dreiv og «fona» etter folk da eg kom. Dessverre blei det ikkje noko av turen ned til ungfolket i Readstown i dag, dei var opptekne med andre ting, og i morgon er det Halloween, og da er ungane ute og går, så vi må finne eit anna tidspunkt for dette. Men eg ser på ein slik tur som veldig viktig, og eg får leggje opp løypa mi ut frå når det passar for dei. Derimot hadde han andre å by på, sjølv om han klaga på at dei flest var for «bljuge» til å snakka framfor eit kamera.
Etter ein kaffikopp sette vi kursen opp i Rudlandsdalen der vi skulle innom ei dame rundt 80 som tidlegare ikkje er intervjua. Ho budde like ved «krikken», og no i haust hadde denne bekken flomma over og gått heilt opp mot syllstokken på huset hennar, med dei byggtekniske konsekvensane dette kan ha. Dette var ei veldig triveleg dame, men ho var nok svært skeptisk til at det skulle bli gjort opptak. Vilkåret ho sette var at det ikkje måtte visast for andre i Amerika, og det må eg kunne halde. Dama var på ingen måte flytande i prærienorsken, det var lenge sidan sist ho hadde snakka norsk. Dessutan hadde ho «titsja skule» nesten førti år, så det var viktig for henne at alt skulle vere «rett». Men sjølv om ho hadde svært lett for å hoppe over til engelsk, så var forteljinga hennar interessant. Ho kunne fortelje at ho snakka mest norsk før ho som 5-åring begynte på skolen. Og der vart ho også straffa for norskbruken sin: ho måtte sitje inne i friminuttet for å ha snakka norsk, i tillegg til at ho måtte be om «ferlatels» til den einaste ikkje-norske i klassen for å ha sagt noko som ikkje ho hadde forstått. Og ei slik oppleving hadde tydelegvis sett varige spor i eit sart barnesinn. Det var moro å høyre på når ho og Larry prata, og eg kasta berre inn eitt og anna spørsmålet. Vi kunne sikkert ha halde på ei lang tid, men etter ein dryg time ringde telefonen, og ho måtte ut på eitt eller anna. Og da var det ikkje anna å gjere enn å pakke saman sakene og takke for seg.
Deretter køyrde vi heim til Larry for å få oss ein matbit, og Garry hadde diske opp med sandwiches og kaffi til oss. Og som vanleg hadde Larry ulike heimavla grønsaker å by på, mellom anna «kohlrabi», noko som smakte nesten som norsk kålrabi, men som såg heilt annleis ut. Men godt, ja det var det.
Etter eit godt måltid sette vi kursen ned til Coon Valley (konvalle, som dei seier her) der vi skulle helse på ein av vennane til Larry. Denne karen har hatt slag, og derfor slit han med språket, men det som kjem ut av han er i stor grad norsk. Favoritthistoria hans var ein episode etter slaget da legen skulle sjekke han, mellom anna gjennom at han skulle rekne frå ein ein til tjue. Han klarte da berre å rekne på norsk. «I don’t understand anything of what he says, he has a very long way to go», sa legen. Elles var denne Karen mest oppteken av ein baseball-kamp på TV, så opphaldet vårt vart derfor nokså kort.
Etter å ha småprata litt køyrde vi vidare opp vegen forbi Haugen-farmen (som står tom etter at begge Haugen-karane er borte) og til Gilman, ein gammal kjenning. Dette er verkeleg ein av dei trauste norskamerkanarane som trivst best når han får snakke norsk. Og sjølv om helsa til denne 80-åringen skrantar svært no, så var han ikkje dårlegare enn at han ville bli gjort opptak av. Så han og Larry prata i veg, medan kona og eg (i stor grad) sat og høyrde på. Og igjen kom historia om at dei som snakka norsk på skolen, vart straffa: «You are in America now», sa læraren og straffa ungane ved at dei måtte sitje igjen etter at skoledagen var slutt. Kona varta opp med kaffi og pai, og som vanleg fortente oppvartinga hennar ei stjerne eller to i den prærielingvistiske Michelin-guiden. Det vemodige i dette møtet var at denne karen i mange år hadde hatt planar om ein tur tilbake til Noreg, men no var det definitivt for seint, sidan han måtte innom sjukehuset kvar tredje dag for oppfølging. Det kan kanskje vere ei påminning om at ein aldri skal vente for lenge med å gjennomføre planar som ein har i livet ….
Etter desse to timane i godt selskap køyrde eg Larry heim igjen, og deretter sette eg kursen tilbake til motellet igjen. Og no i kveld har eg pusla med ulike småting her på rommet, eg har hatt meg litt mat (restauranten er stengt no på måndagar, så det vart brødmat på meg no), eg har lese litt og skrive e-postar, og eg skulle også kopiere opptaka mine. Men da vart eg «støkk», som dei seier her. Av ein eller annan grunn klarer ikkje PC-en min å lese SD-kortet frå kameraet, og for å toppe det heile la eg igjen alt av kamerakablar på kontoret. Dermed klarer eg ikkje å kopiere opptaka mine frå kameraet til datamaskina. Eg veit ikkje heilt korleis eg skal klare å løyse denne floka anna enn at eg må ned til La Crosse i morgon ettermiddag og kjøpe ny kabel. Eg innser verkeleg at eg ikkje var framsynt nok da eg ikkje teste alle sidene av det nye opptaksutstyret som eg har med meg. Men no er det for seint; neste gong derimot ….yeah … you bet … sure … uffda…
No er det kveld og svært stille her på motellet. I morgon klokka ni skal eg opp til Larry igjen. Som vanleg ser eg fram til å møte gamle og nye folk.
Og slik går nu dagan ….